Klimatilpasning

Klimatilpassingstiltak og miljøovervaking på Bryggen i Bergen

Fronten av Bryggen. Eigarane utfører istandsettingsarbeid på bygga. Dette bidreg til å sikre verdensarvverdiane og gjev gode opplevingar for turistar og andre som besøkjer Bryggen. Foto: Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren

Om prosjektet

Bryggen i Bergen er ein av Noregs åtte verdensarvstader. Noreg har forplikta seg til å forvalte og ta vare på verdsarvområda etter beste praksis. På Bryggen har Riksantikvaren i eit flerfagleg samarbeid funne løysingar for klimatilpassing og miljøovervaking som har overføringsverdi til andre byar og tettstader.

ADRESSE
Bryggen, Bergen, Vestland

VERNESTATUS
UNESCO Verdsarvstatus, automatisk freda bygrunn og vedtaksfreda bygg

PROSJEKTET
Riksantikvaren i samarbeid med NIKU

KONTAKT
Riksantikvaren

Eksempel på tiltak for klimatilpassing og lokal handtering av overvatn på verdensarvstaden Bryggen. Nedsenking i plenen held på overflatevatnet og det filtrerast sakte ned i grunnen og sikrar eit stabilt grunnvassnivå. Foto: Anette Ramstad

Dokumentasjon av arkeologiske kulturlag og konstruksjonar ved utgravninga på Bryggen på 1950/-60-talet. Bygg som står her i dag står på samme type lag. Dei er opptil 10 meter tjukke, og er avhengige av eit stabilt grunnvassnivå. Foto: Universitetsmuseet i Bergen, UiB

Historikk

Trehusa på Bryggen i Bergen, med dei lange og smale bygningsrekkene, har røter heilt tilbake til 1100-talet. Bryggen var ein sentral handelsstad i mellomalderen som hadde tyding for både nasjonal og internasjonal handel. Hanseatane bygde opp ein uavhengig handelskoloni på Bryggen på 1300-talet. Hanseatane vidareførte den norske byggeteknikken og bygningsmønsteret på Bryggen, slik vi kan sjå det i dag. Bygga som står på Bryggen i dag er oppført etter bybrannen i 1702, men innanfor eldre eiendomsgrenser.

Dagens bygg står på opptil ti meter tjukke lag av husrestar, brannrestar og spor etter menneske som budde og arbeida på Bryggen heilt tilbake til mellomalderen. Desse kulturlaga omfattar 100 000 m³ og saman med bygga utgjer dette verdensarven.

Tilpassing til eit klima i endring på Bryggen i Bergen fører med seg ein heilskapeleg og fleirfagleg tilnærming for å sikre stabilitet til bygga og dei arkeologiske kulturlaga under bygningane. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Bredsgården – bygg som er skada av setningar støttast opp. Foto: Elin Jensen, Stiftelsen Bryggen

Utfordringer og løsning

Ei sentral utfordring på Bryggen har vore setningsutviklinga på bygga og at grunnvatnet og overflatevatn blei drenert vekk frå dei arkeologiske kulturlaga under bygningane. Det er dei seinaste åra påvist ein klar samanheng mellom bevaring av kulturminne både over og under bakken og forvaltinga av både overflatevatn og grunnvatn, spesielt i byområde. Tilførsel av overflatevatn til kulturlaga er difor viktig for å halde høgast mogleg innhold av vatn og for å gje gode høve for bevaring for kulturlag og trefundament. Endringar i vassinnhaldet i kulturlaga, leiar til uttørking og komprimering. Dette skadar kulturhistorisk materiale både under og over bakken.

Kulturlaga på Bryggen er også utsett for ei rekkje andre klimarelaterte utfordringar som:

– Auka nedbørsmengde og endra nedbørsmønster. Dette leier til utfordringar med handtering av overvatn. Tilførsel av vatn til kulturlaga er i utgangspunktet positivt, men auka nedbørsmengder kan også være ein trussel mot kulturlaga når infiltreringsanlegg for handtering av overvatn ikkje fungerar eller om eksempelvis forureining av overflata leier til uønska kjemiske endringar i kulturlaga.

– Grunnvassnivået har over ein lengre periode vore søkkande ved Bryggen. Dette skyldast i hovudsakt dreneringa i området, men auka temperaturar og fordamping i tørre periodar er også noko som kan verke inn på dette. Grunnvatn bidreg til å stabilisere grunnen og har eit lågare innhald av oksygen enn overflatevatn, noko som reduserar nedbrytingsprosessar.

– Med auka havnivå i kombinasjon med stormflod er Bryggen meir utsett for fare for oversvømming og saltvann i kulturlag. Dette vil auke nedbrytningshastigheita i kulturlaga.

I perioden 2011 – 2017 blei det gjennomført avbøtande tiltak for reetablering av grunnvassnivå på Bryggen. Eit sentralt punkt i løysinga er infiltrasjon av overflatevatn til grunnen. Fleire ulike løysingar som grøne grøfter og seinkingar som samler vatn, og ledningar for infiltrasjon av overflatevatn er brukt.

For å ta vare på dei arkeologiske kulturlaga sin kjeldeverdi og for å redusere setningsskadar på dei kulturhistorisk verdifulle bygga, har Riksantikvaren satt i gang eit omfattande overvakingsarbeid. Gjennom miljøovervaking og systematisk og målretta innsamling av data om tilstand og forholdt for kulturlaga, og setningsutvikling på bygga kan det avgjerast kva som kan gå tapt, kor raskt det vil skje, og om ytterlegare avbøtande tiltak er naudsynt. Tiltaka har bidrege til betre sikring og vern av verdensarvstaden Bryggen, og er viktig for bevaring av dei kulturhistoriske verdiane.

Grunnvatn og overflatevatn blei drenert bort frå dei arkeologiske kulturlaga. Tetting av spuntveggen ved byggegropa til SAS-hotellet på Bryggen var eitt av tiltaka for å sikre høgt grunnvassnivå. Foto: T. Sponga. © Riksantikvaren

Læringspunkter

Klimatilpassingstiltak for å takle situasjon med overvatn i framtidas byer og tettstader kan ved riktig utforming betre høva for bevaring for kulturminne både over og under bakken. Miljøovervaking er eit langsiktig arbeid, basert på kjende og sameinte årsak-verknadsforhold og følgjer prinsippa for god miljødatahandtering. Lange tidsserier med målingar og ein jamn tilførsel av opplysingar, vil sikre forvaltinga oppdatert og tilfredsstillande kunnskap om høva for bevaring og bevaringstilstand. Det gjev oss dei beste verkøtya for å drive ein kunnskapsbasert forvalting.

Regnbed på Bryggen under konstruksjon. Foto: Rory Dunlop, NIKU

Overvaking av grunnvassnivå – to ulike typar: miljøbrønn i dei arkeologiske kulturlaga og miljøbrønn ned til den gamle sjøbotnen under bygga. Illustrasjon: O.M. Hansen, Alkymi Design

Lignende eksempler