Ombruk

Samankopling av bygningar i historisk bymiljø

Fasaden til Byantikvaren i Bergen
Byantikvaren i Bergen. Byantikvarens nye kontorer er plassert i Skostredet, ei gate med eit rikt byliv og lang historie. Foto: Trond Isaksen

Om prosjektet

Byantikvaren i Bergen trengde nye lokale og ønskte å skape eit førebileteprosjekt gjennom å ta i bruk historiske bygg og tilpasse dei til ny bruk. Resultatet er moderne kontorlokale som tilfredsstiller dagens krav til tryggleik, tilgjengelegheit og inneklima samtidig som dei har eit tydeleg historisk særpreg.

ADRESSE
Skostredet 3-5

VERNESTATUS
Fredet

PROSJEKTET
Byantikvaren i Bergen i samarbeid med Arkitektstudio Elfrida Bull Bene og Pallas AS

KONTAKT
Byantikvaren i Bergen

Interiør
Interiør

Prosjektet har freista å eksponere så mykje som mogleg av den opphavelege konstruksjonen. Foto: Trond Isaksen

I den eldste bygningen har ein måla laft i historiske fargar. Foto: Trond Isaksen

Historikk

Skostredet er ei av Bergen sine historiske gater frå mellomalderen. Namnet kjem frå skomakarane som heldt til i gata. Her står dei låge bygningane tett og området er ein samlingstad for kultur og uteliv. Byantikvaren sine nye lokale i Skostredet 3-5 består av to bygningar frå 1800-talet og eit lite trehus frå tidleg 1700-talet. To av bygningane er vendt mot gata samt ein bakgardsbygning.

Ny trapp
Ny trapp. Det er etablert ei ny trapp i svartlakka stål som skil seg ut i det historiske interiøret. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

Det komplekse prosjektet inkluderer både istandsetting av historiske bygningar og eit mindre nybygg. Dei tre bygningane vart sett i stand med nye tillegg slik at kontora tilfredsstiller dagens krav til arbeidsmiljø. I bakgarden, der det før stod ein stall, er det satt opp eit nytt tilbygg med trapperom og heis som tilfredsstiller krav til trinnfri adkomst og rømmingsvegar. Dette er eit grep som skånar dei øvrige bygningane frå omfattande tekniske installasjonar, og inngrep som hadde vore krevjande å få inn i dei historiske bygningane.

Dei fire bygningane er frå ulike tidsperiodar og har ulik samansetning av materialar. Det nye tilbygget har fått eit moderne utrykk og er synleg frå gata. For å tydeleggjere forskjellen på bygningane har dei blitt behandla individuelt. Både fargesetting og opphaveleg materialbruk er vidareført i bygningane slik at eigenarten er synleg. Inne i lokala ser ein kva som er utført i bindingsverk, handlaft og maskinlaft. Ein har også installert ei svartmåla ståltrapp som går gjennom alle etasjer. Denne understreker at bygningane har fått ny bruk. Nye materiale har blitt tilført i høg kvalitet, gjenbruk er lagt vekt på og ein har unngått materiale som gir store klimagassutslipp.

Læringspunkt

Eksempelet syner moglegheitene som ligg i historiske bygningar. Til trass for at bygningane i området er små og trange er dei også tilpassingsdyktige. Her har ein fått til ny og utvida bruk ved hjelp av kreative løysingar, og eit lite nybygg som løyser krevjande tekniske installasjoner.

Biblioteket
Biblioteket er lokalisert i loftsetasjen med eksponerte taksperrer.

Lignende eksempler