Næring

Samfunnsnyttig verksemd i Hommedal prestegard

Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om tydinga av dialog med myndigheiter og andre, både i planlegging av tiltak og i sjølve søknadsprosessen. Det handlar også om bruk av fagkyndig bistand i planlegging av ventilasjon på arbeidsplassen.

Gjennom god og tidleg dialog med relevante myndigheiter, eigar og arkitekt har stiftinga Hommedal Skolegård teke i bruk ein historisk prestegard til eit samfunnsnyttig føremål.

ADRESSE
Hommedal Skolegård, Reddalsveien 270, Grimstad, Agder fylke

VERNESTATUS
Vurdert som verneverdig av Riksantikvaren. Verna som ein av dei kulturhistoriske eigendommane til Opplysningsvesenets fond.

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Arbeidstilsynet, Grimstad kommune, Agder fylkeskommune, Statens Vegvesen, Statsforvaltaren

ANNA BISTAND
Arkitekt, byggeteknisk konsulentverksemd

På Hommedal Skolegård er både bygningsmassen og uteområdet ein del av undervisingsarenaen. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren.

Historikk

Garden har vore nytta som prestegard så langt attende som det finns skriftlege kjelder, og er eigd av Opplysningsvesenets Fond (OVF). Dagens hovudbygning er frå 1825. Bygningen var opphavleg vurdert for freding i 1993 og er i dag ein av OVF sine kulturhistoriske eigendomar der det er ønskjeleg at verksemda skal vere samfunnsnyttig. OVF eig kring 300 prestegardar, og er opptatt av at prestegardshistoria blir formidla gjennom bruk.

I dag blir Hommedal prestegard bruka av stiftinga Hommedal Skolegård  som er eit utvida tilbod til alle elevar i grunnskulen i Grimstad. Føremålet til stiftinga er å førebygge fråfall i Grimstadskulen. Hausten 2020 vart prestegarden opna som skule, med pedagogisk og økonomisk støtte frå Grimstad kommune. Hommedal Skolegård baserer seg på erfaringane til Abildsø Gård, som har lang erfaring som alternativ opplæringsarena for Osloskulane.

Utfordringar og løysingar

Bernt Eide er dagleg leiar og vertskap på Hommedal Skolegård saman med kona Siri. Bern fortel at eit av dei viktigaste grepa dei gjorde da dei sette i gang arbeidet med å etablere tilbodet, var å taka tidleg kontakt med myndigheitene for å avklare rammer og krav for tiltaket dei skulle i gong med. Dette gjorde dei gjennom å nytta seg av førehandskonferanse med kommunen. I denne opplyste Grimstad kommune mellom anna om kva for løve og uttaler kommunen kom til å hente inn, og kva for løyve tiltakshavar sjølv måtte hente inn.

Tiltaket medførte bruksendring, frå bustad til skule. Dette betydde mellom anna at fylkeskommunen, Statsforvaltaren og Statens vegvesen skulle uttale seg. Kommunen henta inn uttale frå statsforvaltaren og fylkeskommunen, medan stiftinga henta inn uttale frå Statens vegvesen. Uttaler frå dei ulike myndigheitene låg til grunn for kommunen si sakshandsaming.

Bernt Eide hadde også tidleg dialog med eigar av prestegarden, OVF. Ved å avklare kva for handlingsrom stiftinga hadde i bygningen og å legge til rette for jamn dialog med eigar gjennom prosessen, fekk stiftinga eit godt grunnlag for å kunne gjennomføre ein effektiv dialog med myndigheitene knytt til tiltak på prestegarden.

Krava til ventilasjon på arbeidsplassen blir sikra gjennom at lufting skjer på gamlemåten. I tillegg medfører undervisninga ofte bytte av rom. Uteområdet er også del av undervisingsarenaen på Hommedal. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Som arbeidsplass for fleire pedagogar har stiftinga eit arbeidsgjevaransvar. Stiftinga hadde tidleg dialog med Arbeidstilsynet for å avklare kva for krav som måtte oppfyllast for å sikre lovlege arbeidstilhøve. Dei fleste krava, som toalett, pauserom og garderobe var lette å løyse i eksisterande rom. Bernt fortel at det mest omfattande kravet var knytt til ventilasjon.

Når ein bygning blir nytta som arbeidsplass, medfører dette krav til luftkvalitet. Etablering av eit moderne ventilasjonssystem ville både vere kostnadskrevande og medføre innvendige endringar som ikkje var ønskjelege. Det var ikkje mogleg å etablere ventilasjonsanlegg inne som kunne svare på krava til ventilasjon på arbeidsplassen som ligg i arbeidsmiljølovgjevinga, samstundes som dei arkitektoniske verdiane vart ivaretekne.

Løysinga på ventilasjonskrava vart funne i samarbeid med fagkyndig konsulenthjelp. Eit arkitektfirma med kunnskap på feltet gjennomførte målingar av luftkvalitet over tid, og basert på dette kunne dei foreslå alternative løysingar for å svare på krava i arbeidsmiljølovgjevinga. Med bakgrunn i målingane godtok Arbeidstilsynet mekanisk lufting som løysing, altså å opne vindauge ved behov.

Rømningsvegar: Gjennom å etablera to utvendige branntrapper på gavlveggane vart krava til rømmingsvegar oppfylte. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Lærepunkt

Tidleg dialog med dei ulike myndigheitene og med eigar om tiltaket ein ønskjer å gjennomføre gjer det lettare å få nyttig informasjon og tips om kvar ein kan hente inn hjelp. God forankring av tiltaket og ei løysingsorientert tilnærming betydde i stiftinga sitt høve ei oppleving av at mellom anna kommunen var opptekne av at tiltaket var noko ein ønska å finne ei løysing på, fordi «dette her er noko vi står saman om».

Dagleg leiar seier at tidleg bruk av konsulentar og anna fagkyndig hjelp gav gode løysingar på utfordringane. Konsulentbistand er ei utgift, men i dette tilfellet opplevde stiftinga at å kjøpe denne tenesta gav gode og spesialtilpassa løysingar som svarte betre på behovet enn «hyllevareløysingar», som ville vere både dyrare og dårlegare.

Lignende eksempler