Universell utforming

Avgrensa areal kravde smart tilpassa rampe

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

Inngangsdøra til butikken er plassert ved eit trafikkert gatehjørne med avgrensa plass. Inngangen er trekt inn med tilgang frå fortauet på begge sider av hjørnet. I forbindelse med rehabilitering av 1930-talsbygget vart inngangspartiet gjort tilgjengeleg med trinnfri tilkomst via rampen som svingar seg langs fasaden.

ADRESSE
Valkendorfsgaten 6, Bergen

PROSJEKTET
Entra i samarbeid med arkitektgruppen CUBUS AS

Mer om prosjektet

Historikk

Bygarden med næringslokale i 1.etasje er oppført i 1933, og teikna av Arnesen & Darre Kaarbø. Det vart gjort ei omfattande rehabilitering av bygningen i 2010.

Butikkinngangen ligger på et trafikkert hjørne med veier og fortau på begge sider. Kartet viser rampens plassering markert med rødt. Kart: Kartverket

Utfordringar og løysingar

Eksempelet omfattar ein stor handelsgard midt i Bergen sentrum. Den opphavlege arkitekturen formidlar at bygningen var tiltenkt stor aktivitet med eit strategisk plassert inngangsparti som fangar besøksflyt frå to sider. For å oppretthalde handelsverksemda var det krav om universell tilgjengelegheit inn til lokalet. Det er på offentlig tilgjengelege bygg eit ynskje at tilgang skal løyasast ved hovudinngangsparti. Eit alternativ til dette kunne vere å lage ei ny opning i fasaden.

Den smarte rampen har skåna bygningen for det store inngrepet som eit nytt inngangsparti ville ha medført. Rampen er plassert inntil fasaden med ei avsluttande bueform som snor seg inn til inngangspartiet. Løysinga er plassbesparande og får i liten grad konsekvens for gangarealet på fortauet.

Læringspunkter

Det er viktig å utfordre formgivarar slik at ein finn fram til gode arkitektoniske løysingar som gjer at ein kan unngå andre større inngrep.

Lignende eksempler