By- og stedsutvikling

Tilbygg skapar offentleg rom

Bilde av plassen mellom pakkhusene. bygulvet er belagt med brostein.
Hotel Brosundet. Det nye tilbygget har medført at Apotekergaten har fått eit nytt byrom med utsiktsplass. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Om prosjektet

Hotel Brosundet består av to tidlegare pakkhus sentralt plassert i Ålesunds indre hamn. Området er verna og det eine pakkhuset er freda. Då hotellet skulle utvida ønska dei å kople saman dei to bygningane. Løysinga blei eit tilbygg som knyt bygga under gateplan, og som løyser viktige servicefunksjonar som varelevering, kjøkken og avfallshandtering.

ADRESSE
Apotekergata 5, Ålesund

VERNESTATUS
Freda

PROSJEKTET
Garde arkitekter, Hotel Brosundet

KONTAKT
Hotel Brosundet

Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Det freda pakkhuset Bersetbua ligg i Apotekergata 5, og blei oppført i 1905, teikna av arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland. Som andre pakkhus ved Brosundet besto det opphaveleg av ein kombinasjon av forretningslokaler mot Apotekergata og varelager mot sjøsida. I 2016 blei det kjøpt av Hotel Brosundet, som allereie dreiv i nabobygget, eit pakkhus frå 1904, oppført etter bybrannen.

Pakkhusene i brosundet sett fra motsatt side av kanalen
Brosundet er ein populær turistattraksjon, og det var eit overordna mål at det nye tilbygget skulle vere lite synleg. Foto: Frida, McIntosh

Utfordringar og løysning

Då dei to pakkhusa skulle driftast som eit stort hotell var det behov for ei samankopling og fleire servicefunksjonar. Løysinga blei eit tilbygg under bakken mellom dei to historiske bygga. Tilbygget rommar grovfunksjonar som restaurantkjøkken, søppelhandtering og varelevering i tillegg til eit møterom og gangareal som knyt hotellanlegget saman. Varelevering er løyst gjennom ei heissjakt som er skjult i bakken når ho ikkje er i bruk.

Området mellom dei to hotella skråna tidlegare nedover mot kaikanten, og blei brukt til parkering og søppelkontainere. Ved å heve terrenget kunne ein etablere ein ny offentleg plass, som samstundes skjulte forbindelsen mellom bygga under bakken.

Varelevering og søppelhandtering er løyst med ein vareheis integrert i bakken, heisen manøvrerast frå ein tilstøytande betjeningssøyle. Foto: Aase Hogfeldt Eskevik

bilde viser corteenstålsfasaden med tilhørende rekkverk.
Interiørbilde som viser kontakten med omgivelsene, en seilskute ligger forankra ved kaien utenfor vindu.

Fasaden mot Brosundet er blenda av med lameller i cortenstål, desse skjermar for sola, men også mot refleksjon slik at glassfasaden blir mindre synleg frå avstand. Foto: Garde Arkitekter

Frå innsida har ein utsikt ut over Brosundet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Læringspunkt

Det kan være krevjande å tilpasse nye grovfunksjonar som søppelhandtering og varelevering med heis i freda og verneverdige bygg. Godt tilpassa tilbygg kan være ei løysing som skånar det historiske bygget. I dette eksempelet har tilbygget gjeve meirverdi også til byen gjennom etablering av eit nytt uterom med møblering og utsikt over Brosundet.

Lignende eksempler