Om prosjektet
Det var på høg tid at låven skulle settast i stand. I denne prosessen hadde eigarane heile tida eit mål om å samstundes gjera den historiske garden i Vågå meir tilgjengeleg ved å tilpasse låven til selskap og arrangement.
ADRESSE
Gardsøy, Øygardsvegen 3, Vågå
VERNESTATUS
Gul SEFRAK, omsynssone bevaring
PROSJEKTET
Eigar, Trehuseksperten AS
KONTAKT
Garde AS
Gardsøy mellom 1923 og 1940. Låven ser ikkje heilt nybygd ut, så bildet er truleg frå 1930-talet. Foto: Joramo, Hans / Maihaugen.
Låven på Gardsøy framstår som han gjorde tidlegare, men gir nå rom for fest og samankomstar! Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren
Historikk
Gardsøy, eller Øvre Øy, vart i si tid skilt ut frå Øy. Øy var blant dei større, gamle gardane i Vågå. Her er det mellom anna funne fleire gravhaugar frå yngre jarnalder. I mellomalderen vart garden delt opp i minst tre bruk. Øy var òg krongard ein periode. Bygningane som står i tunet på Gardsøy i dag er i hovudsak frå 1700- og 1800-talet.
Den store einskapslåven ligg monumentalt i kulturlandskapet ovanfor Vågåmo sentrum, i ei rekke med fleire andre eldre gardar. Låven på Gardsøy har ein tømmerdel frå 1700-talet og eit tilbygg frå 1923. Dei noverande eigarane kjøpte Gardsøy av Fortidsminneforeningen i 2011, og i 2014 byrja dei det omfattande arbeidet med å setta i stand låven.
Stallen utgjer ein del av opphaldsrommet rundt dansegolvet, og fungerer som scene ved eventuell levande musikk. Legg merkje til god plassering av stikkontakt i ei hylle i tømmeret. Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
I den nyare delen av låven var skadane så omfattande at heile tilbygget måtte demonterast. Underetasjen med gjødselkjellar og grisehus vart støypt på nytt, og muren under den eldste delen vart mura opp på nytt. Vidare vart låven bygd opp att, dels med nye materialar, og dels med dei materialane som framleis var i god nok stand. Istandsettinga vart støtta av Kulturminnefondet.
Utvendig er låven sette i stand slik han var. Innvendig er konstruksjonar og hovudinndeling òg som opphavleg, men det er gjort einskilde tilpassingar til ny bruk. Eigarane ønskte å gjera Gardsøy tilgjengeleg for fleire, og samstundes skapa verksemd som kunne generere inntekter. Dei ville difor legge til rette for selskap og andre arrangement i låven.
I underetasjen vart det etablert eit anretningskjøkken, kaffisalong med peis, og toalett. Det tidlegare fjøset og stallen har gitt rom for bar og dansegolv. Det store låverommet, der høygolvet var, er nå spisesal med plass til 120 personar. Låvekøyringa er ikkje tilgjengeleg for gjestar, men blir berre brukt til utstilling av reiskap, og har difor ikkje trengt sikring i form av rekkverk.
Lokala er ikkje isolerte, og er difor berre i bruk om sommaren. Det gjer samstundes at konstruksjonar og overflater er synlege både utvendig og innvendig. Det er mura ei pipe, slik at det er mogleg å fyre på kjølege kveldar. Over tak er pipa forma som ei luftelyre, typisk for låvar.
Med det store istandsettingsprosjektet og nokre tilpassingar innvendig, er låven på Gardsøy nå eit populært lokale for bryllaup og andre selskap.
Læringspunkt
- Eit større istandsettingsprosjekt gjorde det enklare å samstundes legge til rette for ny bruk av bygningen.
- Våtrom er lagt i underetasjen, med mindre risiko for frost, og mindre konsekvensar av eventuelle lekkasjar.
- Ein speler på lag med bygningen ved å tilpasse bruken til bygningen sine eigenskapar, som her ved at lokala berre nyttast i sommarhalvåret.
Fjøsveggen har fått same type liggande kledning som tidlegare. Vindauga er restaurerte. Foto: Josefine Rocket Westre, Riksantikvaren