Klimatilpasning

Heving av kyrkjebygg

Bilde av kirken under flåm sett frå fly
Foto frå flaumen i 2014. Flere bygningar, jordmassar og vegar blei vaska ut med flaumen. Kyrkjegardsmuren heldt mykje av vatnet unna kyrkjegarden og kyrkja, men store mengder trengde seg også inn og førte til omfattande øydeleggingar. Foto: Oddleif Løset, NRK

Om prosjektet

I slutten av 2014 fekk Sogn ein av dei mest intense nedbørsepisodane så langt i dette år hundret. Det resulterte i ein storflaum i Flåmselva med store øydeleggingar, også for kyrkja. Etter hendinga blei kyrkjebygget flaumsikra ved at konstruksjonen blei heva.

ADRESSE
Flåm kyrkje i Aurland kommune

VERNESTATUS
Listeført kyrkje og automatisk freda kyrkjegard

KONTAKT
Kyrkjeverje i Flåm kyrkje, monica.finden@aurland.kommune.no

Flåm Kyrkje Foto: Ingunn Dahlseng Håkonsen, Riksantikvaren

Historikk

Flåm kyrkje i Aurland kommune blei bygd på slutten av 1600-talet. Kyrkja er automatisk listeført og står på ein mellomalderkyrkjegard. Kyrkja er bygd i tre og har verdifullt malt interiør. Kyrkja ligg i Flåmsdalen, like ved elva som nokre få kilometer lengre fram renn ut i fjorden. Dalsidene er bratte, medan terrenget i dalbotnen flatar ut og gjev plass til jordbruksareal, bygningar og kyrkja.

Heving av kyrkjen

Totalt blei kyrkja heva ca. 38 cm før den blei plassert på fundamentet som var påbygd med naturstein frå området.
Utvendig blei det plassert store betongklossar under hevinga. På desse blei vekta av bygningen midlertidig overført medan kyrkja blei jekka 1 cm av gongen.
Kyrkja låg lågt ned mot grunnen og det hadde lenge vore planer om å heve bygget.
Opprydding etter flaumen. Biletet syner kor langt ned mot grunnen veggen låg, utan synleg grunnmur.
Etter flaumen måtte golvet takast opp, slam fjernast og materialar tørkes. Deretter blei bjelkelaget forsterka og lagd tilbake, og golvet blei isolert før bordgolvet blei remontert.
Kirka på ny grunnmur etter heving.

Utfordringer og løsning

Kyrkja låg i utgangspunktet lågt i terrenget, og det hadde difor lenge vore planar om å heve henne og plassere bygget på ein høgare grunnmur. Flaumen framskynda tiltaket. Det blei etablert ein omfattande rigg rundt heile bygget med jekkar. Risikoen for skadar på bygget var særs stor, og for å unngå dette måtte bygget hevast synkront. Eitt og eitt jekkepunkt blei heva 1cm av gongen, og totalt blei kyrkja heva 38cm. Kyrkja blei deretter plassert på ein ny grunnmur av naturstein henta frå området.

Hendinga ved Flåm kyrkje syner at det er behov for omfattande tiltak ved naturkatastrofar. Sjølv om behovet for heving av kyrkja var kjend og diskutert i forkant av flaumen, blei det ikkje gjennomført. Det var ikkje utelukkande med omsyn til ein eventuell flaum at det blei diskutert ei heving av kyrkja. Heving blei også vurdert for å hindre råteskadar sidan ho ligg lågt i terrenget. Denne typen tiltak krev omfattande spesialkompetanse og planlegging, og er difor kostbart.

Å heve ein heil kyrkjekonstruksjon vil være eit omfattande inngrep i både mellomalderkyrkjegarden og sjølve kyrkja. Tiltaket har ført til at opphavelege bygningsdelar har blitt skifta ut eller flytta på og nye deler har blitt lagt til. Kyrkja si visuelle utforming har med tiltaket blitt endra, for eksempel den heva grunnmuren. Samstundes var tiltaket nødvendig for å sikre bygningen si tekniske tilstand og ikkje minst styrke kyrkja si evne til å motstå ein tilsvarande flaum igjen.

Læringspunkter

Oppjekking kan være eit alternativ for å hindre flaumskadar, men det krev god planlegging og involvering av riktig kompetanse.

 

Forfattar: Multiconsult

Lignende eksempler