By- og stedsutvikling

Byreparasjon etter brann

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

Rekonstruksjon av bygget var viktig for å halde ved lag opplevinga av det karakteristiske kulturmiljøet. Ei utfordring kan vere å bestemme kva delar av bygget si historie som skal gjenskapast.

ADRESSE
Østre Skostredet 2, Bergen.

VERNESTATUS
Kulturmiljø av nasjonal interesse (NB!-registeret) og freda mellomlaldergrunn

PROSJEKTET
Arkitektstudio Elfrida Bull Bene, bo-arkitekter, Gamle3hus

KONTAKT
Byantikvaren i Bergen

Frimerkehuset vart totalskada i brannen i 2017. Foto: Gamle3hus

Branntomta vart dokumentert. Etter brannen vart Frimerkehuset skanna og dokumentert. Dokumentasjonen var eit viktig verktøy i arbeidet med gjenoppbygginga. Foto: Gamle3hus / Marcin Gladki

Historikk

Frimerkehuset blei opphaveleg oppført etter bybrannen i Bergen i 1702. I 1777 blei det bygd på til to etasjer, og på 1800-talet blei det opprinnelege saltaket ombygd til eit høgt mansardtak med asymmetriske takvinklar. På 1900-talet blei første etasje opna mot gata, med butikkvindauge og ein nybarokk portal.

Frimerkehuset, som er ein hjørnebygning i Skostredet, er ein viktig del av kulturmiljøet. Etter brannen blei det raskt klart at bygningen skulle bli bygd opp igjen. Foto: Frida McIntosh

Utfordringar og løysingar

Frimerkehuset blei totalskada i brann i 2017. Før branntomta blei rydda, sørgja ein for at restane etter konstruksjonen blei 3D-skanna og dokumentert. Det var tidleg eit ønskje frå eigar om å rekonstruere det tapte bygget. Antikvariske myndigheiter støtta dette og vurderte at Frimerkehuset si plassering på hjørnet i Skostredet utgjorde ein viktig del av kulturmiljøet i sentrum av Bergen.

Ved gjenreising av historiske bygg er det viktig å ta stilling til kva for tidsperiode ein ønskjer å rekonstruere. Frimerkehuset har blitt bygd om fleire gonger og det var ikkje ein spesiell periode i bygget si historie som utpeika seg som naturleg å prioritere. Bygget blei gjenreist etter teikningar frå 1956. Perioden blei vald av praktiske årsakar. Bygg hadde då ein struktur og utforming som eigna seg godt til ny og moderne bruk.

Bygningen hadde blitt endra mange gonger gjennom åra. Ved gjenoppbygginga blei det valt ein periode frå bygningens endringshistorikk som passa best med dagens moderne bruk. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Læringspunkt

I kulturmiljø er det viktig å ta vare på visuelle, strukturelle og bruksmessige samanhengar. Dette eksemplet syner korleis byreparasjon kan brukast som eit verkemiddel for å ta vare på heilskapen i eit kulturmiljø.

Lignende eksempler