Om prosjektet
Kreativ tenking står høgt på Sandbu, og det måtte òg til når det skulle byggast eit atelier. Ved å plassera det som ein sjølvstendig bygning inne i fjøset, kunne ein få dei tekniske eigenskapane ein ønskte, utan å gripe inn i den freda bygningen.
ADRESSE
Sandbu Nigard Sør, Steindalsvegen 113, Vågå
VERNESTATUS
Vedtaksfreda
PROSJEKTET
Eigar, Corniche Interior Design, Trehuseksperten, Oppland fylkeskommune
KONTAKT
Privat eigar
Bak ei gamal i fjøsdør i den eine gavlen er det satt inn ny, isolert glasdør. Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren
Ny isolert glasdør kan skjulast bak den eldre køyreporten. Porten var frå tidlegare (men ikkje opphavleg) laga som skyvedører. Glasdøra gir eit større lysinnslepp frå nord medan direkte sollys elles er avgrensa, noko som er ønskjeleg i eit atelier.Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren
Historikk
Sandbu i Vågå var eitt av de store maktsentruma i Gudbrandsdalen i mellomalderen. Den fyrste brukaren som er kjend, er Ivar Gjesling som var lendmann under Magnus Eiriksson i 1177.
Det gamle tunet på Sandbu Nigard Sør vart målt opp alt i 1860 etter oppdrag frå Fortidsminneforeningen. Garden med 17 hus vart freda i 1923. Da var skipsreiar Rudolf Olsen eigar, og han gjennomførte store restaureringsarbeid, særleg på interiøra. Dagens eigar kjøpte det freda tunet i 2016.
Garden har ein tradisjonell totuns plan med inntun og uttun, og er eit av dei best bevarte tuna frå 1700-talet i Gudbrandsdalen. Alle husa er bygde i lafta tømmer og har torvtak.
Innanfor dørene skjuler det seg eit moderne atelier. Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren
Utfordringer og løsning
Fjøset er bygd på 1700-talet og er ein treroms tømmerbygning. Det er fundamentert på ein gjødselkjellar mura i naturstein. Taket på midtrommet er heva og røsta på tvers, med mosetrev over midtrommet.
Dagens eigar er kunstnar, og hadde behov for eit atelier. Frå fylkeskommunen si side var det viktig å kunne nytte ein av dei mange bygningane i tunet, framfor å tilføre noko nytt. Fjøset, som i seinare år mellom anna har fungert som garasje, vart vurdert som mest eigna. Storleiken var passe, og dei opphavlege interiøra var allereie endra.
For å ikkje gripe inn i den freda bygningen, vart løysinga å bygge ein frittståande konstruksjon innanfor ytterveggane til fjøset. I prinsippet kan bygningen førast attende. Det gamle fjøset fungerer som tak og ytterkledning for atelieret.
Atelieret er bygd på ei støypt plate, og veggane står om lag 20 cm innanfor fjøsveggane. Såpass god avstand mellom konstruksjonane gir god lufting for dei gamle tømmerveggane, som reduserer risiko for råte som elles er ei utfordring ved å isolere tømmerbygningar innvendig. Veggane i atelieret er isolerte med 25 cm trefiberisolasjon. Atelieret er oppvarma med elektriske varmekablar, og har skjult elektrisk opplegg og brannvarslingssystem. Det er òg innlagt vatn og avløp.
På denne måten har ein fått eit funksjonelt atelier innanfor veggane til det freda fjøset.
Den nye konstruksjonen er ikkje innfesta i den gamle, han har berre einskilde berøringspunkt.. Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren
Læringspunkt
- Å bygge det nye atelieret som ein sjølvstendig konstruksjon innanfor fjøsveggane gjorde at ein ikkje grip inn i den freda bygningen. Samstundes fekk ein ønskte tekniske eigenskapar inn i atelieret.
- Det er fordelaktig både i klima- og kulturmiljøperspektiv å bruke ein eksisterande bygning i staden for å bygge nytt.
- Vindauge er sett inn der fjøset har sine gluggar, og isolerte glasdører bak dei gamle dørene.