Universell utforming

Rampene på Torget

Om prosjektet

Torget på Rjukan har gått gjennom store endringar dei siste åra. Plassen har gått frå å vere ein parkeringsplass til å bli ein samlingsstad i sentrum. Ein viktig del av oppgraderinga har vore å sørgje for god universell utforming, og det er installert ramper og leielinjer som står godt i stil med både nye og historiske element.

ADRESSE

Torget 1-2, Rjukan

VERNESTATUS
Kulturmiljø av nasjonal interesse

PROSJEKTET
Tinn kommune, ARK Olav Lundesgaard

KONTAKT
Tinn Kommune

Tvillinginnganger: Det gamle apoteket, på austsida av Torget, er i dag kommunen sitt administrasjonssenter, medan kommunen sitt biblioteket framleis held til i bygninga på vestsida.

Foto: Frida MacIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Norsk Hydro-grunnleggjar Sam Eyde hadde i 1902 sikra seg Rjukanfossen og ville byggje opp eit moderne industrisamfunn i det tronge dalføret. Han engasjerte dei fremste arkitektane og ingeniørane i samtida, og i 1909 vart det oppretta eit eige byplankontor på Rjukan. Byutviklinga var basert på ein idealistisk visjon om ein heilskapleg og gjennomført by med gode butilhøve for arbeidarane.

Torget er ein del av den siste byggefasen i denne utviklinga av Rjukan. Dei to motståande nybarokke «tvillingbygningane» på austsida og vestsida av torget, er teikna av arkitekt Thorvald Astrup, og ført opp mellom 1921 og 1924. Bygningane romma opphaveleg postkontor, telefonsentral, telegraf, apotek og bibliotek. Bygningen på vestsida av torget er framleis bibliotek, og bygningen på austsida, er i dag kommunen sitt administrasjonssenter. Torget på Rjukan har i mange år blitt brukt som parkeringsplass, men er no oppgradert og tilbakeført til torg og møteplass.

Materialar: Sidevangar i raud granitt og handløparar i svartlakkert stål. Skifer i gangbane. Materialane i dei nye rampane og leielinjene, er tilpassa den opphavelege trappa og den nyare brosteinen på Torget.

Foto: Svein Olav Hagen, Tinn kommune

Utfordringer og løsning

Særleg i bygningar som rommar offentlege tenester er det viktig at hovudinngangen er tilgjengeleg for alle. I historiske bygningar med monumentale, og gjerne opphøgde, inngangsparti, kan dette by på utfordringar, særleg om ein vil ta vare på trappa i si opphavelege form. Bygningane på Rjukan torg husar offentlege tenester, men dei opphaveleg hovudinngangane ligg over gatenivå med trapp, og var ikkje tilgjengeleg for til dømes rullestolbrukarar.

Eit viktig kjenneteikn på den klassiske arkitekturen er symmetriske fasadar, og eit midtstilt og monumentalt inngangsparti. På grunn av helling i terrenget, var det ikkje mogleg å etablere ein symmetrisk rampe med to løp. Bygningane har derfor fått kvar si eitt-løps-rampe. På grunn av helling på plassgolvet, ville det ikkje vore mogleg å etablere ei heilt symmetrisk toløpsrampe. Plasseringa av eittløpsrampene bryt fasadesymmetrien, men symmetrien i plassrommet vert halden i hevd ved at dei to rampene er likt utforma og plassert på same side av trappeløpet, diagonalt ovanfor kvarandre. Rampene er bygd i same type material som i den originale trappa, med sidevangar i raud granitt og handløparar i svartlakkert stål. Materialbruken gjer at den nye rampa og den opphavelege trappa «glir» naturleg i kvarandre.

Foto: Svein Olav Hagen, Tinn Kommune

Læringspunkter

For at nye bygningselement, til dømes ramper, skal passe inn i historiske omgjevnader, er det viktig å registrere kva som kjenneteiknar og definerer det aktuelle miljøet dei skal stå i. I dette høvet var god materialbruk og omsynet til prinsippet om symmetri, nøkkelen til eit vellykka resultat.

 

Forfattar: Riksantikvaren

Lignende eksempler