Næring

Tidleg planlegging og lokal tilpassing er nøkkelen

Foto: Sofie Martinsen

Om prosjektet

Dette eksempelet handlar om korleis ein kan planlegge tiltak på bakgrunn av bygningen sine kvalitetar og unike eigenskapar.

Gamlebyen Loft, Gamlebyen Mat og Drikke og heile transformasjonen av St. Halvardsgate 33 har vorte eit tilskot til nabolaget i Gamlebyen i Oslo, med nytt yrande liv i ein gamal stall, bilvaskehall og lagerbygning. Det har vore nokre utfordringar for å få på plass krav om blant anna tilgjengelegheit og lys, men med god planlegging tidleg i prosjektet, har ein funne gode løysingar.

ADRESSE
St. Halvards gate 33, Oslo

VERNESTATUS

Den eldste delen av bygningsmassen er oppført på byantikvaren i Oslo si gule liste.

Eigedommen ligg innanfor Mellomalderbyen Oslo og er freda etter kulturminnelova § 4.

INVOLVERTE MYNDIGHEITER
Oslo kommune, Byantikvaren Oslo, Arbeidstilsynet, Mattilsynet, Riksantikvaren

ANNA BISTAND
Moi arkitekter AS

For å sikre tilgjengelegheit i dei nye kontorlokala, har dei fått på plass heis. For å ta vare på så mykje som mogleg av den opphavelege trappa, har dei gjort ho smalare for å få på plass heisen. Foto: Knut Neerland

Historikk

St. Halvards gate 33 ligg innanfor Mellomalderbyen Oslo. Eigedommen har historie tilbake til mellomalderen, som hospital, villa, og etter kvart verkstader, kontor og lagerhall.  Sør på eigedommen ligg ein stall i mur frå 1912, og i 1962 bygde entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen ein lagerbygning levert av Moelven. Stallen frå 1913, er registrert på byantikvaren si gule liste. Eigaren har vore i kontakt med Riksantikvaren for å gjere tiltak i grunnen og med byantikvaren for å gjere tiltak på bygningane.

I den store salen har dei installert ein løfteplattform som gjer at ein kjem frå eit nivå til eit anna sjølv om ein ikkje kan gå i trapper. Heisen og løfteplattformen sikrar tilgjengelegheit i dei nye kontor- og fleirbruksromma i bygningen frå 1962. Foto: Knut Neerland

Utfordringer og løsning

Då noverande del-eigar og næraste nabo sidan 2004, Einar K. Holthe kjøpte stallen i 2015, var allereie tanken om kva ein kunne få til her på plass. Motivasjonen var å transformere plassen til noko positivt for heile nabolaget, og han utvikla raskt ein utviklingsstrategi for eigedomen, der målet var å legge til rette for ein møteplass i nabolaget basert på lokal matproduksjon i 1. etasje og gode nær-arbeidsplassar i 2. etasje. Eigaren har jobba mykje med tidleg planlegging i fleire prosjekt, og veit difor korleis det kan vere lurt å gå fram for å få rett næring på rett plass. Han er oppteken av at prosjekta skal vere berekraftige, både for naturen, folka, samfunnet og økonomien. Han meiner at mykje av løysinga ligg i god planlegging og å utnytte ressursane som finst lokalt når ein skal utvikle næring, uansett kor i landet ein er.

Sjølv om eigaren i dette prosjektet har god kjennskap med prosessane som krevst for å få godkjent eit prosjekt hos dei ulike styresmaktene, er erfaringa hans at prosessen til tider kan gå litt treigt. Ein må setje av tid til planlegging og å koordinere alle styresmaktene som skal involverast. Han trekk fram arkitekten som viktig i ein slik prosess. Han eller ho skal ha oversikt over kva formelle krav og prosessar som krevst, og difor er det ofte ei god investering å nytte ein arkitekt. Sjølv har han nytta arkitekten til å teikne og skrive søknadar til kommunen og andre styresmakter.

