Eksempelsamling

Treng du inspirasjon til arbeidet med freda og verneverdige hus? Riksantikvaren har laga ei digital eksempelsamling, som viser gode løysingar innan norsk bygningsvern.

Nettsida skal vise gode eksempel innan ulike tematikkar i bygningsvernet, som verktøy for forvaltinga og inspirasjon for folk flest. Her vil du finne gode eksempel frå heile landet på arbeid og løysingar. Her kan tilsette i forvaltinga og huseigarar finne mellom anna gode løysingar og moglegheiter for tilpassing og endring for verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Denne sida er under kontinuerleg arbeid og vil jamleg verte oppdatert med nye eksempel.