Om prosjektet
Dette eksempelet handlar om etablering av næring i ei freda bygning, og tiltakshavar sin dialog med eigar, fylkeskommune og kommune i samband med søknad om å få lagt inn vatn i kiosken. Løkkekiosken blei bygd i 1911, og selde tobakk, avisar, godteri og frukt fram til drifta blei lagt ned på 2010-talet. I dag er Løkkekiosken igjen i bruk, no som bar der både lokalbefolkninga og turistar kan nyte god drikke, lokale pølser og lokalhistorie servert ut gjennom kioskluka på Raketten Bar & Pølser. Den vesle kiosken har til og med fått sin eigen musikkfestival – Rakettnatt!
ADRESSE
Løkkekiosken – Raketten AS. Storgata 94B i Tromsø.
VERNESTATUS
Kiosken blei freda i 2009 saman med eit lite område av grunnen rundt , jf. §§ 15 og 19 i Kulturminnelova.
INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Kommunen og fylkeskommunen
Historikk
Løkkekiosken er eit viktig kulturhistorisk eksempel på ein aviskiosk frå tidleg på 1900-talet og er freda etter kulturminnelova. Grunnen han står på og det freda området kring er eigd av kommunen. Den laukforma kuppelen har gitt han tilnamnet Raketten.
Ei eldsjel fann i 2014 ei ny nisje for næringsdrift i kiosken med ei grunnflate på kring to kvadratmeter, bar med sal av lokale pølser. Det blei søkt til kommunen om skjenkeløyve, og i samband med Sjakk-OL i Tromsø i 2015 var dette på plass. Sidan har det vore bar i Løkkekiosken, som i dag driftas av Siri Therese Lie.
Utfordringar og løysingar
Kiosken hadde ikkje innlagt vatn. Det vart tidlegare frakta vatn til og frå eit næringslokale i nærleiken, noko som er tungvint. Difor var det behov for å få lagt inn vatn i bygningen. Sidan bygninga er freda måtte tiltakshavar søka om dispensasjon frå fredinga for å få løyve til dette. Leigetakar som driv baren fekk fullmakt frå eigaren til å søke om slik dispensasjon. Då kommunen skulle grave kring Løkkekiosken for å leggje røyr til fjernvarme, blei høvet nytta til å søke fylkeskommunen om løyve til å kople vatn til bygninga. Tiltakshavar fekk dispensasjon til å gjere dei inngrepa som ein trong for å kople seg på kommunalt vatn og installere vask i den freda bygninga.
Det blei bora hol gjennom betongsokkelen slik at røyr til vatn og avløp kunne førast inn i bygninga. Vaskekum med vegghengt armatur blei montert i benken inne i kiosken. Kummen har lokk. Slik beheld ein verdifull benkeplass.
Under benken blei det plass til ein varmtvasstank på 5 liter: Der er det også montert ein vassdetektor. Den varslar om det skulle lekke vatn, og er eit enkelt forebyggande tiltak mot vass-skadar på den freda bygninga. Foto: Ellen Stangnes, Riksantikvaren
Ein separat slange med kjøkkendusj blei også kopla til: Denne praktiske løysinga gjer at ein enkelt rekk fram med vatn der ein treng det. Foto: Ellen Stangnes, Riksantikvaren
Lærepunkt
Også mindre bygningar kan ha potensiale for næringsdrift. Fordi den næringsdrivande såg bygninga sitt særpreg som ein ressurs vart det mogleg å etablere ny næring i kiosken.
Fylkeskommunen si kulturminneavdeling var ein viktig rådgjevar for tiltak på den freda bygninga. Når ein skal gjennomføre tiltak på eller i ei freda bygning er tidleg dialog med kulturminnemyndigheita viktig. Da kan du få informasjon om kva tiltak ein må søkje om dispensasjon for, og du kan også få innspel til løysingar som lar seg kombinere med vern.
Tiltakshavar såg eit høve til å få lagt inn vatn i samband med kommunen si graving rundt kiosken, og nytta dette. Ho hadde allereie ein god dialog med fylkeskommunen, og søknaden blei behandla raskt. Det gjer at tiltaket kunne bli gjennomført mens grunnen rundt bygninga framleis var open. Ein god dialog med kommunen og fylkeskommunen var her avgjerande for at søknaden om tiltaket fekk ei rask behandling.