Næring

Mat- og opplevingsnæring på gamal gard

Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om korleis lovkrav knytt til matsikkerheit, arbeidsmiljø og brannsikkeheit kan planleggast for ved eit anlegg med fleire typar vern.

Røkenes Gård og Gjestehus har utvikla eit variert og attraktivt tilbod innan mat- og opplevevingsbransjen basert på garden si historie og lokale ressursar.

ADRESSE
Røkenes Gård og Gjestehus, Stornesveien 127, Harstad kommune i Troms fylke.

VERNESTATUS
Hovudbygning freda etter kml § 15, automatisk freda gardshaug kml § 4, låven har vern etter plan- og bygningslova

INVOLVERTE MYNDIGHEITER 
Nordland fylkeskommune, Harstad kommune, Mattilsynet, Arbeidstilsynet

Røkenes gard. Ein gard med ein lang historie. Foto: Trond A. Isaksen

Stovene i den freda hovudbygningen er i bruk ved mindre arrangement.  Dette gjer det også mogleg å ivaretaka omsynet til brannsikkerheita, utan å gjere større inngrep i det freda interiøret. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Røkenes gard er eit anlegg med lang historie. Garden er nemnt i oppteikninga over kyrkjeleg gods i 1350, men har truleg røter minst attende til vikingtida. Bustadhuset er eit tradisjonelt nordlandshus i to etasjar, og er freda etter kulturminnelova. Huset ligg på ein gardshaug som viser at busetjinga går attende til førhistorisk tid og som difor er automatisk freda etter kulturminnelova. I tillegg er også garden regulert til bevaring etter plan- og bygningslova. Dette betyr at eigarane må forhalda seg til to vernemyndigheiter, både fylkeskommunen og kommunen.

Garden har vore i familien si eige i lang tid, og fram til 1980-talet dreiv foreldra til noverande eigar, Kristian Fredrik Kulseng, garden på tradisjonelt vis, med mjølkekyr og forproduksjon. På 80-talet la dei om drifta, og gjekk frå mjølkeproduksjon til restaurantdrift. Omlegginga av drift gjorde det mogleg for familien Kulseng å realisere ønsket om å sette i stand gardsanlegget. Istandsettinga gjorde det mogleg å vidareføre og formidla den rike historia til garden.

Sidan 1980-talet har familiebedrifta utvikla seg til ei heilårs verksemd med restaurant, kafe, overnatting, galleri og husflid. Verksemda satsar på bruk av lokale ressursar og vidareføring av lokale mattradisjonar.

I nordlandsstova er det etablert anretningskjøkken. Her blir siste hand lagt på verket før servering, medan maten blir produsert på det moderne kjøkkenet i det ombygde fjøset. Hovudbygningen, og særleg kjøkkenet er dekorert av kunstnaren Karl Erik Harr, som vaks opp i Harstad. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

Dei ulike typane vern som er knytt til garden betyr at det føreligg nokre avgrensingar på korleis bygningane og uteområdet kan brukast. Vernet betyr også at mange tiltak må søkast om, både inne og ute og i sjølve grunnen. Verksemda har mykje dialog med fylkeskommunen og opplever å få rådgjeving knytt til gjennomføring av ulike prosjekt, tilskot og istandsetting. Samstundes kan søknadsprosessar vere tidkrevjande, og ofte må tiltaka planleggast for i god tid.

Det gamle bustadhuset er vedtaksfreda etter kulturminnelova, både inne og ute. Sjølv om det var her restaurantdrifta starta i si tid, blir bygningen berre bruka til arrangement med ei avgrensa mengd deltakarar i dag. Dette har fleire årsaker. For eksempel er ikkje bygningen godt egna til å etablera eit kjøkken for matproduksjon som følger krava i matlovgjevinga. Dette har ein løyst ved at mat til arrangement blir laga i det moderne kjøkkenet i den gamle fjøsbygningen, medan hovudbygningen har eit anrettingskjøkken som kan brukast til å legge opp maten før servering.

Fjøset på garden er innvendig bygd om og modernisert. Fordi fjøsbygninga ikkje har innvendig vern kunne ein bygge eit nytt kjøkken som var i tråd med krava i matlovgjevinga. Her blir det produsert rettar basert på lokale råvarer. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Fredinga har også hatt noko å seia for kva for tiltak som er gjennomførte for å sikre omsynet til brannsikkerheit. Eigar seier at gjennom god dialog med brannvesenet har dei fått etablert system for varsling og rutinar for evakuering som sikrar at krav knytt til brannsikkerheita er følgt opp. Fordi det er teke utgangspunkt i at bygningen er freda, har ein også funne godkjente løysingar for brannsikkerheit som tek vare på fredingsverdiane.

Fjøset, som er frå slutten av 1800-talet, er ikkje freda, men har utvendig vern etter plan- og bygningslova. Det har gjort det enklare å imøtekomma krav knytt til arbeidsmiljølovgjeving og matsikkerheit her. Innvendig er fjøset bygd om og modernisert, og utgjer i dag basen for verksemda. Her ligg hovudkjøkken, restaurant, garderobe, pauserom og andre rom som sikrar kravet til ein forsvarleg arbeidsplass.

Lærepunkt

Kristian Fredrik Kulseng fortel at i løpet av dei 40 åra familiebedrifta har halde det gåande har dei sett korleis eksterne føresetnader har endra seg over tid, og dette igjen har gjort at tilboda ved Røkenes gard også har utvikla seg. For eksempel har det lokale vegnettet si utvikling medført eit større trafikkgrunnlag, og kva gjestane er interesserte i av aktivitetar og mat har endra seg. Når ein skundar seg langsamt får ein moglegheit til å analysere marknaden og moglegheitsrommet ein har. Dette har vore viktig for produktutviklinga på Røkenes gard.

Andre erfaringar dei har gjort seg på Røkenes er:

> Bruk tid på å planlegge tiltaket ditt, og del det gjerne opp i fasar. Ta eit steg om gongen. Dette gjer det enklare å sjå kva som har god effekt, og kan gjere tiltaket enklare å få gjennomført både med omsyn til kostnadar og med tanke på tidsbruk.

> Næringsetablering på eit anlegg med fleire typar vern inneber at mange myndigheiter blir involverte, og mange parallelle prosessar. Dette kan vere tidkrevjande og er også ein grunn til å gjennomføre ein ting om gongen.

> Bruk nettverk og tilskotsordningar. Innovasjon Norge kan for eksempel gje tilskot til utvikling av nye produkt.

> Vern og høg alder kan i enkelte tilfelle gje grunnlag for unntak frå lovgjeving etter for eksempel plan og bygningslova. Planlegg likevel for å imøtekome hovudkrava frå ulike myndigheiter, så kan det gjennom god dialog og løysingsorientert tilnærming vere mogleg å finne gode og pragmatiske løysingar.

Lignende eksempler