Om prosjektet
Dei opphavelege vindauga gjev rommet eit varmt lys og spanande fargespel gjennom dei gamle glasa. Som ein del av eit større rehabiliteringsprosjekt blei det lagt vekt på ei antikvarisk riktig istandsetting av vindauga.
ADRESSE
Parkgata 9, Ålesund
VERNESTATUS
Henssynssone bevaring
PROSJEKTET
Kirkens Bymisjon, Dør og Vindusvern
KONTAKT
Eva Braland Sætre
Vindauget er ein viktig del av fasaden. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Historikk
Ålesunds metodistkyrkje blei oppført etter bybrannen i 1904. Ho er teikna av arkitekt og byggmeister Risberg & Kjellgren. No har Kirkens Bymisjon med støtte frå Kulturminnefondet rehabilitert bygget som opna som kafé i 2019.
Dei opphavelege vindaugene skapar eit mjukt lys Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Dei opphavelege sprossane har bogar. Ramma er difor forsterka med eit stålstag som går på tvers av vindauget. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Utfordringar og løysingar
Ein viktig del av rehabiliteringsprosjektet i kyrkja har vore rehabilitering av dei opphavelege vindauga. Vindauga har ein romansk hovudform med bogen overstykke. Dei er inndelt med fleire sprossar. Dei store vindauga har ornamentglas og enkelte har fargar. Vindauga er no restaurert med tradisjonelle metodar og høg handverkskompetanse som fordrar skraping, reparasjonar med tilsvarande materialar, linoljebehandling og maling.
Vindauga i metodistkyrkja har enkle glas. For å betre isolasjonsevna i gamle vindauge kan ein oppnå gode resultat ved å setje inn varevindauge. I eit rom som dette, der vindauga har ei så sentral rolle vil dette gjerne føre til store visuelle endringar og mindre lysinnslepp. Etablering av varevindauge krev difor grundige vurderingar for å sikre at gode løysingar blir vald.
Dersom dei nyrestaurerte vindauga blir haldt ved like, kan dei pryde bygget og setje farge på salen med lysspelet sitt i nye 120 år. Dette er i seg sjølv klimavenleg. Samstundes er det viktig å finne energisparande tiltak som også står seg over tid og tek vare på eksisterande kvalitetar i bygget. Så langt er det vald ei midlertidig løysing ved å installere vifter i taket slik at den varme lufta sirkulerer i kyrkjerommet. Men på sikt vil fleire alternativ utgreiast.
Læringspunkt
Opphavelege og eldre vindauge har høg verneverdi både med tanke på bevaring av fasaden sitt opphavelege uttrykk, oppleving av interiør og material- og handverkskvalitet.