Næring

Gardsbakeri på gammal gard i verdsarven på Røros

Foto: Eirik Olsen

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om bruk av nettverk, tilskotsordningar og rådgjevingstenester som støtte ved etablering av næring i ein eldre bygning.

På garden Kalsa på Brynhildsvollen ved Aursunden bur Tove Iren Gløtheim Ryttervoll og Geir Magne Ryttervoll med familie. Tove ønskte å bruka ressursar frå eigen gard i ei attåtnæring, og med bakgrunn i dette har sommarstua eller ‘Såmmårstuggu’ frå 1700-tallet blitt eit unikt bakstehus, kor alt blir gjort på gamlemåten. På Kalsa bakar dei såkalla Ingerlemser – oppkalla etter mor til Tove Iren – med mjølk frå garden, og dei opplever at etterspurnaden etter varene dei produserer aukar.

ADRESSE
Kalsa gårdsbakeri, Aursundveien 2248, Brekken i Røros kommune,Trøndelag.

VERNESTATUS
Eigedomen har ikkje formelt vern, men ligg innanfor verdsarvområdet i Røros kommune.

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Røros kommune inkludert Landbrukskontoret, Trøndelag fylkeskommune, Mattilsynet, Arbeidstilsynet.

ANNA BISTAND
Innovasjon Norge, Rørosmat, Uthusprosjektet

Tre generasjonar bakarar på Kalsa gård. Foto: Tom Gustavsen.

Historikk

Kalsa gard er eit gardstun med lafta bygningar innanfor verdsarvområdet i Røros. Garden har vore eigd av same familie i 450 år. Røros er kjent for kvalitetsprodukta sine, og folk frå heile verda kjem hit for å oppleve verdsarven. At Røros bergstad og Circumferensen er med på den eksklusive og ettertrakta verdsarvlista, inspirerer også Kalsa gard til å ville vere ‘best i klassen’.

Tove og Geir har frå starten av vore opptekne av å bevare det særeigne ved dei gamle gardsbygningane. Dei såg at det var nettopp her verdien låg. «Folk strøymde til og var svært nøgde med det dei såg og åt. Like mykje som at det var viktig å tene pengar på dette, så var det utruleg godt for meg å høyre at folk hadde ei fin oppleving. Det hjelpte meg med å tru på prosjektet. Eg har også skjønt at det å gjere folk glade, det gjev meg positiv energi.» seier Tove.

Utfordringar og løysingar

Utgangspunktet for satsinga på Kalsa var at eigarane såg at garden og historia var ein ressurs som kunne utviklast, og at det var ein marknad for det dei kunne tilby gjennom  kunnskap om tradisjonsmat.  Eigarane tok difor kontakt med kommunen og fekk god hjelp frå landbrukssjefen, mellom anna knytt til utfylling av skjema og råd om ulike søknadsordningar for økonomisk finansiering.

Kalsa gard har fått SMIL-middel, via Landbrukskontoret i kommunen. SMIL ei offentleg tilskotsordning som mellom anna kan nyttast til istandsetting av kulturminne i jordbruket. Landbrukskontoret støtta også prosjektet med bedriftsutviklingsmiddel. I tillegg har Kalsa gard fått  oppstartsmiddel frå Innovasjon Noreg.

Eigarane har også hatt god nytte av å kopla seg på Rørosmat SA, eit andelslag for matprodusentar, som arbeider med merkevarebygging innan lokalmat og som søker å bidra til verdiskaping for matprodusentar i regionen. Gjennom Rørosmat AL har dei møtt andre gründerar og bedrifter i området, blitt ein del av eit fellesskap og fått inspirasjon.

Tilskotsmilda frå SMIL-ordninga og Uthusprosjektet vart nytta til å setta i stand sommarfjøset. Uthusprosjektet, eit prosjekt eigd av Røros kommune, har som føremål å sette i stand uthus som står til forfall. Fordi bygningen hadde stått ubrukt og utan tak i 30 år var det behov for fleire tiltak for å sette bygningen i stand.  Eigarane nytta høvet til å etablera eit nytt og moderne kjøkken i bygningen som kunne oppfylle krava til arbeidsmiljø og matproduksjon.

I kafeen i Sommarfjøset er det plass til kring 50 gjestar. Foto: Eirik Olsen

Sommarfjøset er sett i stand ved hjelp av Uthusprosjektet i Røros. Foto: Eirik Olsen

Lærepunkt

Eigarane på Kalsa ser ein stor verdi både i bedrifta og i istandsettinga av dei historiske bygningane på den gamle garden. I startfasen av prosjektet tok det tid å få oversikt over kvar ein kunne få hjelp og informasjon om søknadsprosessane. Ein samla instans eller rådgjevingsteneste ville ha vore nyttig. Eigarane anbefaler også andre som skal etablere næring å planlegge for kostnadar knytt til å få naudsynte løyve for å gjennomføre tiltak.

På Kalsa gard har dei hatt stor nytte av å knytte seg til lokale nettverk for matprodusentar, både til erfaringsdeling og inspirasjon. Det har også vore nyttig å sette seg inn i kva for tilskotsordningar som er tilgjengelege og å søka om tilskot på desse. Tilskota Kalsa gard har fått har vore viktige for gjennomføringa av prosjektet.

Lignende eksempler