Universell utforming

Smart tilpassing av rampe

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

For at den nybarokke bygningen skulle kunne huse omsorgsbustader, måtte inngangspartiet verte universelt utforma. Ny rampe vart integrert i eksisterande terrasse.

ADRESSE
Ingeniør Waadens gate 8, Rjukan

VERNESTATUS
UNESCO verdensarv

PROSJEKTET
Tinn kommune, Thomas Haupt arkitekt og SØR arkitekter

KONTAKT
Tinn Kommune

Ved å opne opp terrassen unngår ein inngrep i steintrappa. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Norsk Hydro-grunnleggjar Sam Eyde hadde i 1902 sikra seg Rjukanfossen og ville byggje opp eit moderne industrisamfunn i det tronge dalføret. Han engasjerte dei fremste arkitektane og ingeniørane i samtida, og i 1909 vart det oppretta eit eige byplankontor på Rjukan. Byutviklinga var basert på ein idealistisk visjon om ein heilskapleg og gjennomført by med gode butilhøve for arbeidarane.

Den nybarokke murgarden Mandheimen er teikna av arkitekt Harald Aars og vart ført opp i perioden 1913-1915. Bygningen husa ugifte arbeidarar og det vart tilbode full losji. Norsk Hydro selde Mandheimen til Tinn kommune i 1924. I 1958 fekk vestfasaden nye balkongar og ein heis vart installert på fasaden mot sør, noko som i stor grad verka inn på fasadeuttrykket. I 1963/64 vart det bygd eit tilbygg til hovudfasaden og den opphavelege symmetrien i bygningskroppen vart forringa.

I seinare år har Mandheimen fungert både som aldersheim og asylmottak, før bygningen vart ramma av brann i 2016. I dag rommar bygningen omsorgsbustader og kontor.

Teikninga til venstre er av det opphavelege dørmiljøet. Til høgre ser ein nytt dørmiljø. Foto: Thomas Haupt

Utfordringar og løysingar

Mandheimen har vore gjennom omfattande rehabilitering etter brannen i 2016, og vert i dag brukt til omsorgsbustader og moderne kontorlokale for kommunen sine helse- og omsorgstenester. Særleg i bygningar som rommar offentlege tenester er det viktig at hovudinngangen er tilgjengeleg for alle. I historiske bygningar med monumentale, og gjerne opphøgde, inngangsparti, kan dette by på utfordringar, særleg om ein vil ta vare på trappa i si opphavelege form.

Fasadane i Mandheimen er strengt symmetriske. Hovudfasaden er utforma med eit framskoten midtparti, ein midtrisalitt, og to sidefløyer. Midtstilt i risalitten, ligg hovudinngangen. På kvar side av inngangspartiet er det to låge terrassar med oppmura brystning. Ved å nytte den eine av desse terrassane, var det mogleg å etablere ei rampe. Murbrystninga på terrassen aust for trappa, har vorten delvis fjerna, og den nye rampa er lagt langs sidefløya og inn på terrassen. Rampa har fått eit slankt rekkverk, slik at fasaden bak vert eksponert, med omsyn til den opphavelege symmetrien i fasaden.

Læringspunkt

Prinsippa om symmetri og likevekt er heilt grunnleggjande for ein nybarokk eller nyklassisistisk fasade. Brot med denne symmetrien vil i dei aller fleste høve kunne forringe den opphavelege arkitekturen. Ved nye tiltak i slike bygningar er det svært viktig at dette vert planlagt og utført med omsyn til desse prinsippa.

Forfattar: Riksantikvaren

Lignende eksempler