
Om prosjektet
Produksjonsanlegget til Devoldfabrikken var stort, og eigarane har tenkt opent og utradisjonelt når det gjeld å finne ny bruk til arealet. Dei ønskja å tilby funksjonar som kunne kome både lokalmiljøet og besøkjande til gode. Det resulterte i Kraftverket aktivitetspark med eit variert tilbod for store og små.
ADRESSE
Geilneset 16, Langevåg
PROSJEKTET
Flakk Holding, Garde Arkitekter
KONTAKT
Devoldfabrikken
Aktivitetsparken brukast både av besøkjande til fabrikken og som eit lokalt fritidstilbod. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren
Det er et variert aktivitets- og servicetilbud på Devoldfabrikken. Da eierne fikk tilbud om å kjøpe en aktivitetspark som skulle legges ned, slo de til for å utvide tilbudet ytterligere. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Historikk
Devoldfabrikken i Langevåg blei reist i 1869, og produserte vevde og strikka ullvarer. Her hadde ein tilgang til vasskraft for drifta. I 1988 blei produksjonen flytta utanlands, og fabrikken blei ståande tom. I dag er området eit industrielt kulturminne. Noverande eigar kjøpte fabrikkområdet i 2006, og har sidan utvikla det for handel- og næringsverksemd.
Aktivitetsparken var tidlegare etablert i andre lokale, men blei kjøpt og flytta til Devoldfabrikken.
Aktivitetsparken er frittstående i rommet, det betyr at den enkelt kan flyttes eller endres uten at man må gjøre inngrep i bygningsmassen. Foto: Frida McIntosh
Utfordringar og løsysingar
Utviklinga av det store fabrikkområdet har gått føre seg i fleire år. I samband med at aktivitetsparken blei flytta til Devoldfabrikken, blei eit større areal sett i stand og aktivisert. Apparata i aktivitetsparken er frittståande modular plassert på eit mjukt belegg. Difor har det ikkje vore nødvendig med større inngrep for å tilpasse romma til ny bruk.
Læringspunkt
Bruk og ombruk er gode føresetnadar for vern av ein bygning. Store industrianlegg er sjeldan tilpassa dagens tekniske krav, og kan difor være kostbare og utfordrande å gjenbruke. Eksempelet syner kreativ bruk av krevjande industribygg. Aktivitetsparken krev få tilpassingar. Den nye bruken skapar liv i tomme areal, noko som gjev verdi til nærmiljøet.