Klimatilpasning

Ny løysing for avrenning på trapp

Spangereid kyrkje Foto: Hege Eilertsen, Riksantikvaren

Om prosjektet

I eit mildare og fuktigare klima er det viktig å utbetre og sikre klimaskalet på sårbare bygg. Lindesnes kyrkjelege fellesråd har etablert eit prosjekt for klimaskalsikring av alle sine kyrkjebygg. Ved Spangereid kyrkje blei to nyare trappar justert for å unngå tilsig av vatn til konstruksjonen.

ADRESSE
4521 Spangereid, Lindesnes kommune.

VERNESTATUS
Ulik vernestatus

PROSJEKTET
Lindesnes kirkelige fellesråd

KONTAKT
Lindesnes kirkelige fellesråd

Trappa som var nyare hadde ei dårleg teknisk løysning der vatnet vartleia inn mot bygningen. Etter justeringablir vatnet førtvekk frå konstruksjonen. Foto: Tanja Røskar/Multiconsult Foto: Foto: Tanja Røskar/Multiconsult

Historikk

Kyrkjene er i ei særstilling som kulturminne. Dei fortel om 1000 års kulturhistorie og er blant våre mest verdifulle bygd når det gjeld arkitektur, kunsthistorie og handverkstradisjonar. Lindesnes kyrkjelege fellesråd forvaltar og er ansvarleg for bevaring av ni kyrkjer. Den eldste er ei steinkyrkje frå mellomalderen. Blant kyrkjene er det også ei automatisk freda kyrkje frå før 1650, fleire korskyrkjer fra 1700 og 1800-talet, i tillegg til Mandal kyrkje, som er ei av Noregs største trekyrkjer.

Spangereid kyrkje er ei mellomalderkyrkje frå 1100-talet som blei påbygd til korskyrkje i 1840. Kyrkja er rehabilitert i flere omgangar, seinast i 1990.

Utfordringar og løysingar

Kyrkjene i Lindesnes kommune er spredt rundt i kommunen og dei ligg både i kystklima og innlandsklima. Felles for alle kyrkjene er at dei er utsett for sopp- og råteskadar, forårsaka av eit mildare og fuktigare klima. Nedbryting frå klima, kombinert med bruk av feil materialar eller dårlege tekniske løysingar ved vedlikehald er utfordrande for kyrkjebygg. I samband med prosjektet blei det utarbeida tilstandsvurderingar for alle kyrkjene som la grunnlag for utbetringane.

Ved Spangereid kyrkje var trappene foran hovuddøra og sidedøra ei utfordring. Dei øvste trinna hadde dårlege tekniske løysningar, der øvste trinnet helte inn mot veggen og skiferen gjekk inn under kledninga. Det var ikkje beslag mellom skifer og kledning slik at vatn kom inn under kledninga og inn til konstruksjonen.

For å endre retninga på overvatnet blei det kutta ei slisse i skiferen nærast veggen og plassert ei rist i slissa foran døra. Vatn som samlar seg på trappene vil på denne måten renne ned i slissa og ut på sidene av trappene. Råteskadar i konstruksjonen blei fiksa ved at trevirke med råte blei fjerna og tømmeret ble spunset med kjerneved. Det ble lagt beslag under kledningen, mellom konstruksjonen og trappen.

Læringspunkt

Langsiktig planlegging og jamleg vedlikehald er den beste og billigaste måten å ta vare påkulturminna. Spesielt med tanke på dei auka klimalastene byggingane vil ha i framtida. Ved å kartlegge behov på heile bygningsporteføljen kan ein planlegga og prioritera nødvendige tiltak, slik at ein kan unngå store skadar og omfattande rehabiliteringar.

 

Forfattar: Multiconsult

Lignende eksempler