Ombruk

Naust vart gardsbutikk

Foto: Trond Isaksen

Om prosjektet

På garden Utstein, som er del av eit freda kulturmiljø, trong ein lokale for utsal av gardsprodukt. Då fekk det gamle naustet på garden ny bruk. Med enkle grep, har det vakre naustet fått ein sentral og publikumretta rolle i gardsdrifta.

ADRESSE

Adresse: Mosterøyveien 802

VERNESTATUS
Del av freda kulturmiljø

PROSJEKTET
Utstein Gard, Trodahl arkitekter, HøieUeland

KONTAKT

Inger Lise og Anders Schanche Rettedal, eigare Utstein Gard

Skadde delar av grindverkskonstruksjonen vart bytta ut. Taket er isolert og det er bygd eit klimatisert rom av glas i naustet. Det er lagt nytt golv i betong.

Foto: Ådne Trodahl

 

 

 

 

Glaset er spesialfrest rundt delane i grindverkskonstruksjonen.

Foto: Ådne Trodahl

Historikk

Naustet, som høyrer til Utstein Gard, er frå mellom 1850 og 1859. Det står på historisk grunn på Klosterøy, berre tretti minuttars køyretur frå Stavanger by. Naustet er å rekne for ein ungdom i omgjevnadene sine. Staden Utstein er omtalt i historiske kjelder frå 900-talet, då Harald Hårfagre hadde kongsgarden sin her. Frå 1260-åra vart Utstein kloster bygd her for prestevigde kannikar i augustinarordenen. Klosteret er i dag det best bevarte mellomalderklosteret i Noreg.

Etter reformasjonen sto klosteret tomt i lengre periodar og bygningane forfall. Familien Frimann/Garmann overtok godset i 1700 som første generasjon på garden. I 1750 flytta fogden i Ryfylke, Christopher Garmann, inn og sette i stand anlegget, men med ein god del endringar. Klosterbygningane var våningshus for Utstein Gard fram til byrjinga av 1930-åra, då klosteret vart skilt ut frå garden, og sidan overteken av Stiftelsen Utstein Kloster. Christopher Garmann sine etterkommarar driv, på 11. generasjonen, framleis Utstein Gard. No er naustet restaurert og ombygd til eit lite, men fleksibelt og særeige salslokale for gardsprodukt.

Grindverkskontruksjonen, den berande tørrmuren og båthuset er synleg og gjev særpreg til den vesle butikken. Foto: Trond Isaksen
Nytt enkelt interiør med uttak for vatn. Foto: Ådne Trodahl

Utfordringar og løysing

Natursteinsmurar pregar heile det freda kulturmiljøet som naustet er ein del av. Naustet er ein grindverkskonstruksjon med berande veggar i tørrmur, såkalla kistemurar i naturstein. Dette vil seie at taket kviler, i hovudsak, på steinmurane. Kortveggane er delvis kledde utvendig med ståande trepanel. Dette er ein konstruksjonskombinasjon av tre og stein som vi ser mykje av i tradisjonelle driftsbygningar på Vestlandet. Under restaureringa vart det bytta ut panel og konstruksjonsdelar der det trongst, medan steinmurane i all hovudsak var i svært god stand. Nye konstruksjonsdelar er gjort av lokal malmfuru. Det var ein føresetnad, og heilt naturleg, å ta vare på og restaurere naustet utvendig i sin opphavelege form. Difor er det framleis mogleg å opne og lukke båthuset mot sjøen, alt etter som butikken er open eller stengd.

Sjølv om eigaren no ønskte å få inn ein ny funksjon i naustet, vart det viktig for både eigar og arkitekt å ta vare på, og vise fram, dei vakre lokale materialane og det fine handverket som ligg bak, også på innsida av huset. Utfordringa var då å isolere og klimatisere sjøhuset utan å kle inn, og skjule den opphavelege konstruksjonen. Dette vart løyst med eit nytt klimatisert rom av glas inne i sjøhuset. Det vart støypt eit golv i vassfast betong med varmekablar. Mellom sutaket og yttertaket i tegltakstein, er det tredd på ei «ull-hue», eit tynt lag med isolasjon. Mot golvet er glaset innfesta på utsida av betongdekket. Takka vere godt glasmeisterarbeid er glaset «krabba» og spesialfrest rundt konstruksjonsdelane i taket. Slik vert glasinnfestinga her nærast heilt usynleg. Det er satt inn små trepluggar nokre stader i glaset, slik at ein kan opne opp og kome til bak, for vedlikehald.

Dei opphavlege steinmurane var i all hovudsak i svært god stand. Foto: Trond Isaksen

Lærepunkt

Godt glasmeisterhandverk og ein tilpassa metode for isolering av taket, gjorde det mogleg klimatisere det gamle naustet, og på same tid vise fram den opphavelege konstruksjonen og dei opphavelege materialane. Slik har den historiske garden fått eit særeige og unikt butikklokale som eignar seg særs godt til utsal for gardsprodukt.

 

Forfattar: Riksantikvaren

Naustet er frå andre halvdel av 1800-talet, og er del av Utstein kulturmiljø. Utstein kloster i bakgrunnen. Foto: Trond Isaksen
Før istandsettjing. Foto: Ådne Trodahl
Før restaurering var ytterpanelet og delar av trekonstruksjonen i dårleg stand. Foto: Ådne Trodahl
Foto: Ådne Trodahl
Glasdetalj før fuging. Foto: Ådne Trodahl
Det er satt inn små trepluggar nokre stader i glaset, slik at ein kan opne opp og kome til bak, for vedlikehald. Foto: Ådne Trodahl
Det opphavelge fasadeuttrykket med tette dørar er intakt. Det er satt inn glasdørar bak, slik at ein åpne opp for dagslys og sikt når butikken er open. Foto: Trond Isaksen

Lignende eksempler