Ombruk

Nye opplevingar i eit gamalt fabrikkmiljø

bilde av fabrikksanlegget i Langevåg. med båthavn i forgrunden.
Devoldfabrikken i Langevåg Foto: Aase Hogfeldt Eskevik, Riksantikvaren

Om prosjektet

Devoldfabrikken i Ålesund er eit fleire tusen kvadratmeter stort fabrikkanlegg. Å gje nytt liv til ein så stor bygningsmasse kan vere utfordrande. På Devoldfabrikken er dette løyst med eit mangfald av leigetakarar, som til saman skapar både arbeidsplassar og nye opplevingar knytt til eit teknisk-industrielt kulturminne.

ADRESSE
Geilneset 16, Langevåg

VERNESTATUS
Regionalt verneverdig

PROSJEKTET
Flakk Holding, Garde Arkitekter (GARDE.)

KONTAKT
Devoldfabrikken

Mer om prosjektet

foto fra lagret i i smien, bilde viser et hyllesystem med opprinnelige materiell
Bilde av glassvegg som skiller en av butikkene fra gangarealet.

Då den noverande eigaren overtok anlegget, sto smia urørt. Det historiske inventaret er bevart og integrert i dei nye aktivitetane i bygget. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Butikklokala er delte inn med glassvegger som skil seg tydeleg frå dei historiske veggene der dei opphavlege overflatene er bevarte. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Historikk

Devoldfabrikken i Langevåg blei reist i 1869, og produserte vevde og strikka ullvarer. Her fanst det tilgang til vasskraft for drifta. I 1988 blei produksjonen flytta utanlands, og fabrikken blei ståande tom. I dag er området eit industrielt kulturminne. Den noverande eigaren kjøpte fabrikksområdet i 2006, og har sidan utvikla det for handel- og næringsverksemd.

Den gamle fabrikken har i hundre år vore sentral for oppbygginga av lokalsamfunnet i Langevåg. Fabrikkområdet var sjølvforsynt med det meste, og bygningane romma alt frå produksjon av tekstilar til smie og eit eige kraftverk.

Fabrikkområdet består av mange bygningar frå ulike tidsperiodar. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

foto av utemiljø, bilde viser møtet mellom verksted og et lagerbygg

Utfordringer og løsning

Då bygget skulle få ny bruk valde eigarane å halde nokre av miljøa på fabrikken intakte, og gjere dei tilgjengelege for publikum. Den gamle kraftstasjonen produserer framleis straum til anlegget, og kan samtidig opplevast som ein del av den historiske formidlinga av anlegget. Nye funksjonar som atelier, verkstadar, museum, kontorlokale, eit mangfald av butikkar, bakeri og eit aktivitetssenter blei etablert. Areala rommar eit stort mangfald av funksjonar, og er framleis eit kraftsenter i lokalmiljøet.

Å sette i stand eit så stort anlegg og tilpasse det til ny bruk krev både ressursar og tid. Over tid har eigarane skapt liv i dei gamle bygningane på nye måtar og funne ein passende etterbruk for dei. I areala med ny bruk har dei prioritert å bevare bygningsdelar og element frå industrien, i tillegg til opphavlege overflatar, materialar og fargar.

Bilde av utemiljø, bygninger med forskjellige formål ved siden av hverandre,
Bilde fra butikks interiør som viser en av de opprinnelige søylene som har blitt forsterket.

Det er utvikla eit skiltprogram som går igjen over heile anlegget. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Tresøylene har blitt brannforsterka med overflatebehandling og stål slik at bygningane møter dei moderne tekniske krava. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Læringspunkter

Eldre bygningsmasse har stort potensial for å romme nye funksjonar. Historiske bygningar er ofte robuste og fleksible, og kan slik gje rom for mange aktivitetar og svært ulik bruk.

Lignende eksempler