Næring

Frå Tollbod til kurs- og konferanselokalar

Bildet viser Tollboden fra luften med det omkringliggende miljøet og bygninger. Tollboden er to større hvite trebygninger som ligger vendt mot sjøen, og ett mindre eldre trebygning malt i en lys brun farge, med et område med utemøbler foran.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om installasjon av tekniske installasjonar som ventilasjon, oppvarming og avløpsløysingar for å legge til rette for ny bruk av ein verna bygning.

Tollboden, som står på øya Innlandet i Kristiansund er gjort om til kurs- og konferanselokale for eigaren, Sparebank1 Nordmøre. Som mange andre bygg på Innlandet stod Tollboden til nedfalls på slutten av 90-talet. Frode Alnæs tok saman med Ole Gunnar Solskjær og andre lokale entusiastar som ønskte å bidra til ny aktivitet på Innlandet eit initiativ for å få liv i dei gamle bygningane.

ADRESSE
Tollboden. Skippergata 1, Kristiansund kommune, Møre og Romsdal

VERNESTATUS
Regulert til spesialområde bevaring frå 1986; Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Møre og Romsdal fylkeskommune og Kulturminnefondet. Til dels Kristiansund kommune, Mattilsynet og Arbeidstilsynet.

ANNA BISTAND
Byggtekniske konsulentar og lokale arkitektar

Truleg Kristiansunds eldste bygning. Foto: Trond Isaksen

Historikk

Tollboden er truleg Kristiansunds eldste bygning, oppførd i 1660-åra. Nabobygget Dødeladen blei oppførd som naust for Tollboden mellom 1730 og 1760 ein gong. I Kristiansund vart kring 800 bygningar øydelagde i løpet av andre verdskrigen. Innlandet blei spara, så det er der ein finn dei eldste bygningsmiljøa i Kristiansund. Området er regulert til spesialområde bevaring og er omfatta av Riksantikvarens oversikt Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

I dag er bygningen kurs- og konferansesenter. Banken leiger i første rekkje ut til forretningsforbindelsar, og til aktørar knytt til musikkarrangementet Tahitifestivalen.  Lokala blir også leigd ut til private arrangement, men i avgrensa omfang. Grunngjevinga for det er at eigaren ønsker minst mogleg slitasje på bygget.

Eitt av romma som er tilpassa bygningas historiske uttrykk samstundes som det har ein moderne standard. Foto: Trond A. Isaksen

Utfordringar og løysingar

For at Tollboden skulle kunne brukast som kurs- og konferansesenter måtte det gjerast ein del tilpassingar innvendig, både for å gjere lokala føremålstenlege, og for å svare ut ulike krav knytt  til arbeidsmiljø og matproduksjon.

Eigaren er ikkje sjølv arbeidsgjevar, men leiger ut mellom anna møtelokale til andre arbeidsgjevarar. For å ivaretaka krav til arbeidsmiljø, som utleigar er pliktig til, er det difor etablert  tilsettetoalett og garderobar i bygningen og eit anretningskjøkken.  Det er også installert ventilasjonsanlegg og sett inn varmepumpe.

Bildet viser et større rom kledd i trepanel med malt tregulv. Veggene er malt i en lakserosa farge, og i midten av bildet ser man at det er felt inn et vindu som viser de originale veggene i brunt tømmer, bak den rosa trekledningen.

Kulturminnet brukar sitt særpreg som ressurs. Foto: Trond Isaksen

Eigaren har vore opptatt av å bruke kulturminnet sitt særpreg som ressurs, og difor nytta seg av kompetanse og bistand frå fylkeskommunen og Kulturminnefondet. Eigar har i all hovudsak sjølv stått for alle søknadar og teikningar, men har også hatt bistand frå lokale arkitektar. For nokre av dei tekniske løysingane har dei nytta byggteknisk rådgjeving.

Både plan- og bygningsloven og arbeidsmiljøloven stiller krav til ventilasjon. For å tilfredsstille krav til ventilasjon vart det installert eit ventilasjonsanlegg i bygningen. Hovudanlegget er plassert på loftet, med spesiallaga røyr ned til første og andre etasje. Røyra er i stor grad skjult i golv og veggar. Det var ikkje mogleg å føra røyra heilt ned til underetasjen utan for store inngrep i bygningen. I staden vart det installert eit einebustadanlegg i krypkjellaren som ventilerer toaletta og forteljarrommet.

Tollboden er oppvarma med elektrisitet, men i forteljarrommet i kjellaren er det sett inn ei varmepumpe. Golvet i forteljarrommet ligg rett over sjøen, og ved stormflo ligg vatnet få centimeter under golvet. For å halde rommet tørt trengs det «ein god lunk». Dette er løyst ved installasjon av varmepumpe.

Bildet viser et kjøkken med stålfronter og overflater, med en gammeldags trevegg i mellomblå farge.

Tollboden har ikkje kjøkken for matproduksjon, men anretningskjøkken. Dette har ikkje eige avløpssystem, men er kopla på avløpssystemet til nabobygninga Dødeladen. For å filtrere vatnet som går inn i dette systemet har Tollboden etablert ein slamavskillar i krypkjellaren. Foto: Trond A. Isaksen

Hovudanlegget for ventilasjonssystemet er plassert på loftet. Foto: Trond A. Isaksen

Lærepunkt

For å få til dei gode løysingane må ein være kreativ, og ein bør heller ikkje vere utolmodig når ein går i gang med eit prosjekt som dette. Ein må tenkje langsiktig, og har ein finansielle støttespelarar bør dei ha same langsiktige perspektiv. Ein treng eldsjeler som tør i ta i eit tak, og ein treng gode byggtekniske rådgjevarar.

Støttande myndigheiter og andre aktørar er også viktig. For eigarane av Tollboden var det dialog og rådgjeving frå Kulturminnefondet som sette fart i prosjektet, gjennom at dette la grunnlag for dialog med fylket. Eigarane har også hatt sterk støtte i kommunen for prosjektet, og det blei etter kvart eit godt samarbeid mellom fylke, kommune, Kulturminnefondet og eigarar.

Lignende eksempler