Ombruk

Lasterampe på freda fabrikkbygning

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

For at omnhus A skulle bli eit attraktivt leigeobjekt måtte ei lasterampe til å møte dei tekniske krava i dag. Dette er gjennomført utan store endringar i fasaden på det freda anlegget.

ADRESSE
Hydroparken Notodden

VERNESTATUS
Vedtaksfreda, UNESCO Verdsarv

PROSJEKTET
Hydroparken, Vestfold og Telemark fylkeskommune

KONTAKT
Vestfold og Telemark fylkeskommune

Dei to hallane er målt i den opphavelege fargeskalaen, og dei opphavelege vindauga er rehabilitert. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Hydroparken på Notodden er eit forsøksanlegg frå starten av den elektrokjemiske industrien i Noreg. Det første pionerarbeidet knytt til industriell framstilling av kunstgjødsel gjekk føre seg her, før teknologien seinare blei tatt i bruk ved det store anlegget på Rjukan.

Omnhus A er ein typisk tidleg 1900-tals fabrikkbygning; organisert på eitt plan, stor takhøyde og godt med innslepp av lys gjennom store vindauge. Bygningen er oppført i pussa mur med takkonstruksjon i stål. Ho var i bruk som omnhus fram til 1934, og hadde plass til 32 Birkeland-Eyde-omnar. Bygningen blei seinare bygd om for produksjon av laminatprodukt, mellom anna respatex. I dag blir ho brukt som lager.

Det nyare tilbygget hadde fleire dører som vende ut mot smuget. Dei er flytta til motsett side av bygningen slik at terrenget kunne hevast. Garasjeporten på motsett side er ikkje ein del av dette prosjektet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Innvendig er det etablert eit nytt vindfang mot lagerhallane. Tiltaket er ikkje synleg i kulturmiljøet når portane er lukka. Foto: Frida Mcintosh, Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

Det tidlegare omnhuset eignar seg godt som lager, men mangla ein moderne lasterampe. For at bygningen skulle brukast til nytt formål vart ei rampe etablert. Bygningen har opphaveleg hatt flere opningar i fasaden, men mange har blitt tetta igjen eller blokkert av nye tilbygg.

Eit av tilbygga strekk seg langt ut frå fasaden til omnhuset. Ved omnhuset ligg hydrogenfabrikken, og mellom tilbygget og fabrikken hadde det oppstått eit smalt smug. Her har det opphaveleg vore ei opning i fasaden til omnhuset, men ho var murt igjen. Opninga blei reetablert og utvida slik at krava i dag blir oppfylt.  Opninga er plassert mellom tilbygget og hydrogenfabrikken, og den nye lasterampa er lite synleg for omgjevnadane.

For at lasterampen skulle møte moderne tekniske krav til høgde og storleik, er terrenget heva i innkøyrselen. Dørene til tilbygget ut mot smuget er flytta slik at det ikkje oppstår konflikt mellom forskjellige aktivitetar.

Etableringa av lasterampen gjorde det mogleg for ei lokal bedrift å ta i bruk bygningen. Den nye opninga er hensynsfullt plassert, og tiltaket er lite synleg.

Læringspunkt

Tilbakeføring av ein tidlegare opning førte til at den historiske bygningen no kan brukast. Ved å sjå behovet i samanheng med omgjevnadane fann ein ei forhaldsvis enkel løysning som gjorde at begge bygningane kunne utnyttast.

 

Forfattar: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Lignende eksempler