Om prosjektet
Det gamle våningshuset på Nordigard Blessom i Vågå er satt i stand og forsiktig oppgradert for å kunne fungere til utleige for gjestar frå både inn- og utland. Planløysinga er vidareført ved at romma har same funksjon som tidlegare. Nye, små bad er forsiktig innpassa i bygningen.
ADRESSE
Nordigard Blessom, Skogbygdsvegen 5C, Vågå
VERNESTATUS
Raud SEFRAK, omsynssone kulturlandskap
PROSJEKTET
Eigar, siv.ark. Jan Andersen, Einar Holen, Kjell Fyrun, Åver AS
KONTAKT
Nordigard Blessom
I istandsettinga av Nedre Stugu var det stort fokus på å ta vare på både eksteriør og interiør.
Foto: Josefine Rockett Westre
Nordigard Blessom rundt 1910-1940. Nedre Stugu til høgre i bildet.
Foto: Joramo, Hans / Maihaugen.
Historikk
Blessom er blant dei eldste gardane i Vågå, og det skal ha funnest gravhaugar her. Blessom var å rekne for gardseigedom i eldre jernalder. Garden var omtala i skriftlege kjelder i 1362, og vart drive gjennom øydetida på 1400-talet. Det ser ut til at Blessom vart delt i to gardar utifrå skattelista frå 1528; nørdre og søre, eller nordigard og sygard. Blessom høyrde med til det godset som Hannibal Sehestad hadde fått tak i medan han var statthaldar i Norge, og som han gav til kongen fyrst i 1650-åra. Garden var krongods i nokre få tiår etter dette, før han kom i private hender att. Eigarar på Nordigard Blessom 1875-1909 var Marit Blessom og Christian Horne. Horne moderniserte gardsdrifta på Nordigard Blessom mykje i tida han og Marit var eigarar, og dei husa kunstnarar, ferdafolk og eventyrarar.
Nedre Stugu var tidlegare hovudhuset på Nordigard Blessom. Huset har akerhusisk grunnplan med «nåsåsval», altså ein smal svalgang i to høgder, i tillegg til ein svalgang i heile bygningen si breidde i andre høgda. I følgje kjeldene er huset enten bygd på 1600-talet og ombygd noko i 1779, elles er heile huset vart bygd dette året. Huset er eitt av dei siste i sitt slag, med «høgstugu» (sal i andre høgda, med ope røste, altså himling som følgjer undersida av yttertaket).
I klevane er det nå som før soverom og kjøkken, men i noko oppgradert form.
Foto: Josefine Rockett Westre
Utfordringer og løsning
Familien hadde eit ønskje om å drive gardsturisme, mellom anna for å auke næringsgrunnlaget på garden og for å formidle historie og opplevingar. Nedre Stugu har fungert både som bustad- og gjestehus tidlegare òg, men ein har andre behov for teknisk infrastruktur og krav til komfort no. I tillegg til å vøle bygningen, var det difor naudsynt å etablere bad, nytt kjøkken, og betre oppvarming.
Peisetova i fyrste etasje er hovudrommet og eit naturleg samlingspunkt i huset. Det var viktig å ikkje gjera synlege endringar i dette rommet. I den minste kleven ved sida av stova var det opphavleg eit grovkjøkken, og midt på 1900-talet kom eit noko meir moderne kjøkken her. Krav til hygiene og funksjonalitet gjorde at det var bruk for ny kjøkkeninnreiing, men det var både naturleg og praktisk å helde fram med å ha kjøkkenet i det same rommet.
Badet til gjesterommet nede er utført på ein reversibel måte, som samstundes gjer at ein får betre kontakt med den gamle bygningen.
Foto: Josefine Westre
I den andre kleven er det innreidd gjesterom, med bad, som er lagt rygg mot rygg med kjøkkenet. I andre høgda er det to gjesterom, også dei med kvart sitt bad. Gjesterommet i «høgstugu» har fått eit bad som er bygd som eit gamaldags klesskåp eller «pipekott». Mellom anna i Vågå ser ein fleire stader at det tidlegare var bygd skåp eller kott rundt pipene i andre høgda, for å ha ein varm og tørr stad å lagre klede. Det kan også i nokre tilfelle ha vore for å stenge inne røyk viss pipa ikkje var tett. For det nye badet sin del, betyr det at ein får noko varme frå pipa inn i badet. Huset er elles varma opp elektrisk, mellom anna med golvvarme i stova i fyrste etasje.
Både istandsettinga og oppgraderinga var gjort med omsyn til huset. Det er brukt tradisjonelle material, historiske fargar, og det er lokale handverkarar som har utført arbeidet. Dei nye tillegga er gjort på ein måte som i prinsippet kan førast attende. Istandsettinga var støtta av Kulturminnefondet, Stiftelsen UNI og SMIL-ordninga i kommunen.
Funksjonen til bygningen og i kvart av romma er vidareført, og med forsiktige grep har ein oppgradert funksjonalitet og komfort slik at Nedre Stugu kan fungere som gjestehus inn i framtida.
Badet i «høgstugu» er bygd som eit gammaldags klesskåp, eller «pipekott».
Foto: Josefine Rockett Westre
Læringspunkter
- Inspirasjon frå lokal byggeskikk for å finna nye løysingar, som å bygge bad utforma som eit pipekott.
- Bruk av tradisjonelle material og godt handverk gir varige løysingar som speler på lag med huset.
- Kjøkken og bad er plasserte i sekundære rom, samla i ei kjerne i bygningen for enklare føring av vatn og avløp.
- Med unntak av å legge til små bad, er funksjonen vidareført i alle rom.