Istandsetting

Istandsetting av bispestove

Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Bispestova hadde stått tom i fleire år då det blei oppdaga at ho hadde fått store skadar som svekka konstruksjonen. Men, ved hjelp av kunnskapsrike handverkarar og ei engasjert dugnadsgruppe er den historisk viktige bygningen sett i stand.

ADRESSE
Lavik Prestegård

VERNESTATUS
Vedtaksfreda

PROSJEKTET
Venneforeininga for Bispestova i Lavik i samarbeid med Jølster Billelag og Vestland Fylkeskommune

KONTAKT
Vestland Fylkeskommune, Venneforeininga til Bispestova i Lavik

Det har blitt lagt nye golv med veksling mellom topp og rot i golvborda og dei er sett inn med grønsåpe. Omnen er opphaveleg og har blitt sett i stand. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Møblar og inventar er samla inn frå Lavik og omegn. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Bispestova er ein del av den freda prestegarden i Lavik. Bispestova har blitt ombygd fleire gonger og har hatt variert bruk som blant anna vognskjul, skule og bustad. Stova blei flytta til sin noverande plassering rundt 1935. Sidan 2019 har Venneforeininga for Bispestova i Lavik hatt ansvaret.

Bispestova har bygningsdelar som er eldre enn sjølve prestegarden, opphaveleg var ho ei sperrestove med røykomn. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

Bispestova hadde stått utan tilsyn lenge og hadde store skadar frå ombygging, inntrenging av vatn og skadedyr. For å få sett i stand bygget blei det etablert ei engasjert dugnadsgruppe. Dei fekk hjelp frå fylkeskommunen og erfarne tradisjonshandverkarar slik at arbeidet blei utført med tradisjonelle materialar og metodar.

Dei store skadane førte til at mykje av den opprinnelege og eldre konstruksjonen måtte skiftast ut. Med det har viktige kulturhistoriske verdiar gått tapt, mellom anna spor frå ljoren, takluka som blei brukt då stova tidlegare hadde røykomn. Vindauga har blitt rehabilitert og overflatar er måla med linoljemaling. Omnen har blitt rehabilitert, og tidsriktig inventar har blitt samla inn frå området rundt Lavik.

Bispestova er ein viktig del av den freda prestegarden. Dei frivillige si tyding for kulturminne er stor, og det var det lokale engasjementet som gjorde istandsettinga mogleg. Bispestova er eit eksempel på ein redningsaksjon som syner kva ein kan få til med eldsjeler og pågangsmot tross eit utfordrande utgangspunkt og dårleg tilstand. Og det er ikkje berre sjølve istandsettinga engasjementet har tyding for, også bruken etterpå. At mykje av arbeidet har involvert lokalmiljøet gjer at bygget har fått ei ny og aktualisert rolle. Stova blir i dag brukt til omvising, utstillingar og formidling.

Bispestova. På loftet har nesten alt av konstruksjon og overflatar blitt skifta ut etter dei store skadane som kom av lekkasjar. Loftarealet fungerar no som eit utstillingslokale for venneforeininga til Bispestova. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

Jamleg tilsyn av historiske bygg er viktig slik at ein avdekker skadar før dei rekk å bli omfattande. Frivillig engasjement i kombinasjon med fagkyndige innanfor tradisjonelt handverk kan gje moglegheiter for istandsetting og ny/fortsatt bruk.

Då taket blei lagt om, blei all opprinneleg og eldre stein samla på ei takflate.
Det blei funne eldre bordpanel i stubbegolvet som tydeleg syner at bygget opphaveleg var raudt, fasadane har no blitt tilbakeført til denne fargen.

Lignende eksempler