Universell utforming

Kyrkje fekk tørrmura trapp og rampe med varmekablar

Foto: Bjørn Kjetil Westum

Om prosjektet

Ved å heve terrenget litt, og mure opp ei ny trapp og rampe i naturstein, fekk den nygotiske trekrosskyrkja frå 1800-talet, eit universelt tilgjengeleg og vakkert inngangsparti.

ADRESSE
Almannveien 54, Innlandet

VERNESTATUS
Særleg bevaringsverdig

PROSJEKTET
Os kirkelige fellesråd, Arkitekt Tor Jørund Østvang, Handverkar Bjørn Kjetil Westum

FERDIGSTILT
2019

KONTAKT
Os kirkelige fellesråd

Den opphavelege steintrappa vart plukka ned og den nye rampa og trappa er utført i gjenbruka stein frå den gamle trappa, og ny stein frå nærområdet.

Foto: Bjørn Kjetil Westum

 

På femti-talet vart det lagt eit topplag med sementmørtel på dei opphavelge trinna.

Foto: Bjørn Kjetil Westum

Historikk

Os kirke i Østerdalen er ei trekrosskyrkje frå 1862, teikna av arkitekt Peter Høier Holtermann. Kyrkja er listeført som særleg bevaringsverdig. Denne nygotiske kyrkja har trekk vi kjenner att frå krosskyrkjene i mellomalderen, med krossplan og portalinngangar i dei fire himmelretningane. I mellomalderen var ofte inngangen i nord brukt som «kvinneinngang», medan mennene måtte sette frå seg eventuelle våpen i våpenhuset i vest, før dei fekk kome inn. Denne delinga var nok ikkje aktuell på sluten av 1800-talet, men alle inngangane er flotte og likeverdige inngangar til kyrkja.

Etter at eit bårehus vart oppført nordvest for kyrkja på åtti-talet, har nordinngangen komen meir og meir i bruk. I same tiår vart det sett opp ei stålristrampe for rullestol. Då andre delar av kyrkja skulle restaurerast i 2017, ønskja kyrkja å få på plass ei permanent og meir verdig rampe- og trappeløysing

Spesialsveisa profilar for innfestinga av rekkverket. Mellom rampevangane, er det lagt ned varmekablar i sand, slik at snøen smeltar om vinteren.

Utfordringar og løysing

Stålristrampa, som sidan åtti-talet har tent som kyrkjeinngang for rullestolbrukarar, er ei løysing som ikkje har vore optimal, korkje funksjonelt eller estetisk.

Grunntilhøva på denne sida av kyrkja var dårleg og det vart utført ei utbetring. Som del av dette grunnarbeidet, vart terrenget rundt inngangen heva litt slik at den nye rampa ikkje blei for lang, eller for bratt.

Alle dei opphavelege inngangstrappene til kyrkja er tørrmura med lokal stein. Dei involverte i prosjektet; kyrkja, arkitekt, Riksantikvaren og handverkar, kom difor fram til at løysinga vart ei ny, tradisjonelt tørrmura, kombinert rampe og trapp.

Den opphavelege steintrappa, som låg under metallrampa, vart teken ned og den nye rampa og trappa er utført med ein kombinasjon av gjenbruka stein, og ny stein frå nærområdet. Den opphavelege trappa hadde fått eit topplag av sementmørtel på femti-talet. Nokre av dei gjenbruka steinane i den nye trappa har framleis restar etter denne harde sementen. Slik ber den nye trappa fleire lag av bygningshistoria, og slik er ho heilt i tråd med tørrmuringstradisjonen, der ein nyttar det ein har til rådvelde.

Topplaget på den nye rampa er skiferheller, henta frå eit lokalt brot. Fugene mellom hellene er tetta med kalkmørtel, slik at ikkje rullestolhjul skal kunne sitje fast i underlaget. Mellom rampevangane, er det lagt ned varmekablar i sand, slik at snøen smeltar om vinteren.

Det nye trerekkverket er i utført likt dei opphavelege utvendige trapperekkverka elles på kyrkja. Innfestinga av rekkverket er gjort svært nennsamt og med dei opphavlege innfestingsløysingane som inspirasjon, men med ein spesiallaga løysing. Steinane er tilarbeidd for å gje plass til spesialsveisa profilar for innfestinga av rekkverket. I hellene som utgjer topplaget, på kvar side av rampa og trappa, der rekkverkstolpane er festa, er det laga ei slisse for stålprofilen. Hellene er tredd inn på desse profilane. Slik har ein oppnådd ei skjult og solid innfesting.

Foto: Bjørn Kjetil Westum

Lærepunkt

Ved å nytte både tradisjonell og nyare byggjeteknikk, lokal stein, og ved å hente inspirasjon frå opphavelege detaljløysingar, klarte ein å tilpasse rullestolrampa med varmekabler til den historiske samanhengen. Den nye rampa ser nærast opphaveleg ut.

 

Forfattar: Riksantikvaren

Steinane er tilarbeidd for å gje plass til spesialsveisa profilar for innfestinga av rekkverket. Mellom rampevangane, er det lagt ned varmekablar i sand, slik at snøen smeltar om vinteren. Foto: Bjørn Kjetil Westum
t.v.: Hellene er slissa og tredd inn på stålprofilar for innfesting av rekkverk. t.h.: Fugene mellom hellene er tetta med kalkmørtel, slik at ikkje rullestolhjul skal kunne sitje fast i underlaget. Foto: Bjørn Kjetil Westum
Det nye trerekkverket er utført likt dei opphavelege utvendige trapperekkverka elles på kyrkja. Foto: Bjørn Kjetil Westum

Lignende eksempler