Istandsetting

Klokketårn med rett tid

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

I samband med rehabiliteringa av fasadane på hydrogenfabrikken, blei det gjennomført ei istandsetting av klokka i tårnet på fabrikken.

ADRESSE
Hydroparken Notodden

VERNESTATUS
Vedtaksfreda / UNESCO verdsarv

KONTAKT
Vestfold og Telemark fylkeskommune

Kobberbeslaget hadde blitt måla fleire gonger. Som ein del av rehabiliteringa av fasaden blei det difor prioritert å sette i stand klokka. Foto: Ruben Krokstrand

Klokken var skitten, og belysningen hadde sluttet å virke. Foto Ruben Krokstrand

Historikk

Hydroparken på Notodden er eit forsøksanlegg frå starten  av den elektrokjemiske industrien i Noreg. Det første pionerarbeidet knytt til industriell framstilling av kunstgjødsel gjekk føre seg her, før teknologien seinare blei tatt i bruk ved det store anlegget på Rjukan.

Hydrogenfabrikken på Notodden, også kjent som Tungtvannsfabrikken, blei oppført i 1927 og er teikna av Thorvald Astrup. Her blei hydrogen framstilt ved vasselektrolyse, og dette var første leddet i produksjonslinja til ammoniakk-metoden. Hydrogenfabrikken var i drift fram til 1968.

Bygningen er utført i upussa, armert betong med høge jernvindauge. Han er eit godt eksempel på ein klassisistisk industribygning med tempelfasade og klokketårn.

Tårn har vore viktig i religiøs og profan arkitektur, både funksjonelt og symbolsk. Klokketårna romma i utgangspunktet klokker, som folk kunne høyre over lange avstandar. Då det mekaniske uret blei funne opp, fekk etter kvart klokketårna ur. I industrisamfunnet var offentlege ur viktige for å kontrollere arbeidstida i fabrikkane. Uret i klokketårnet på hydrogenfabrikken er ein viktig del av bygningens karakter, og den rolla bygningen har i kulturmiljøet Hydroparken.

Bakgrunnsbelysninga er bytta ut med LED, og elektronikken er oppgradert. Foto: Ruben Krokstrand

Utfordringer og løysing

Sjølve klokka i klokketårnet var slitt og trengte vedlikehald på lik linje med resten av fasaden. Tårnet har hatt klokkefunksjon som utgangspunkt, og dei dekorative elementa i fasaden passar til funksjonen. Å fjerna klokka fordi ho ikkje lenger fungerte, ville redusert opplevinga og forståinga av bygningen.

Urskiva i glas hadde opphaveleg bakgrunnsbelysning og var omramma av kobberbeslag. Urskiva var skiten og nedgrodd av sopp. Kobberbeslaget hadde blitt måla fleire gonger. Som ein del av rehabiliteringa av fasaden blei det difor prioritert å sette i stand klokka.

Klokka blei først demontert, før all elektronikk blei skifta ut og LED-lys installert. Visarar og rammer blei reingjort og måla med rustbeskyttande måling og til slutt målt med svart, som var den opphavelege fargen.

Urskiva i glas var i dårleg stand, og det vart laga ein kopi. Det nye glaset blei sandblåst på baksida og målt kvitt. Kvit farge gjer at lyset blir spreidd jevnt på baksida av urskiva. Talskiva blei kopiert over på den nye glasplata, og dei originale visarane blei montert.

Istandsettinga av uret var eit tidkrevjande prosjekt. Samtidig var det avgjerande for resultatet av rehabiliteringsarbeidet at klokka ikkje blei nedprioritert, men heller framheva som eit sentralt element.

Urskiva blei demontert og kopiert. Foto: Ruben Krokstrand

Læringspunkter

Istandsetting av detaljar i ein fasade er viktig for å oppretthalde uttrykket, og kan vera avgjerende for heilskapen i eit istandsettingsprosjekt. Difor er det viktig å kartlegga og forstå ideen bak bygningen, slik at ikkje viktige detaljar går tapt.

 

Forfatter: Riksantikvaren

Lignende eksempler