Universell utforming

Trapp og rampe i stein til stavkyrkja

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Om prosjektet

Døra er høg og porten vid inn til Ringebu stavkyrkje, men trappa hadde ikkje like god tilgjengelegheit. Det er trongt om plassen på kyrkjegarden, men ein fekk akkurat nok rom til ei stor nok trapp og ei rampe som oppfyller krava til universell utforming. Løysinga vart utforma i samråd med Riksantikvaren.

ADRESSE
Gråvåbakken 104, Ringebu

VERNESTATUS
Automatisk freda

PROSJEKTET
Ringebu kirkelige fellesråd, Riksantikvaren, Bygningsvernhuset AS, Borgedal Byggservice AS

KONTAKT
Ringebu kirkelige fellesråd v/Lars Myhre

Ringebu Stavkyrkje, 1900-1910 Foto: C. Christensen Thomhav, Riksantikvaren

Historikk

Ringebu stavkyrkje frå omkring 1220 er den einaste stavkyrkja i Gudbrandsdalen som står på sin opphavlege plass. Kyrkja høyrer til Borgundgruppa, og er ei av dei få store stavkyrkjene vi har att. Ho er ei treskipa langkyrkje med eit heva midtrom bore av 18 stavar. Kyrkja har vore i samanhengande bruk frå byrjinga av 1200-talet. Ringebu stavkyrkje vart bygd i ein periode som både økonomisk og kyrkjeleg var ei stordomstid i vår historie, og i 1631 vart kyrkja utvida. Då vart det bygd nytt tverrskip på eigne svillar, med vingar i nord og sør samt eit nytt kor med sakristi, og våpenhus. Samstundes vart det reist eit tårn.

Gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram vart omfattande arbeid utført på taket til kyrkja, samt restaurering av kyrkjekunsten, i perioden 2010-2015.

Smart utnytting av plassen: Ved å svinga rampa rundt hjørnet og langs sideveggen til våpenhuset, fekk ein tilstrekkeleg plass.

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Utfordringer og løsning

Hovudinngangen til kyrkja hadde frå før ei steintrapp og ei noko provisorisk rampe i strekkmetall. Rampa var for bratt, hadde ikkje rekkverk på utsida, og utforminga var ikkje tilpassa den freda bygningen. Reposet på trappa var for lite med tanke på breidda til rampa, og å kunna snu her med rullestol. Det var ønskjeleg å få ei meir permanent løysing med ei betre tilpassa rampe. Med dette var det òg naudsynt å gjera justeringar av trappa.

Utforming av trapp og rampe vart utført i samråd med, og godkjend av, Riksantikvaren. Materiala er tørrmura stein, slik den tidlegare trappa òg var, og rekkverka er laga i smijarn. Stein frå den tidlegare trappa er brukt oppatt i den nye, og supplert med lokal stein av tilsvarande type. På utsida har trapp og rampe fått rekkverk, medan inn mot veggen har rampa berre ein låg styrekant i smijarn. Trappa har eit rekkverk i tre på innsida av døra til våpenhuset, som står ope når trappa er i bruk.

Den tidlegare, mellombelse rampa inn til kyrkja.

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Det er trongt mellom kyrkja og dei næraste gravplassane. Samstundes treng ein å kunna køyra både bårebil og mindre brøytereiskap rundt kyrkja. Ein hadde difor avgrensa plass til å plassera rampa som treng ei viss lengde for å ikkje bli for bratt. Rampa skal og ha ei viss breidde. Ved å svinga rampa rundt hjørnet og langs sideveggen av våpenhuset fekk ein nok plass til å oppfyll minimumskrava til universell utforming av gangtilkomst.

Med denne løysinga har ein fått likeverdig tilkomst til hovudinngangen av stavkyrkja. Materialbruken er underordna og samstundes tilpassa bygningen. Gode handverkarar var avgjerande for å utføra ein såpass grov konstruksjon med tilstrekkeleg presisjon.

Ringebu stavkyrkje er bygd ca. 1220, og utvida i 1631. Foto: Josefine Rockett Westre

Gjenkjennelege materiale: Til rekkverk og styrekant er det brukt svartlakkert smijarn.

Foto: Ingebjørg Øveraasen

Læringspunkter

  • Ein fann plass til å legga universelt utforma gangtilkomst til hovudinngangen, for å få ein likeverdig tilkomst.
  • Stein frå den tidlegare trappa kunna brukast om att.
  • Presisjon i både prosjektering og utføring var avgjerande suksessfaktorar.

Lignende eksempler