Istandsetting

Revansje for Folkets Hus på Rjukan

Foto: Per Berntsen

Om prosjektet

Arbeidarrørsla i Rjukan fekk bygd eit eineståande kulturhus i 1930. Kort tid seinare tok Hydro over eigarskapet og bygningen vart endra. Det skulle ta over 70 år før det igjen vart mogleg å oppleve Folkets Hus slik det var meint å vere.

ADRESSE
Storstulgata 1, Rjukan

VERNESTATUS
Vedtaksfreda

PROSJEKTET
Tinn kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune

FERDIGSTILT
2012

KONTAKT
Vestfold og Telemark fylkeskommune

Store sal: Dei originale tapeta er kopierte og attendeførte. Andre overflater skrapa ned, og måla på nytt i original fargepalett. Scena har fått tilbake sin originale bogeforma front. På golvet er ein nyare laminert stavparkett fjerna, og erstatta av ny massiv eikeparkett, lagt i opphaveleg sjakkruta mønster.

Foajé: Huset rommar i dag mange av dei same publikumsretta funksjonane som då det først vart bygd; kino, teater- og konsertsal og kafé.

Foto: Frida McIntosh

Historikk

Norsk Hydro-grunnleggjar Sam Eyde hadde i 1902 sikra seg Rjukanfossen og ville byggje opp eit moderne industrisamfunn i det tronge dalføret. Han engasjerte dei fremste arkitektane og ingeniørane i samtida, og i 1909 vart det oppretta eit eige byplankontor på Rjukan. Byutviklinga var basert på ein idealistisk visjon om ein heilskapleg og gjennomført by med gode butilhøve for arbeidarane.

Det var dei to arkitektane Jakob Hanssen og Gerhard Iversen som teikna Folkets Hus i Rjukan. Hanssen sto òg bak mellom anna Colosseum kino i Oslo, men dei to arkitektane framheva at Folkets Hus var det mest kompliserte og interessante bygget dei hadde teikna. Huset hadde scene og kino, kontor og redaksjonslokale. Då det sto ferdig i 1930, vart det rekna som det mest imponerande kulturhuset i Skandinavia. Plasseringa sentralt i byen, den funksjonalistiske fasaden og dei imponerande nyklassisistiske interiøra, understreka arbeidarrørsla sin posisjon i Rjukan rundt 1930.

Samstundes var ikkje situasjonen berre lett. Eit så flott bygg kosta, og 600 000 kroner var mykje pengar i 1930. Arbeidarrørsla tok opp lån hos Hydro og Frydenlunds Bryggeri for å finansiere byggeprosjektet. Børskrakket i 1929 gjorde 30-åra utfordrande, og i 1935 måtte arbeidarrørsla gje huset til Hydro. FH-emblemet i fasaden vart meisla vekk og store delar av huset vart måla innvendig – berre fem år etter at huset sto ferdig. Namnet vart endra frå Folkets Hus til Rjukanhuset, og arbeidarrørsla leigde huset av Hydro. I 1949 tok arbeidarrørsla over huset att, men hadde lite midlar til å gjere oppgraderingar. I 1989 kjøpte Tinn kommune bygningen, og har brukt store ressursar på tilbakeføring og istandsetjing.

Overlys: I trappereposet i hallen er den opphavelege lyshimlinga atterskapt. Foto: Frida McIntosh

Utfordringar og løysning

Mot slutten av 1990-talet sette kommunen i gang rehabilitering av bygningen.

Då Hydro tok over bygningen i 1935, prega selskapet bygningen. I Store sal, vart dei eksklusive silketapeta måla over med okerfarge. Det eikekledde gelenderet i galleriet vart måla i grått og pynta med ein rosett i kvart felt. Da attendeføringa vart starta opp på 90-talet var hovudstrukturen i bygningen i god stand, og rehabiliteringa dreia seg i stor grad om overflatehandsaming og tilbakeføring.

Nedsenka himlingar frå 1960-talet vart fjerna, og i trappereposet i hallen, vart den opphavelege lyshimlingen atterskapt. I Store sal vart dei originale tapetane kopierte og attendeførte. Elles vart overflater skrapa ned, og måla på nytt i original fargepalett. Scena hadde på eit tidspunkt fått eit tilbygg. Dette vart fjerna slik at scena fekk tilbake sin originale bogeforma front. På golvet vart ein nyare laminert stavparkett fjerna, og erstatta av ny massiv eikeparkett, lagt i opphaveleg sjakkruta mønster. I 2012 vart òg vindauga førte attende til deira opphavelege form og bokstavane FH (Folkets Hus), fekk atter ein plass på fasaden.

Folkets Hus, som i ein periode vart kalla Rjukanhuset, fortel ei viktig historie om klasse- og makttilhøve i Rjukan på 1900-talet. Då Tinn kommune tok over bygningen på slutten av 1980-talet, valde dei å attendeføre element som fortel om den posisjonen arbeidarrørsla hadde i Rjukan på 1920- og 1930-talet. Bygningen har i dag mange av dei same funksjonane som då han først vart bygd; kino, teater- og konsertsal, kafé og kontor. Atter igjen er det mogleg for vitjande, og folk i Rjukan, å oppleve arbeidarrørsla sin eigen storstove.

Foto: Frida McIntosh

Lærepunkt

Istandsetjing, eller attendeføring, som det i stor grad var snakk om her, kan vere utfordrande i eit bygg som har mange lag med historie. Tinn kommune har vore tydelege på kva for periode som skulle vere utgangspunkt for attendeføringa. Det har lagt grunnlaget for alle val som har blitt tatt i den langvarige attendeføringsprosessen.

I 2012 vart vindauga førte attende til opphaveleg form og logoen til Folkets hus, kom opp att på fasaden. Foto: Trond Taugbøl
Store sal. Trapp til galleri. Foto: Frida McIntosh
Store sal. Foto: Frida McIntosh

Lignende eksempler