Klimatilpasning

Tradisjonell overflatebehandling av kyrkjebygg

Vigmostad Kirke Foto: Tanja Røskar, Multikonsult

Om prosjektet

I eit mildare og fuktigare klima er det viktig å utbetre og sikre klimaskalet på sårbare bygg. Lindesnes kyrkjelege fellesråd har etablert eit prosjekt for klimaskalsikring av alle sine kyrkjebygg. Ved Vigmostad kyrkje har dårleg forarbeid og feil måling ved tidlegare overmalingar ført til stygge overflatar og at kledinga ikkje er beskytta. No er kykja skrapt og måla opp att med tradisjonell måling.

ADRESSE
Vigmostad kyrkje, Lindesnes kommune, Agder

VERNESTATUS
Listeført kyrkje

PROSJEKTET
https://kirken.no/nb-NO/fellesrad/lindesnes/

KONTAKT
Lindesnes kyrkjelege fellesråd

Historikk

Kyrkjene er i ei særstilling som kulturminne. Dei fortel om 1000 år med kulturhistorie, og er bland våre mest verdifulle bygd når det gjeld arkitektur, kunsthistorie og handverkstradisjonar. Lindesnes kyrkjelege fellesråd forvaltar og er ansvarleg for bevaring av ni kyrkjer. Den eldste er ei steinkyrkje frå mellomalderen. Blant kyrkjene er det også ei automatisk freda kyrkje frå før 1650, fleire korskyrkjer fra 1700 og 1800-talet, samt Mandal kyrkje, som er ei av Noregs største trekyrkjer.

Vigmostad kyrkje er ei korskyrkje i tre teikna av arkitekt Linstow og oppført i 1848.

Kledningen på Vigmostad kirke hadde også fuktbelastninger som hadde ført til råteskader. Foto: Tanja Røskar, Multiconsult

Blemmer og flassing av maling er vanlige utfordringer på kledning som er malt mange ganger og med forskjellige malingstyper. Det kan være flere grunner til at disse problemene oppstår, blant annet manglende forarbeid før tidligere overflatebehandlinger, eller at malingen som er brukt har vært for tett. Foto: Tanja Røskar, Multiconsult

Svertesopp synes godt på hvitmalte, store bygninger. Før inneholdt hvitmaling bly og var mer motstandsdyktig mot sopp. Foto: Tanja Røskar, Multiconsult

Utfordringer og løsning

Kyrkjene i Lindesnes kommune er spredt rundt i kommunen og dei ligg både i kystklima og innlandsklima. Felles for alle kyrkjene er at dei er utsett for sopp- og råteskadar, forårsaka av eit mildare og fuktigare klima. Nedbryting frå klima, kombinert med bruk av feil material eller dårlege tekniske løysingar ved vedlikehald er utfordrande for kyrkjebygg. I samband med prosjektet blei det utarbeida tilstandsvurderingar av alle kyrkjene som la grunnlag for utbetringane.

Vigmostad kyrkje har blitt måla fleire gongar. Manglande forarbeid, som vasking og skraping før tidlegare målingsarbeid, har ført til problem med overflatane. Blant anna var svertesopp måla over, og ikkje vaska. Dette fører til at målinga ikkje fungerer som den skal, og at den har mindre beskyttande effekt. Nyare målingslag har ikkje vore diffusjonsåpne. Dette betyr at fukt ikkje har fått vandre gjennom målingslaga, men «låsast» bak målinga og leiar til råteskadar i kledninga og konstruksjonen.

Målinga er eit «offersjikt». Det vil seie at det er målinga som skal belastast av vêr og vind, ikkje det underliggjande treverket. Målinga er lettare og rimelegare å fornye enn å skifte ut kledninga. For å styrke overflatane si evne til å beskytte seg, blei eksisterande måling fjerna ned til trevirke og kyrkja blei måla med grunning og to strøk linoljemaling.

Linoljemaling har mange gode eigenskapar. Blant anna trekk målinga inn i underlaget, beskytter treverket og gjev god heft. Målinga slitast frå oversida og innover, den er slitesterk og enkel å fornye. Når offersjiktet brytast ned er målinga diffusjonsåpen, slik at fukt som treng inn i treverket kan dampe ut igjen når det tørkar.

Overflatebehandling av kledning er en omfattende prosess. Eksisterende malingslag ble fjernet ned til trevirke, og kirken ble malt med grunning og to strøk linoljemaling. Foto: Tanja Røskar

Læringspunkter

Optimismen kring nye produkt som lovar enklere løysingar har i periodar vore stor, og dette har ført til mange problem på historiske bygg. Tilbakeføringar til opphaveleg material- og metodebruk er ofte den beste og enklaste løysinga for å sikre kulturminne vidare.

 

Forfattar: Multiconsult

Vigmostad Kirke Foto: Multiconsult

Lignende eksempler