Universell utforming

Kyrkja fekk heis

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

Bø kyrkje har tre inngangar. Ein av dei vart heis. Det var eit ønskje om å gjere kyrkja universelt tilgjengeleg utan store inngrep i fasaden.

ADRESSE
Stasjonsvegen 26, Bø

VERNESTATUS
Listeført

KONTAKT
Kyrkjeverja i Bø

Døra er flytta ned slik at ho fluktar med bakkeplanet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Bø nye kyrkje blei bygd på 1870-talet, som erstatning for den vesle mellomalderkyrkja som no går under namnet Bø gamle kyrkje. Den nye kyrkja blei teikna av Jacob Wilhelm Nordan, som står bak ei rekke av kyrkjene som blei oppført i Noreg på slutten av 1800-talet. Den er ei langkyrkje med vesttårn i nygotisk stil, som er oppført i tre og kvitmåla.

Med ny heis i sideinngangen har ein fått ein inngang som alle kan bruke. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Utfordringar og løysing

Det kan vere utfordrande å få til trinnfri tilkomst til kyrkjebygg utan å gjere store inngrep i fasaden. Kyrkjene blei historisk ofte plassert på ei høgde. I tillegg er dei gjerne også bygd med eit høgt fundament og trapper, noko som gjer det utfordrade å bygge rampar utan at desse blir svært omfattande. I Bø nye kyrkje blei løysinga å bygge ein rullestolheis inn i den eine sideinngangen.

Bø kyrkje er symmetrisk med tre inngangsdører: Ein hovedinngang og to sideinngangar. Grunnmuren i kyrkja bygger 60 cm over bakken. I tillegg er trappa opp til hovudinngangen smal og har eit overbygg. Det hadde ikkje vore plass til å etablere ein rampe eller ein heis i den eksisterande trappa, og alternativet ville vore å lage opningar i overbygget. Dette hadde ført til store endringar i fasaden til den listeførte kyrkja.

Ved å fjerne den eine sidetrappa og senke dørkarmen til bakkenivå, blei det etablert ei sjakt som no rommar ein løfteplattform. I prosjektet freista ein å ta vare på det opphavelege arkitektoniske uttrykket til bygget. Det betyr at ein brukte den eksisterande døra om att, og denne er no inngangen til den nye heisen. Då døra blei senka 60 cm ned til bakkenivået, blei det ein tilsvarande stor opning over døra. I staden for å skjøte på med meir fasadepanel, har det blitt sett inn eit vindauge over døra.

Tiltaket medførte ein del ombyggingar. Det blei gjort ei vurdering av at interiøret i sideinngangen tålte eit stort inngrep. Dei visuelle konsekvensane ville vore større om man hadde bygd ein tradisjonell rampe, eller laga ei heisløysing på hovudinngangen.

Fasaden framstår no som lite endra, og opplevingsverdiane er bevart samtidig som kyrkja er gjort meir tilgjengeleg for alle

Læringspunkt

Ved å studere eksisterande opningar i bygningen, kan ein finne gode løysingar.

 

Forfattar: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Lignende eksempler