Næring

Frå mørkt loft til ljost kontor

Foto: Mad Sane

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om korleis krav om dagslys på arbeidsplassen og tilgjengelegheit er følgt opp i ein bygning med vern.

Festiviteten i Larvik har blitt sett i stand og fått ny bruk som mellom anna kontorlokale. For å sikre økonomien i prosjektet, var det viktig å få på plass kontorplassar på loftet. Her var det i utgangspunktet ikkje nok lys, men arkitektane fann ei løysing. I tillegg kom det på plass heis, inngangsparti som var tilgjengeleg utforma og toalett.

ADRESSE
Festiviteten, Storgata 33, Larvik, Vestfold fylke

VERNESTATUS
Ligg innafor NB!-område og er definert som antikvarisk verdifull bygning i kommuneplan

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Vestfold fylke

ANNA BISTAND
Arkitekt og interiørarkitekt

I utgangspunktet sett Arbeidsmiljølova krav til at gjestar og tilsette skal ha separate toalett. På Festiviteten ville det å byggje så mange toalett som det blei stilt krav om tatt for mykje plass. Derfor teikna arkitekten ut ei alternativ løysing. Foto: Kyrre Sundal

Historikk

Då den nye eigaren tok over Festiviteten i 2020, var eksteriøret til bygningen verna i kommuneplanen, men innsida hadde  ikkje noko formelt vern. Kommunen hadde allereie brukt fleire millionar kronar på å forsøke å setje han i stand, men hadde ikkje kome i mål. Bygningen vart selt for ei krone, mot at han blei sett i stand.

Bygningen blei sett i stand på beste vis, og festsalen i andre etasje blei ført tilbake til opphaveleg utsjånad. I andre deler av bygningen var det viktig å leggje til rette for utleige av kontorlokale og for å sikre ein berekraftig økonomi i prosjektet var det viktig med kontorlokale i fleire etasjar, inkludert loftet.

Før: Loftet før det vart gjort om til kontorlokale. Foto: Terje Svendsen

Etter: Loftslokala er no gjort om til kontorlokale.Vindauga er ikkje opphavelege, men likner på dei tidlegare sveitservindauga. Dei oppfyller krava til støy og energieffektivitet. Foto: Kyrre Sundal.

Utfordringar og løysingar

Loftet som skulle bruksendrast til arbeidsplassar var korkje innreda eller isolert. Den største utfordringa viste seg å vere krav til dagslys. Den vanlegaste måten å få meir lys inn i eit loftslokale er arker eller takvindauge. På Festiviteten hadde kommunen allereie brukt mykje pengar på å tilbakeføre taket til sitt opphavelege uttrykk, og det vart eit dilemma om ein skulle gjere inngrep i taket.

Samstundes var det heilt tydeleg at loftslokala måtte kunne brukast som kontor for at det skulle bli økonomisk lønnsamt. Dette var ein endring av fasaden som kravde dispensasjon frå vernebestemmingane i kommuneplanen.

I samråd med fylkeskommunen, kom byggherre og arkitekten fram til at det var rett å leggje til arker og takvindauge. Det har vore arker ut mot Storgata tidlegare, og difor vurderte fylkeskommunen at det var ei akseptabel løysing. Inn mot bakgarden fekk dei tillating til å lage fire takvindauge og ein ark. Taket på denne sida er ikkje særleg godt synleg frå offentleg rom, og vindauga er relativt små. Med tanke på den auka bruksverdien på loftet blei dette ei god løysing.

Tilrettelegging: Det er laga rampe inn til ein ny inngang, slik at lokala er tilgjengelege for mellom anna rullestol. Heis sikrar tilgang til alle etasjar. Foto: Kyrre Sundal / Mad Sane.

Loftet blei isolert og det blei satt inn nye vindauge. Nokon rom i bygningen har dei opphavelege vindauga framleis, til dømes Festsalen. I dei romma som skulle bli kontor blei det stilt krav til blant anna støy frå gata utanfor og til U-verdi. Det var heller ikkje dei opphavelege vindauga som satt i, men nyare kopiar. Dei bestemde seg difor for å bytte dei ut med nye vindauge som likner på dei tidlegare sveitservindauga, men som oppfyller krava til støy og energieffektivitet.

Etter arbeidsmiljølova blir det også stilt ein del krav til kor mange toalett som skulle vere tilgjengeleg for tilsette og for gjester. Festiviteten skulle bli både kontorlokale, kafé og fleirbruksareal. Arbeidsmiljølova stiller i utgangspunktet krav til at gjester og tilsette skal ha separate toalett. Eit viktig premiss i prosjektet var at Festiviteten skulle bli eit fleirbrukshus, og det ville ta altfor mykje plass å bygge så mange toalett som det blei stilt krav om.

Arkitekten teikna ei løysing kor tilsette og gjester kan dele toalett, og fekk dispensasjon frå kravet om kor mange toalett som eigentleg skulle på plass. Det er ofte ei god løysing å bruke arkitekt, både fordi dei kan sjå andre moglegheiter og løysingar, og samstundes kjenner dei lovverket godt.

Eit anna viktig grep var å løyse kravet i TEK17 om trinnfri tilkomst og heis til alle etasjar, inkludert til kontora på loftet. Den opphavelege inngangen frå Storgata ligg lågare enn golvet i første etasje, og planen til kommunen var i utgangspunktet å byggje ei rampe og heve golvet i foajeen.

Byggherre og arkitekten ønska å bevare så mykje som mogleg av det opphavelege inngangspartiet, og derfor landa dei på ein ny trinnfri tilkomst i bakgarden. Heisen blei lagt midt i bygningen, der kor mønet er høgast. På den måten slapp dei eit påbygg på taket for heisen. Til saman oppfyller dei to inngangspartia krava til trinnfri tilkomst, og heisen sikrar tilgang til alle etasjane.

Lærepunkt

Når ein eldre bygning med kulturminneverdiar skal få ny bruk som næring, er det ein del krav frå arbeidstilsynet som må oppfyllast. Det kan vere ein del utfordringar knytt til å få på plass alle funksjonar i eit eksisterande bygg samanlikna med i eit nybygg. Derfor er det viktig å ha god og tidleg dialog med alle myndigheiter som er involvert, og kartleggje kor det er rom for andre løysingar og kva som er absolutte krav.

Nokon krav er må-krav som ikkje kan fråvikast, medan det kan vere større rom for å finne alternativ til andre krav. Ofte finst det fleire løysingar på eit problem, og ein arkitekt kan som regel hjelpe til med å finne gode alternativ.

Lignende eksempler