Universell utforming

Kunsten i prestegardslåven er tilgjengeleg for alle

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Om prosjektet

Når låven i Ringebu prestegard skulle settast i stand for å vera ein del av kultursenteret på staden, vart det teke utgangspunkt i den opphavlege tilkomsten til bygningen. Denne er i stor grad basert på nivåskilnadene i terrenget. Berre mindre inngrep var naudsynte for å gi tilkomst til alle nivåa i låven.

ADRESSE
Vekkomsvegen 423, Ringebu

VERNESTATUS
Reguleringsbestemmingar, del av tun med freda bygningar

PROSJEKTET
Stiftelsen Ringebu Prestegard, Ringebu kommune, RAM Arkitektur, siv.ark. Audun Amundsen, Borgedal Bygg (totalentreprenør med underleverandørar)

KONTAKT
Stiftelsen Ringebu Prestegard v/Einar Høystad

Besøk Ringebu Prestegards hjemmeside 

Ved å laga ein ny inngang midt på silokummen, fekk ein tilkomst til det midtre nivået i både låven (fjøstrevet) og silokummen. Foto: Ingebjørg Øveraasen

Historikk

Ringebu prestegard ligg ved sida av Ringebu stavkyrkje, og har historie minst like langt attende som stavkyrkja. I si tid var det ein stor gard med om lag 50 bygningar når ein tel med utløer og seterhus, i dag er det seks bygningar att i tunet. Hovudbygningen frå 1743, to stabbur og drengestova frå 1600-talet er freda. I 1920 vart det gjort ei stor ombygging på garden. Landbruket var i endring med andre krav, og ny driftsbygning – låven – var ferdig i 1921. Den nye einskapslåven erstatta mange av dei mindre husa på garden.

Den siste presten som budde her flytta ut i 1991. Då vart dei fire bygningane i inntunet freda. Etter vinter-OL på Lillehammer i 1994 vart dei freda bygningane rehabiliterte, og frå 1997 har Prestegarden vorte drive som galleri, serverings- og utleigestad. Sidan 2006 har Stiftelsen Ringebu Prestegard hatt driftsansvaret. Stiftinga er òg eigar av bygningane, bortsett frå låven, som Ringebu kommune eig.

Fjøstrevet, det midtre nivået i låven har universell tilkomst via silokummen (heilt til høgre i bildet), i tillegg til trapp.

Foto: Ingebjørg Øveraasen

No som før, kan ein køyra opp låvebrua for å koma til låvekøyringa. Frå den kjem ein vidare inn til rommet øvst i silokummen. Det går òg ei trapp mellom låvekøyringa og fjøstrevet under.

Foto: Josefine Rockett Westre

Utfordringer og løsning

I arbeidet med å utvikla Ringebu prestegard som eit kultursenter, ville stiftinga nytta låven òg som ein del av utstillings- og besøksareala. I tillegg var det eit ønskje om å gi keramisk kunst større plass.

I 2017 var fyrste byggetrinn, det vart lagt til rette for å ta i bruk fjøset, fjøstrevet og låvekøyringa. Silokummen stod ferdig som utstillingslokale for Ringebu-barnehagane i 2019. Senter for Keramisk Kunst, drive av ein lokal keramikkunstnar, har verksemd i fire ulike høgder i låven: monumentalverkstad i den tidlegare gjødselkjellaren, fjøset som eksperimentelt prosjektrom, og fjøstrevet og låvekøyringa som fleksible utstillingsareal. På grunnplanet, ved sida av fjøset, finn vi «nyfjøset», som er kombinert utstillings- og serveringslokale, med moderne kjøkken og toalett. Lengst nord er ein konsertsal som var ferdig i 2024.

Frå bygningen sitt grunnivå kjem ein inn til konsertsalen, «nyfjøset» og fjøset, i tillegg til fyrste etasje i silokummen.

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Når ein gjer tiltak i eldre og verneverdige bygningar, kan ein i einskilde høve få dispensasjon frå krava om universell utforming. Det er likevel sterkt ønskjeleg at flest mogleg bygningar og mest mogleg av areala i desse er tilgjengelege for alle. Einskapslåven er interessant med tanke på tilgjenge. Ein bygde desse låvane i fleire høgder for å nytta areala betre, og for å gjera nytte av tyngdekraft for å få både fôr og husdyrgjødsel dit det skulle. Ein var samstundes avhengig av god tilgjenge for både dyr, trillebårer, kjerrer og etter kvart traktorar. Med mindre det var heilt flatt der ein skulle bygga, la ein helst låven i skrånande terreng, langsetter hellinga. Slik kunne ein nytta nivåskilnadene i terrenget til å koma inn til dei ulike høgdene i låven.

Dette er òg ein fordel i arbeidet med å få ny bruk inn i den store driftsbygningen, med fire ulike høgder. Låvebrua gir tilgjenge til låvekøyringa og til rommet heilt øvst i silokummen. Låvebrua har meir stigning enn det krava seier, men tilkomst er mogleg med assistanse. For å gjera fjøstrevet og den midtre etasjen i silokummen tilgjengeleg vart det laga ei ny dør midt på silokummen slik at ein kan koma inn frå bakkenivå. I grunnplanen til låven ligg fjøset, nyfjøset og konsertsalen. Her er det berre behov for mindre ramper eller terskeleliminator for å koma inn. Nedst finn vi gjødselkjellaren med keramikkverkstad, som har tilkomst frå terreng på nedsida av bygningen.

Ved å nytta tilkomstane som allereie var i bygningen, saman med mindre tiltak som å introdusera éin ny inngang på det mindre tilgjengelege nivået, har ein unngått å måtta installera ein kostbar og arealkrevjande heis. Heile prestegardslåven er no eit tilgjengeleg kunst- og kultursenter for alle!

På nedsida av låven kjem ein inn til gjødselkjellaren, der det i dag er keramikkverkstad. I bakgrunnen ser ein hovudbygningen i prestegarden.

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Læringspunkter

  • Einskapslåvar har ofte køyrbar tilkomst til dei fleste plana i bygningen. Dette er her nytta for vidare bruk av prestegardslåven.
  • Nivåskilnader i terrenget er nytta for tilkomst til ulike plan inne i bygningen. Éin ny inngang vart etablert for å gi tilkomst til det minst tilgjengelege planet.

Lignende eksempler