By- og stedsutvikling

Fargerettleiar for Molde sentrum

Foto: Molde Kommune

Om prosjektet

Molde sentrum er ein gjenreisingsby som er godt bevart. For å motverke uheldige endringar av fasadane i sentrum har Molde kommune initiert eit rehabiliteringsprosjekt som flettar saman fagleg og kunstnarleg kompetanse innan fargelære, konservering og byutvikling.

ADRESSE
Molde

VERNESTATUS
Kulturmiljø av nasjonal interesse (NB!-registeret)

PROSJEKTET
Molde kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren. Det kunstfaglege arbeidet er utført i samarbeid med Bent Erik Myrvoll og Mette L’orange.

KONTAKT
Molde kommune

Meir om prosjektet

Utsnitt av postkost frå etterkrigstida. Eier: Konrad Moe

Byplan for Molde, BSR, 1942. Arkiv: Molde kommune

Historikk

Bykjernen i Molde blei bomba i april 1940. Arkitektprofessor Sverre Pedersen hadde planlagt byen allereie før krigen, og etter krigen blei det raskt utarbeida ein revidert reguleringsplan i regi av Brente Steders Regulering, eit arbeid som Pedersen også leda i perioden 1940-1945 .

Molde fekk ein relativt einsarta bykjerne, kurva etter sjøfronten. Tverrgåande siktaksar og nøye komponerte byrom og parkar skapte kontakt med fjord og fjell. Storgata, som er omgitt av klart definerte volum, samt det tilhøyrande rådhuset, torget og domkyrkja, utgjer kjernen i gjenreisingsbyen.

Sjølv om mange av fasadane i gjenreisingsbyen har fått uheldige endringar, står strukturen og voluma relativt uendra. Bygningsvoluma var som regel på tre etasjar med saltak av skifer. Sjølv om voluma var enkle, var kvaliteten høg i detaljane på bygga. I dører og vindaugeinnrammingar var treverket gjerne av teak. Baldakinane var opphavleg minimalistisk utforma med kobberbeslag, og balkongar med enkle smijernsornament. Mange av bygningane var pussa med mineralittpuss. Det fanst aldri nokre føringar for fargesetting på gjenreisningsbyen, men byen fram til 1980-talet var langt meir fargerik enn han er i dag.

Molde sentrum er i dag definert som eit kulturmiljø av nasjonal interesse (Riksantikvarens NB!-register).

Fargepalett for gjenreisningsbyen i Molde. Foto: Molde Kommune

Utfordringar og løysing

For å heve kvaliteten i gjenreisingsbyen har Molde kommune gjennom prosjektet Storgatas ansikter etablert ein tidsriktig fargepalett. Fargane baserer seg på funn frå boreprøvar der det er avdekka originale fargar og materiale. Prosjektet har også brukt historiske kjelder som fotografi, måleri og minne om enkeltbygg, og registrert fargesettinga i dag.

Prosjektet tek utgangspunkt i DIVE – kulturhistorisk stedsanalyse. Gjennom å bruke denne metoden har ein avdekka samanhengar i historiske lag og forteljingar i omgjevnadane som dannar grunnlaget for tilnærminga i prosjektet.

Fargepaletten skal vere ei ramme og ein motivasjon for å gjenskape eit fargerikt gatebilete. Prosjektet følgjer prinsippet om tilbakeføring der det er føremålsteneleg som ein heilskap. Bygningar som er vesentleg bygde om er ikkje med i planen, og dermed er dei ikkje fargesette. Dette valet blei tatt for også å gi handlingsrom for alternative og moderne innslag i bybiletet.

Av dei 105 bygardane som inngår i kulturmiljøet, har 80 fått fargar med referansar til funn i boreprøvar, fotografi eller måleri. 15 bygningar har fått supplerende fargar for å skape spanande innslag og harmoni, mens 10 bygningar ikkje er fargesette.

Oversiktskart som syner anbefalte fargar til husa i Storgata. Foto: Foto: Molde kommune

Læringspunkt

Ein fargerettleiar kan brukast for å bygge opp under særpreget og eigenarten på ein stad. Summen av enkelttiltak vil ha stor betydning for opplevinga av heilskapen.

Lignende eksempler