Istandsetting

Kunstnarvilla fekk tilbake fargeprakta

Detaljbilete av utsmykka møne på bustadhuset. Foto: Elisabeth Tonheim, Riksantikvaren

Om prosjektet

Heimdalsstrand er eit sommarhus i dragestil med høg kulturhistorisk verdi. Etter mange år med lite vedlikehald, bestemte nye eigarar seg for å setje i stand den gamle og særeigne villaen til fordums prakt. Dette blei gjort med tradisjonelle materialar og metodar.

ADRESSE
Strondi 13, 6899 Balestrand

VERNESTATUS
Vedtaksfreda

PROSJEKTET
Eigarane i samarbeid med Bosunt AS, malemester Kjell Arne Årseth, Bart Lesaffre, Haakon Aase, NorLam og malerikonservator Eivind Bratlie

KONTAKT
Vestland fylkeskommune

Meir om prosjektet

Praktfasaden før og etter istandsetting og oppmåling. Foto: Elisabeth Tonheim, Riksantikvaren

Historikk

Rundt år 1900 var Balestrand ein populær stad for kunstnarar og turistar. Fleire kom for å måle landskapet og ein del endte opp med å byggje villaer slik at dei kunne kome tilbake og arbeide kvar sommar. Målaren Emma Normann Pastor fekk reist Heimdalsstrand i 1910 og brukte det kvar sommar fram til ho døydde i 1954. Anlegget består av to bygg, sjølve villaen og eit tilhøyrande stabbur. Norrøn mytologi var populært i Balestrand på denne tida, og villaen er utført i dragestil.

Utfordringar og løysingar

Då noverande eigar tok over bygget, var det i dårleg stand og fleire bygningselement hadde blitt fjerna. Når villaen skulle settjast i stand ønskte ein å rekonstruere dei delane som hadde blitt borte, og å tilbakeføre dei opphavelege fargane. Fasadane er rikt utsmykka og var måla i sterke fargar.

Målinga var slitt etter mange år med eksponering for vêr og vind. Det blei gjort eit forsøk på å rense fasadane for å betre opplevinga av bygget, men resultatet vart ikkje tilfredsstillande. Den originale, fargesterke målinga var godt synleg frå fjorden, og ein ønskja å få dette inntrykket tilbake. Dette leia til ei full fargemessig tilbakeføring. Alle måla flater har blitt nøye undersøkt før ein utvikla ein fargepalett som gjenskapar det opphavelege uttrykket til bygget.  Å måle opp ein fasade som denne tek lang tid, arbeidet blei difor utført over fleire sesongar.

Allereie etter første vinteren danna det seg svertesopp på nymåla overflater. Ein trur at villaen si plassering, som er utsatt for stor påkjenning frå klimaet, var ein av årsakane til dette. Det ble difor vald å tilsetje sopphindrande middel i målinga.

Dragestilen har ein kraftig og fargerik palett. Den gjennomførte fargeundersøkjinga avdekka også fleire forgylte overflatar. Den første eigaren, målaren Emma Normann Hansen, brukte bronsemaling for å få fram fleire av dekordetaljane. Dette fungerte dårleg i det norske klimaet. Ved istandsettjing har ein gått bort frå dette, og heller brukt bladgull og linoljemåling.

Fasaden er rikt dekorert med vikingmotiv og ranker skårne ut som relieff. Relieffa har store flater med endeved. Dette er område som lett tek opp vatn og som er utsett for soppvekst og råte. For å beskytte relieffa er desse områda metta med måling.

For å ta vare på målingsarbeidet i tida framover blir det sett opp en perforert duk som beskytter fasadane under vinterhalvåret.

Læringspunkt

Ein kan bli overraska over kor fargerik bygningshistoria vår er. Det er difor viktig å gjennomføre fargeundersøkingar når ein skal gå i gang med større istandsettingsprosjekt.

Lignende eksempler