Næring

Tidlegare kafe er igjen open på Tolga

Foto: Hanna Thevik, Kulturminnefondet

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om etablering av kafé og annan aktivitet i ein bygning som har stått utan bruk i ein periode.

I 2020 kjøpte noverande eigar, Olsen Kafé AS, Olsenhuset på Tolga. Huset hadde då stått tomt i lengre tid, og trong istandsetting både inn- og utvendig. Sidan 2021 har det vore kafé i bygningen i tillegg til at han blir nytta til andre aktivitetar. Eigar har også planar om å sette i stand for utleige i andre etasje av huset.

ADRESSE
Olsen Kafé Tolga, Stea 4, Tolga kommune, Innlandet

VERNESTATUS
Kommunal kulturminneplan

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Kommunen, Mattilsynet, fylkeskommunen med fleire

ANNA BISTAND
Kulturminnefondet, Bygningsvernsenteret på Røros

Olsen kafé har mellom anna fått nytt tak med støtte frå Kulturminnefondet. Fylkeskommunen har også støtta initiativet med middel til istandsetting av vindauge. Foto: Olsen kafé AS

Historikk

Olsenhuset er ein toetasjes bygning i tre med skifertak i Brugata på Tolga. Bygningen vart bygd i 1920, med eit tilbygg frå 1930-talet. Bygningen har vore nytta til fleire føremål opp gjennom tida, mellom anna har det vore bakeri, daglegvare og kafé her.

Bak Olsen Kafé AS står sju eldsjeler med ulik bakgrunn, interesse og alder, som alle engasjerer seg for utvikling og aktivitet i heimstaden Tolga. Bakgrunnen for deira initiativ var eit lokalt ønskje om å få meir liv i Brugata, kor ein såg på dei «mørke husa», dei tomme bygningane i sentrum og moglegheit for å få aktivitet i desse. Då Olsenhuset vart lagt ut for sal nytta noverande eigar sjansen til å kjøpe, for å realisere ønska sine om å få etablert ulike tilbod lokalt.

I bygningen frå 1920 er det laurdagsopen kafe året rundt, men bygningen blir også bruka til andre aktivitetar, mellom anna som fotballpub. Foto: Hanna Thevik, Kulturminnefondet

Kafeen er laurdagsopen, året rundt. Foto: Hanna Thevik, Kulturminnefondet

Utfordringar og løysingar

Tidlegare vart det smelta kopar for Røros Kobberverk i Tolga. Tolga ligg innanfor Circumferencen til Røros og er slik ein del av verdsarven. Lokalt er ein bevisst på og opptekne av tydinga av å ha med seg historia i det ein gjer. Da Olsen Kafé AS kjøpte huset var det med ønske om å taka vare på historia til bygningen samstundes som ein skulle utvikle eit tilbod.

For å få ei oversikt over tilstanden til bygningen nytta eigarane seg av råd, både frå Bygningsvernsenteret på Røros og frå Kulturminnefondet, for å sjå kva for rekkefølge ting burde gjerast i. Det var tydeleg at det var behov for fleire istandsettingstiltak, både inn- og utvendig, og ganske tidleg i prosessen vart eigarane stilt framfor eit vanskeleg val, knytt til tilstanden på den tilbygde bakeridelen frå 30-talet.

Det var ingen tvil om at bakeridelen frå 30-talet var ein viktig del av historia til bygningen og i Tolga. Mange hugsar å ha vore innom bakaren i barndomen, på veg heim frå skulen for å kjøpe seg ein godbit. Tilbygget var diverre i ei slik forfatning at ein eigentleg måtte bygge det opp att frå grunnen om ein skulle redde det. Det var ei tung avgjerd å kome fram til at ein måtte rive denne delen, men det var eit val ein måtte ta for å kunne sette i stand resten av bygningen.

Frå kafeen har du utsikt til Brugata gjennom vindauga i den tidlegare butikken. Foto: Hanna Thevik, Kulturminnefondet

Riving av tilbygg er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og kommunen gav ikkje løyve til tiltaket med ein gong, sidan bygningen er omfatta av kulturminneplanen for Tolga. Eigarane opplever dette likevel som i det store og heile positivt, fordi det bidrog til at ein kunne gjere nøye vurderingar rundt dei tiltaka ein planlegg.

Olsen Kafé AS har søkt både Kulturminnefondet og Innlandet fylkeskommune om tilskot til å sette i stand bygningen. I 2022 fekk dei tilskot frå Kulturminnefondet til å sette i gang arbeid på taket, og frå fylkeskommunen har dei fått tilskot frå for å sette i stand vindauga. Ein annan viktig ressurs i arbeidet med å sette i stand Olsenhuset, har vore den store dugnadsinnsatsen, med utgangspunkt i eit felles ønske om å skape noko nytt og positivt i bygda.

Frå sommaren 2021 har det vore laurdagsopen kafe, fotballpub og andre aktivitetar i bygningen, eit tilbod som er svært populært lokalt. På sikt planlegg eigarane å sette i stand andre etasje i bygningen til utleige av typen Bed and Breakfast eller Airbnb. Dette er eit tilbod det er behov for i Tolga, mellom anna er staden eit populært reisemål for fiskeentusiastar sommarstid.  Ein utleigedel vil dessutan bidra til at eigarane kan finansiere nye tiltak på bygningen.

Olsen kafe har hatt god dialog med Mattilsynet for å etablere kjøkken som følger dagens standard. Foto: Hanna Thevik, Kulturminnefondet

Læringspunkt

Olsen Kafé AS har fleire råd til folk som ønskjer å etablere næring i eit kulturminne.

Det er viktig å ha ei framoverlent haldning, og sjå moglegheitene som finst i bygningen og kva for behov ein kan dekke i lokalsamfunnet. Det er også viktig å hugse at ting tek tid, særleg når mange ulike myndigheiter og instansar skal inn i ei sak. Dette kan vere ein fordel. Det kan vere lurt å også taka seg tid til å tenkje nøye gjennom og reflektere over ulike alternativ når ein planlegg eit tiltak som dette.

Eigar fortel at det å ha gått saman fleire om prosjektet har vore ein fordel da ein søkte om løyve frå ulike myndigheiter til tiltak, men også elles i prosessen. Når ein er fleire saman om eit prosjekt har ein samla mykje kunnskap og erfaringar som er nyttige i ein prosess der ein skal etablere næring i eit eldre bygg, og ein kan fordele oppgåvene seg imellom.

Lignende eksempler