Næring

Kulturnæring i gammalt betongbygg

Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om planlegging av ny bruk i eldre bygning og tilrettelegging for arbeidstakarar og publikum. Bergen Kjøtt har gått frå å vere kjøtt- og margarinfabrikk til å bli ein kunst- og kulturfabrikk. På Bergen Kjøtt har smarte og fleksible løysingar gjort profesjonell kulturnæring, konsert- og musikkproduksjon mogleg.

ADRESSE
Bergen Kjøtt, Skutevikstorget 1, Bergen i Vestland fylke

VERNESTATUS
Vern etter plan- og bygningslova

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Arbeidstilsynet, Bergen Kommune, Byantikvaren m.m.

ANNA BISTAND
Arkitekt, heisingeniør m.m.

Bergen Kjøtt er ein gammal kjøttfabrikk som ligg i Skuteviken i Bergen. I dag er det kulturarena med utleige av øverom, studio og konsertar. Foto: Trond A. Isaksen

Historikk

Bergen Kjøtt er eit betongbygg frå 1905 i Skuteviken som opphaveleg var ein smør- og margarinfabrikk, før det i 1968 vart omgjort til kjøttforedlingsfabrikken Bergen Kjøtt. På byrjinga av 2000-talet vart fabrikken lagt ned, og lokala sto tomme i fleire år. Bygningen opna som ein kulturarena i 2010.  I 2019 overtok Stiftinga Bergen Kjøtt eigarskapet og drift av huset.

På Bergen Kjøtt er det kultur- og musikkproduksjon som er næringsgrunnlaget, både for stiftinga og kulturarbeidarane som leiger lokale her. Bygningen har gått frå å vere ein kjøttfabrikk til å verte ein kulturfabrikk. I dag husar bygget 28 separate studio, med rundt 100 leigetakarar som residerande musikarar og artistar, atelier og konsertlokale. Her finn du nokre av Noregs fremste innspelingsstudio for profesjonell musikk- og lydproduksjon for plateutgjevingar, TV og film. I “Fabrikkhallen” i 2. etasje blir det mellom anna arrangert konsertar, og i 1. etasje er det bar og prosjektrom bruka til workshops, utstillingar og møter.

Studio: Eitt av dei 28 separate studioane som finst i huset. Foto: Trond A. Isaksen

Sosialt: Det er også kafedrift på huset, noko som medfører andre krav enn for eksempel av rein utleige av kulturlokale.  Foto: Trond A. Isaksen

Utfordringar og løysingar

Noverande eigarar gjennomførte ei tilstandsvurdering av bygningen som utgangspunkt for tiltak da dei tok over bygningen. “Vi brukte ein del pengar på tilstandsrapportar i byrjinga av prosjektet. Dette gav oss retning og ein peikepinn på kva vi måtte prioritere. Det er overveldande å ta over eit så stort bygg, og ein veit ikkje alltid kvar ein skal starte. Tilstandsrapporten synte oss kva vi måtte gjere med ein gong, og kva vi kunne vente med», seier dagleg leiar Eva Rowson.

Stiftinga har hatt god dialog både med myndigheiter, men også med andre som også har sett i gong næring i ein eldre, verneverdig bygning. Byantikvaren har vore ein viktig medspelar, både for å taka vare på bygningen sin historie i seg sjølv, og som del av eit større miljø. Bergen kommune har også vore ein viktig medspelar for å etablere rømningsvegar.

Det har vore jamn dialog med Arbeidstilsynet for å sikre at arbeidstilhøva blir i tråd med lovkrav. Når ein leiger ut lokale som skal brukas av arbeidstakarar, har ein som utleigar ansvar for å leige ut lokale som er eigna for dette. Tilsette har mellom anna krav på pauserom og garderobe. Ved store publikumsarrangement blir fellesområde, toalett og garderobe som elles er knytt til innspelingsstudio i fjerde etasje, nytta til dette føremålet. Her er også stillerom, slik at ein kan trekke seg heilt unna områda med publikumstilgang.

I tillegg har stiftinga Bergen Kjøtt hatt stor nytte av å utveksle kunnskap med Trevarefabrikken i Henningsvær. Begge arbeider med å sette i stand eldre fabrikkbygningar og etablere kulturrelatert næringsverksemd, og kan lære av kvarandre.

Tilrettelagt for bruk: Ny heis gjev universell tilgang til konsertlokale i andre etasje. Foto: Trond A. Isaksen

Universell utforming: I kafelokale i første etasje var ned nødvendig å ha eit universelt utforma toalett. Toalettet er tilgjengeleg for alle som ynskjer å besøke kafeen. Foto: Trond A. Isaksen

Lærepunkt

Å trekke vekslar på andre som har liknande prosjekt, både når det gjeld type næring og type bygning, er veldig nyttig. Særskild viktig er det å få bistand av profesjonelle.

Det er viktig å få oversikt over kva tiltak som hastar, for å kunne prioritere. Uventa kostnadar ved nødvendig vedlikehald og utbetringar kan oppstå. Difor er ein tilstandsrapport viktig.

Næringsdrift og istandsetting fører med seg krav frå fleire ulike myndigheiter. Det er viktig med tidleg dialog, og nær kontakt undervegs med eksempelvis Arbeidstilsynet, kommunen eller andre.

Alle bilete

Bergen Kjøtt – studio
Det er også kafedrift på huset, noko som medfører andre krav enn for eksempel av rein utleige av kulturlokale.
Bergen Kjøtt er ein gammal kjøttfabrikk som ligg i Skuteviken i Bergen. I dag er det kulturarena med utleige av øverom, studio og konsertar.
Ny heis gjev universell tilgang til konsertlokale i andre etasje.
Ny heis gjev universell tilgang til konsertlokale i andre etasje.

Lignende eksempler