Ei vanleg utfordring når nye funksjonar skal inn i eldre bygg, er krav til dagslys. På Gamlebyen Loft har dei lagt støttefunksjonar i midten av dei store romma sånn at kontorplassane får mest dagslys. I tillegg har dei satt inn branndører og skiljeveggar i glas. Foto: Natural State

Når det kjem til sjølve planlegginga av kva for næring som skal inn i bygget, meiner han at det viktigaste er å vurdere kvart enkelt prosjekt for seg sjølv. Noko som fungerer ein stad, fungerer kanskje ikkje ein anna plass. Hans viktigaste erfaring for eit vellykka prosjekt, er at det ikkje kan vere tilfeldig kva for næring som blir etablert på ein plass. Ein må analysere staden og dei unike kvalitetane som finst der. Kva for lokale ressursar finst som ein kan bruke, kven bur på og brukar plassen, kva er historia til staden og korleis kjem historia til uttrykk i bygningen? Ved å kartlegge alle desse tinga, kan ein byrje å planlegge kva for funksjonar ein kan etablere i bygget. Nøkkelen er å finne ei næring og ein bruk som også ber seg økonomisk over tid. Han meiner at det å jobbe med eldre bygningar, og særleg bygningar som er verna, er ein kompleks materie, men at det hjelper mykje å ha ein visjon og ein plan. Det er viktig for å få inn leigetakarar allereie på prospektstadiet, men det også nyttig i møte med til dømes kommunen eller fylkeskommunen.

Sjølv om det nokre gonger kan verka utfordrande å få på plass alle tekniske krav, tilgjengelegheit og krav frå Mattilsynet og Arbeidstilsynet, og samstundes bevare så mykje som mogleg av den opphavelege bygningen, er eigaren klar på at for han er dette ei spanande utfordring, med rom for å vere kreativ. |Nokre gongar kan det vere vanskeleg å kombinere alle desse krava med antikvariske omsyn. Han skildrar alle krava frå ulike styresmakter som eit filter som heile prosjektet skal gjennom, og at det er synd om resultatet er at alt av eigenart og kulturminneverdi er borte når det er ferdig filtrert. Derfor er det viktig å sjå på og vurdere bygningen – kva for funksjonar kan leggast kor for å løyse konkrete problem utan å endre for mykje av det opphavelege?

Handteringa av krav til lys er eit eksempel på dette. På Gamlebyen Loft er delar av lokala opphaveleg store lagerrom. Det er godt med lys når rommet er stort og opent, men med ein gong ein set inn veggar, er det ein del rom som ikkje får nok dagslys til å tilfredsstille krava frå Arbeidstilsynet. Eit godt råd i slike store lokalar, er å legge tekniske rom som toalett og andre støttefunksjonar i midten og arbeidsplassane langs veggane med vindauge. At det ikkje er dagslys på kopirommet eller toalettet kan heilt fint bli kompensert med elektrisk lys i desse romma. I tillegg skapar romma i midten av lokalet ei avgrensing mellom arbeidsplassane, slik at det ikkje blir opplevd som eit stort, opent landskap. Ei anna løysing som sørgjer for både brannsikkerheit og lys, er å sette inn branndører med glas i. Då slepp mykje meir lys gjennom romma, samtidig har ein har ivareteke brannkrav.

For å sikre tilgjengelegheit og handtere overvatn på plassen ute, vart brusteinen tatt opp, og det var fylt på masse. Det var også støypt nytt betongdekke inne i bygningen og eit lite stykke ut på plassen. Etterpå vart brusteinen lagt tilbake, og i dag legg ein ikkje merke til at det har vært gjort endringar i grunnen. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren

Læringspunkter

Eigar av Gamlebyen Loft har fleire gode råd når det gjeld næringsetablering i kulturmiljø. For det første er det viktig å setje av nok tid til planlegging, søknader og å koordinere alle styresmaktene som skal involverast i prosjektet. Han trekk fram arkitekten som viktig i ein slik prosess. Han eller ho skal ha oversikt over kva for krav og prosessar som krevst, og derfor er det ofte ei god investering å nytte ein arkitekt.

Hans viktigaste erfaring for eit vellykka prosjekt, er at det ikkje kan vere tilfeldig kva for næring som blir etablert. Ein må analysere staden og dei unike kvalitetane som finnes der slik at ein utnyttar dei ressursane som finst lokalt, uansett kor i landet ein er.

Når ein jobbar med nye funksjonar i eldre bygg, er det viktig å vurdere den enkelte bygningen. Ofte kan ein spele på lag med det eksisterande – kva for funksjonar kan leggast kor for at ein kan løyse konkrete problem?

Lignende eksempler