Næring

Ny næring i eldre pakkhus

Foto: Janike Kampevold Larsen

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om korleis tidleg dialog med myndigheitene er eit viktig utgangspunkt for å planlegge løysingar i ein bygning der ein ønskjer å taka vara på det opphavelege.

Det gamle pakkhuset er prega av forfall etter å ha stått tomt lenge, og  blir i dag sett i stand og vidareført som næringsbygg. Arbeidet skjer etter sirkulære prinsipp så langt det let seg gjere. Prosjektet får tilskot frå Riksantikvaren si tilskotsordning for verdiskaping.

ADRESSE
Strandgata 21A, Vardø, Øst-Finnmark.

VERNESTATUS
Omfatta av kulturminneplan for Vardø 2020-2030

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Mattilsynet, Troms og Finnmark Fylkeskommune, Vardø kommune (Vardø havn), Riksantikvaren

ANNA BISTAND
Fortidsminneforeninga

Pakkhuset, som ligg til venstre i biletet, er ein viktig del av hamnefronten i Vardø. Foto: Riksantikvaren

Historikk

Pakkhuset Kanstad & Bye i Strandgata 21 A var opphaveleg bygd på slutten av 1800-talet. Bygningen brann ned i 1898 i ein mindre bybrann og vart bygd opp att i 1900. Pakkhuset inngår i Kulturminneplanen for Vardø 2020 – 2023: Utvalgte Kulturminner og kulturmiljø under fiskerihistorie, og er eit sentralt bygg i hamnefronten i Vardø.

Pakkhuset, eller sjåa som det kallast i Vardø, er ei av dei eldste bygningane i byen. Istandsetjing og ny bruk av bygningen er eit av fleire gode tiltak i Vardø, der det dei siste åra har vore ei positiv trend i byutviklinga.

Pakkhuset vart bruka til lagring av varer, kôl, tømmer og tørrfisk, samt til fiskeforedling fram til 1970-talet, deretter som verkstad og jernvarebutikk.  Med istandsetjingsprosjektet vil bygningen husa det første Vardø-eigde fiskemottaket i nyare tid. I dag er bygningen tatt i bruk som felles egnesentral og lagringsbuer for ni fiskebåtar. Første etasje er i bruk som fryselager og egnesentral for båtane som er knytt til brygga, og både første, andre og tredje etasje blir nytta som lagringsplass for fiskeutstyr.

Eigarane har planar om å vidareutvikla bygningen til å romme tørrfiskproduksjon og utsal frå dei gamle butikklokala. I fjerde etasje er det planlagt bygd kulturarena. Bygningen har allereie blitt bruka av kulturaktørar som Nordting og Pomorfestivalen i 2022, og av Crossings internasjonal filmfestival (Komafest) i 2022 og 2023.

Mellomgang med linestamper. Bygningen er delvis tatt i bruk, samstundes som istandsettingsarbeid pågår. Foto: Janike Kampevold Larsen

Andre og tredje etasje er i bruk som lagerplass for fiskeutstyr. Det gamle reisverket blir teke vare på.
Foto: Janike Kampevold Larsen

Utfordringar og løysningar

Ei hovudutfordring i prosjektet er å gjere sjåa funksjonell, samstundes som mest mogleg av det gamle blir teke vare på. Samarbeidet med myndigheitene er av avgjerande tyding for å få ei optimal tilpassing av bygningen.

Istandsetjingsarbeida, deriblant sikring av bygningen og tetting av nordveggen, samt tiltak som utbetring av kaifront er gjort i dialog og med støtte frå Troms og Finnmark fylkeskommune. Eigarane av bygningen nyttar seg også av anna rådgjevingshjelp i bevaringsarbeidet. Fortidsminneforeininga har gjeve råd om korleis eldre element som det originale treverket i berekonstruksjonen kan takast vare på.

Både det nye fryselageret, den nye egnesentralen og dei nedre bodene er laga etter eit rom-i-rommet-prinsipp, der fryseelement og tette veggar er satt inn innafor dei originale veggane i første etasje. Dette er også eit godt val i klimasamanheng.

Sidan det skal vere både fiskemottak- og utsal i bygningen har eigarane hatt tidleg dialog med Mattilsynet for å få ei oversikt over kva dei kan gjere for å sikre at tiltaka følgjer krava i matlova. Mattilsynet har for eksempel gjeve forslag til ulike måtar ein kan sikre rein sone ved inntak av fisk, enten ved å etablere ei luke i veggen med renne der fisken kan hellast inn i produksjonslokala, eller at fisken blir trilla inn i bakkar med lokk. Det siste alternativet vil krevje store inngrep i inngangspartiet, og eigarane har difor bestemt seg for å gå for det første alternativet.

Ei utfordring i det som skal bli butikklokale er at det som blir kalla mentorbua, opphalds- og lagringsplass for den av fiskarane som er under opplæring, har inngong frå dette lokalet. Dette er utfordrande med tanke på krav til mathygiene, og i dialog med Mattilsynet blei dei einige om å sette opp ein vegg som deler butikklokalet i to. Eigarane har no satt inn ei eiga dør til mentorbua slik at den ikkje får gjennomgang til butikken.

Lærepunkt

Prosessen med å setja i stand det gamle pakkhuset er lang og involverer fleire instansar. Tidleg dialog med mellom anna Mattilsynet gjer planlegginga av tiltaka føreseielege for eigarane. Kjennskap til korleis krava til matproduksjon kan imøtekommast gjer det mogleg å balansere krav til bruk og ønskje om vern.

Lignende eksempler