Næring

Selskapslokale og historieformidling i gammal brygge

Foto: Trond Isaksen

Om prosjektet

Den freda brygga var tidlegare nytta til oppbevaring av fisk som venta på å bli frakta ut med båt frå handelsstaden. I dag finn dei mange turistane som tek turen til Havnnes, eit romleg selskapslokale i første høgda og ei spennande fotoutstilling med historiske bilete frå regionen i høgda over.

ADRESSE
Havnnes Handelssted, Mor Lyngs plass 1, Havnnes, Nordreisa kommune i Troms

VERNESTATUS
Fredet

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Fylkeskommunen

ANNA BISTAND
Nord-Troms museum

Mer om prosjektet

Frå oppbevaring av fisk til lokalar for fest. Havnnes handelsstad har fått ny bruk med både selskapslokale og fotoutstilling. Foto: Trond Isaksen

Historikk

Familien Giæver har hatt tilhald på Havnnes sidan 1868, då den første, Johs. H. Giæver, etablerte seg stort innan omsetjing av fisk. I dag driv firmaet framleis med produksjon og eksport av tørrfisk på Havnnes, i tillegg til overnatting og utleige av båtar for tilreisande turistar.

I 1942 vart 5 av dei 15 gamle husa på handelsstaden freda av Riksantikvaren. Eit par år seinare brente tyskarane det som fanst av bygningar i området, under brenninga av Finnmark og Nord-Troms. Havnnes vart til alt hell spara, og er i dag eit sjeldan og særs verdifullt anlegg som fortel viktig nærings- og handelshistorie frå nord.

Fiskemottaket og lagringa av tørrfisk er no flytta til nyare brygger som ligg tett ved sida av den gamle. Eigarane såg potensialet i den gamle brygga med dei store luftige romma, til gode lokale å samle folk i. Mange turistar kjem til Havnnes. Familien Giæver ønska å formidle den tradisjonsrike historia for desse.

Havnnes har ei lang historie. Den gamle handelsstaden vart freda av Riksantikvaren i 1942, og eit par år seinare brann tyskarane Finnmark og Nord-Troms. Havnnes vart spart, og er eit verdifullt anlegg i Troms. Foto: Riksantikvarens fotoarkiv

Utfordringer og løsning

Fylkeskommunen si kulturmiljøavdeling har vore ein viktig rådgjevar for eigarane på Havnnes i prosessar som gjeld dei freda bygningane. Kulturmiljøavdelinga er første instans ein kontaktar når ein vil gjere endringar i ein freda bygning. Dei gjev råd om kva tiltak ein må søkje om dispensasjon for, og kva ein kan gjere utan. Dei har og mykje erfaring, og kan komme med gode forslag til løysingar som let seg kombinere med vern.

I første høgda på brygga etablerte eigarane på Havnnes eit selskapslokale. Der baserer dei seg på catering.  Dette fordi bygningen på noverande tidspunkt ikkje har kjøkkenfunksjon som eignar seg til matlaging for mange gjester. I same lokale stiller dei ut gamle gjenstandar frå handelsstaden, noko som formidlar historia og gjev ei stemningsfull ramme om arrangementa.

Eigarane har lagt selskapslokale i første høgda. Her har dei behalde dei gamle tregolva og viser fram uike gjenstandar frå handelsstaden. Foto: Trond Isaksen

I andre høgda har dei, i samarbeid med Nord-Troms museum, etablert ei fotoutstilling med bilete av Annie Margrethe Louise Giæver (1882-1956) som var frå Havnnes.

For å leggje til rette for fotoutstillinga i brygga måtte dei gjere nokre tilpassingar, mellom anna med tanke på selskapslokalet og matserveringa i etasjen under.

Fredning treng ikkje  å sette ein stoppar for ny og god bruk av gamle hus. Løysingane kan i nokre tilfelle vere enklare enn ein trur. På Havnnes har ein for eksempel gjennomført naudsynte tiltak gjennom å legge til element i dei freda romma, heller enn å gjere inngrep i dei freda interiøra.

Eigarane fekk installert egna stativ i utstillingslokalet. Her vart bileta til fotoutstillinga, som vart printa på store plater hengt opp. Dette skjerma dei freda veggflatene for inngrep. Belysning vart hengt ned frå taket.

Brygga har berre eit tynt golv, utan isolasjon, ned mot selskapslokalet. Dette skapte ei utfordring både med tanke på lyd mellom etasjane, og ved at det dryssa partiklar ned gjennom golvet når ein bevegde seg i andre høgda. Samstundes er dei gamle golva verdifulle, og dei er freda. Vernet innebar at ein ikkje kunne gjere vesentlege inngrep i dei. Eigarane løyste dette på ein særs skånsam måte, med eit heildekkjande teppegolv som ligg laust oppå det gamle tregolvet, og som både dempar trinnlyd og annan lyd, og samstundes hindrar at det dryss partiklar ned i første høgda, der ein mellom anna et mat. I tillegg beskyttar teppet det gamle tregolvet mot slitasje.

I andre høgda har dei laga ei fotoutstilling. Dei har lagt eit heildekkjande teppegolv som dempar trinnlyd og hindrar at det drysset partiklar ned i selskapslokala i første høgda. Platene med fototrykk er monterte på lause stativ, som sparar veggane for inngrep. Foto: Trond Isaksen

Læringspunkter

Det hender at løysingane er enklare enn ein trur. Ofte kan dei krevje mindre inngrep i bygningen enn ein tenkjer seg. Dette handlar gjerne om å sjå kva potensiale som ligg i bygningen sjølv, og om å finne rett bruk til bygningen. I høvet på Havnnes, var eit stor teppegolv løysinga på utfordringane mellom etasjane. Brygga har sterkaste vern, men dette tiltaket innebar ingen inngrep og kunne gjerast utan dispensasjon frå fredinga. Brygga er naturleg godt ventilert, og det er høgt under taket, noko som gjer det mogleg å samle mange menneske utan å måtte setje inn eit stort ventilasjonsanlegg.

Lignende eksempler