Istandsetting

Art-deco fram i lyset

Billettsalen i Forum kino. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Forum kino har særprega arkitektur, med mange opphavelege detaljar som er godt bevart. Rehabiliteringa av anlegget har ført til at dei flotte arkitekturdetaljane er synleggjort, spesielt har vestibyle, billettsalen og fasadar blitt prioritert.

ADRESSE
Fjøsangerveien 28, 5053 Bergen

VERNESTATUS
Freda

PROSJEKTET
Brødrene Ulveseth AS, Arkitektstudio Elfrida Bull Bene AS

KONTAKT
Byantikvaren

Vestibylen har fått ein ny servicedisk og bar. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Dei opphavelege benkane er framleis i bruk. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Forum Kino er teikna av Bergensarkitekten Ole Landmark. Bygginga starta i 1939, men på grunn av krigen vart kinoen ikkje ferdig før i 1946. Det monumentale art-deco bygget er ein viktig del av kulturmiljøet på Danmarks plass i Bergen.

I Skandinavia ser vi at kinobygg frå denne tida gjerne blei prega av internasjonal arkitektur, og dei fekk eit formspråk som tydeleg reflekterte at dette var ein stad for store opplevingar. Art-deco kinoen, som er heilt spesiell i norsk samanheng, er godt bevart både i eksteriør og interiør. Det freda bygget er nyleg rehabilitert og blir i dag nytta som kulturarena og konferansesenter.

Original dør med overlys og flotte dekorelement er bevart i anlegget. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

Forum Kino bidreg til å løfte kulturmiljøet på Danmarks plass. Etter å ha stått tom i lang tid er bygget no rehabilitert med fokus på å tilbakeføre så mykje som mogleg til det opphavelege uttrykket, samstundes som ein legg til rette for moderne fleirbruk.

Sjølv om det er eit overordna mål i store rehabiliteringsprosjekt å tilbakeføre mest mogleg av den opphavelege arkitekturen, vil endringar og tilpassingar ofte vere nødvendig. Endringane er ofte knytt til sikkerheit, nye tekniske krav og behov for fleire eller nye funksjonar i bygget.

Kinoen hadde godt bevarte detaljar, samstundes var det også gjort ein del endringar over tid. I samband med rehabiliteringa blei det lagd stor vekt på tilbakeføring til Landmarks arkitektur. Inne i bygget hadde billettsalen og vestibylen gjennomgått store endringar, blant anna med senka himling og teppegolv over den originale terrazzoen. Begge areala er no ført tilbake og møblert med originale møbler og interiørdetaljer, i tillegg til nye tilpassa møblar som servicedesk og bar.

Sjølve salen hadde også gått gjennom fleire endringar. Blant anna var overflater og fargesetting forandra. Det var eit ønskje om å ta salen tilbake til den gamle material- og fargepaletten i overflater på veggar og i himling. Etter fargeundersøkingar er salen sine overflater ført tilbake til ein grå-grønn, lys himling og mørke panel på sidene.

Fasadane er sett i stand med tradisjonelle materialar og metodar, men med nokre tilpassingar. På 1950-talet blei mineralittpussen på sokkeletasjen malt over og alle gesimsprofilar blei kledd med malte beslag. Mineralittpussen er ikkje ført tilbake, men det er søkt å pusse flatene slik at dei skal likne det opphavelege fargeuttrykket. Gesimsprofilane var i dårleg stand og har blitt reparert. Det er også vidareført beslag, men i sink og med reduserte dimensjonar.

Forum Scene, inngangsparti. Forum kino er eit monumentalt art-deco bygg og heilt spesielt i norsk samanheng. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkt

Når ein arbeider med eldre arkitektur får ein ofte store overraskingar knytt til funn av detaljar og tidlegare tiders fargebruk. Det er viktig at ein sett av tid i planleggingsfasen til å tenkje nytt når det ein har anteke blir korrigert av verkelegheita.

Vestibyle med takvindauge og servicedisk.
Innsyn mot vestibyle frå bilettsal.
Den gamle bilettluka her istandsett.
Skilt
Inngansparti og fasadar.

Lignende eksempler