Klimatilpasning

Vernekledning på eit utsett tømmerbygg

Montering av panel på Vetestova. Foto: Foto: Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune.

Om prosjektet

I Vestland fylke er enkelte område utsette for ekstremvær og store nedbørsmengder. For å beskytte den sårbare laftestua betre, har det blitt nødvendig å kle den inn med vernekledning.

ADRESSE
Ulvedal, Vestland fylke

VERNESTATUS
Vetestova er under freding,

PROSJEKTET
Eier Gunnar Ulvedal

KONTAKT
Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune

Vetestova før monteringa av panel. Foto: Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune.

Vetestova etter monteringa av vernekledning. Døråpninga som tidlegare var open er no dekka av ei labankdør. Foto: Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune.

Historikk

Vetestova i Ulvedal er ei vakthytte frå det gamle vetesystemet. Ein vete var eit reisverk av tømmer som det blei sett fyr på som eit varsel i ufredstid. Ilden varsla andre vetar og grender. Ein antek at det var om lag 800-1000 vetestadar i landet, men Vetestova i Ulvedal er den einaste av dette slaget som står på den opphavelege plassen sin. Dateringa av bygninga er usikker.

Montering av panel på Vetestova. Foto: Seksjon for kulturarv, Vestland fylkeskommune.

Utfordringane og løysinga

Et endra klima med meir nedbør, som ofte kjem i større mengder på ein gong, gjer at bygningane ikkje klarar å tørke mellom kvar nedbørsperiode. Dette aukar den biologiske nedbrytinga i form av sopp og råte, som gir næringsgrunnlag for skadeinsekt.

Tømmerkjernen i Veslestova hadde ein del råteskadar, men stokkane var sterke nok til å bere taket som blei lagt om for nokre år sidan. Bygninga har ikkje golv og står plassert med syllstokkane kvilande på steinar i hjørna.

Det var først tenkt at bygninga skulle demonterast, og det råteskada tømmeret skulle skiftast ut. For å bevare bygninga i størst mogleg grad, gjekk man bort frå ei tradisjonell istandsetting med utskifting av råteskada delar. I staden blei det montert ein reversibel vernekledning på veggane. Kledningen er festa til lekter som igjen er festa i sidene på bygningen. Dei eksponerte endane av tømmerstokkar som ikkje er dekka av kledningen har blitt beskytta med påmonterte delar av kledningsbord.

Sjølv om kulturminnet er endra, har det framleis stor opplevingsverdi og er tilgjengeleg for formidling og forsking. Utan denne løysinga ville det antakeleg vore nødvendig å skifte ut stadig meir tømmer som er brote ned, og til slutt risikerer ein å sitte igjen med svært lite av det originale materialet.

Læringspunkt

For nokre kulturminne blir bevaringa av materiala i bygningane prioritert høgare enn opplevingsverdiar. Eksempelet syner at klimatiltak kan gjennomførast utan utskifting av dei opphavelege materiala.

 

Forfattar: Multiconsult

Lignende eksempler