Istandsetting

Istandsetting av gravminne i støypejern

Foto: Trond Isaksen

Om prosjektet

Gravminne i støypejern på Røros kyrkjegard har fått attende verdigheita med enkel istandsetting. Ein tilstandsrapport med istandsettings- og vedlikehaldsplan har gitt nyttige prioriteringar og enkle framgangsmåtar for arbeidet, slik at ein har oversikt over at fleire hundre verna gravminne blir tekne vare på.

ADRESSE
Røros kyrkje, Kjerkgata 39, Røros

VERNESTATUS
Gravminne eldre enn 1940 har bestemmingar om bevaring i reguleringsplan for Røros. Del av verdsarvområdet for Røros bergstad.

PROSJEKTET
Niku, Røros Malerservice AS

KONTAKT
Byantikvaren i Røros kommune

Med ein langsiktig og enkel plan for vedlikehald har mange gravminne vorte sett i stand, og årleg vil fleire få stell og vedlikehald. Jamleg vedlikehald over tid er noko av det viktigaste for å ivareta kulturhistoriske verdiar.Foto: Trond Isaksen

Historikk

Den fyrste kyrkja på Røros var bygd i 1650, få år etter etableringa av koparverket. Denne kyrkja stod som ein fondbygning på det høgste punktet midt i Kjerkgata, rett aust for der kyrkja står i dag. Da den nye kyrkja stod ferdig i 1784, vart ikkje den gamle kyrkjegarden lagt ned med ein gong. Difor er den sørvestre delen av den noverande kyrkjegarden den eldste. Etter kvart vart kyrkjegarden utvida nordvestover frå den gamle og i åra rundt 1800 vart den ramma inn av ein kraftig mur.

Kva for eit område av kyrkjegarden ein vart gravlagd på, sa noko om sosial rang. Det var heller ikkje alle som fekk eit gravminne. I dag er det gjerne dei store familiegravene som står att, eller enkeltminne i skifer, stein, betong eller jern. Gravene som står att fortel ei historie om dei som fekk grava for lenge sia, men dei fortel og ei historie om eit klassedelt samfunn som følgde folk gjennom alle fasar av livet.

Kyrkjegardar er viktige kulturmiljø og kan fortelje mykje om både lokalhistorie og sosiale forhold, stilhistorie og teknologisk utvikling. Historia kjem til uttrykk i opplevingsverdiar på kyrkjegardane. På Røros har både kors, stakitt og gravplater i støypejern vorte sett i stand. Foto: Trond Isaksen

Utfordringar og løysing

I dag er rundt 400 gravminne omfatta av bevaringsregulering for Røros. Dette er gravminne i ulike materialar, som støypejarn, tre, stein og betong. Mange av gravminna hadde skader som organisk vekst, nedbrotne overflater og skeivstillingar. Det vart utarbeidd ein tilstandsrapport i 2019, med ein istandsettings- og vedlikehaldsplan. Det er mål om å sette i stand nokre gravminne kvart år, og det vart valt å byrje med dei i støypejern, i tillegg til einskilde andre med akutte behov. Generelt tilrår vedlikehaldsplanen å halde vegetasjon kring gravminna nede, vaske dei jamleg med eigna metodar, og ein årleg inspeksjon for å følgje med på tilstand. Vidare skildrar planen spesifikke tiltak for kvar materialtype.

Støypejernsplatene og korsa vart børsta fri for laus rust med nylonbørste. Metallbørstar må ikkje brukast ettersom dei kan legge att restar i overflata som kan akselerere korrosjon. Korsa vart sett inn med Owatrol rusthindrande olje. Nokre få av korsa var måla. Desse vart vaska med fettløysande middel før innsetting med olje, og så måla i 2-3 strøk Bengalack i same farge som før.

Der måla skrivefelt på gravminna var målingsslitne, vart laus måling fjerna med nylonbørste eller finkorna slipepapir, før overflata vart vaska med fettløysande middel. Vidare vart skrift og eventuell dekor måla opp att med Bengalack i same farge som før.

Jamleg vedlikehald over tid er noko av det viktigaste for å ta vare på kulturhistoriske verdiar i eit kulturmiljø. I tillegg er det ofte det mest økonomiske tiltaket fordi det gjerne kostar meir å reparere i etterkant enn å forebygge skadar. Klimaendringane gjer fleire kulturmiljø sårbare for skadar forårsaka av endringar over tid eller akutte hendingar. Gode planar for vedlikehald som blir følgt  opp, er viktige reiskap for forvaltning av alle typar kulturmiljø.

Fleire gravminne har vakre, forgylte detaljar. På 1800-talet vart det vanleg å dekorera gravminna med symbolske motiv. Sommarfuglen er eit symbol for udødelegheit. Foto: Trond Isaksen

Læringspunkt

  • Tilstandsrapport med istandsettings- og vedlikehaldsplan har gitt nyttige prioriteringar og enkle framgangsmåtar for arbeidet.
  • Metodikk og produktbruk er tilpassa underlaget og tidlegare overflatebehandling.

Lignende eksempler