Brannsikring

Sprinklaranlegg i mellomalderkyrkje

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

Brannsikring av kyrkjebygg kan være ei stor utfordring, både teknisk og estetisk. I Bø gamle kyrkje er det gjort fleire grep som sparar den freda mellomalderkyrkja for fysiske inngrep. I tillegg er brannsikringstiltaka lite synlege i kyrkjerommet.

ADRESSE
Stasjonsvegen 26, Bø

VERNESTATUS
Automatisk freda

PROSJEKTET
Bravida, Håndverker Jørn Berget

KONTAKT
Kyrkjeverja i Bø

Bø gamle kyrkje er ein steinkyrkje frå 1150 med ein takryttar i tre frå 1800-talet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Bø gamle kyrkje er ein romansk mellomalderkyrkje i stein. Den blei bygd mellom år 1150 og 1180, og både skipet og koret er frå mellomalderen. Våpenhuset blei bygd på 1600-talet, og tidleg på 1800-talet fekk kyrkja ein takryttar. Etter reformasjonen blei interiøret i kyrkja bygd om, i form av eit galleri langs nord- og vestveggen, ein preikestol og ei altertavle i renessansestil. Med unntak av dette, er kyrkja lite endra sidan mellomalderen.

Den nye stigen skjuler røyrføringane til sprinklaranlegget. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

Brann er ein stor risikofaktor som kan leie til tap av heile kulturmiljø. Installasjon av sprinklar og sløkkjeutstyr kan ta stor plass og føre til uheldige inngrep i eit kulturminne. Bø gamle kyrkje har eit våpenhus og ein takkonstruksjon i tre, samt inventar frå både mellomalderen og renessansen. Ved brann kan store kulturhistoriske verdiar gå tapt. Det var difor viktig å installere eit sprinklaranlegg for å sikre kyrkja.

Installasjon av sprinklaranlegget blei gjort samtidig som det kom ny stige til loftet og klokketårnet i kyrkja. Den eksisterande stigen var ikkje sikker og måtte skiftast ut. Dette gjorde det mogleg å leggje røyrføringar til sprinklaranlegget inne i vangen til den nye stigen og opp på loftet. På den måten unngjekk ein røyr og leidningar med lange spenn gjennom kyrkjerommet, og dei fleste røyrføringane kunne leggjast på loftet.

Røyrføringane på loftet er festa med klammer for å unngå å ta hol i bærekonstruksjonen. Sprinklarhovuda går gjennom taket til kyrkjerommet, og er laga av kobber. Materialvalet gjer at sprinklarhovuda er lite synlege i kyrkjerommet. Synlege røyrføringar opp til galleriet er måla for å bli mindre synlege i interiøret. Sprinklarsentralen er montert under sakristiet i eit isolert rom. Vatnet kjem inn gjennom muren under bakkenivå.

Det nye sprinklaranlegget i Bø gamle kyrkje er eit godt eksempel på ein teknisk installasjon som tek omsyn til det historiske interiøret samtidig som det sikrar kulturminnet.

Sprinklarhovuda er lite synlege mot det ubehandla tretaket.
Alle røyra er festa med braketter for å unngå hol i den opphavelege konstruksjonen.
Innfestinger med klammer/braketter er å foretrekker når man har mulighet å bruke stolper eller bjelker.
Deler av det tekniske anlegget som detekterer røyk er plassert på loftet.

Læringspunkter

Når tekniske installasjonar som sprinklaranlegg skal installerast i historiske bygg, er det viktig å sørgje for så få varige inngrep i kulturminnet som mogleg. Inngrepet bør i hovudsak være reversibelt, og ikkje etterlate hol og spor. Ved å utnytte rom som ikkje er i bruk eller løyst inventar med holrom, kan anlegget skjulast. Dei delane av anlegget som må eksponerast, kan tilpassast interiøret gjennom gode materialval.

 

Forfattar: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Lignende eksempler