Istandsetting

Ny fasadepuss etter gamal oppskrift

Foto: Frida McIntosh

Om prosjektet

Ei samansatt tilnærming av pussanalyse, arkivsøk i historiske kjelder og prøvefelt i ein-til-ein-skala, gav til saman den rette fremgangsmåten for å gjenskape den opphavelege betongpussen på Mandheimen.

ADRESSE
Ingeniør Waadens gate 8, Rjukan

VERNESTATUS
UNESCO verdensarv

PROSJEKTET
Tinn kommune Thomas Haupt,  WSP, Hilde Berntsen

FERDIGSTILT
2020

KONTAKT
Tinn Kommune

Pussflater. Ulike pussflater og strukturar er utført som brettskurt slettpuss og som handkasta grovare puss med større tilslag. Foto: Frida McIntosh

Pussprøver. Fleire pussprøver i ein til ein-skala gjorde det lettare for dei involverte i prosjektet; vernemyndigheiter, prosjekterande, byggherre og utførande, å bli einige om uttrykk og framgangsmåte. Foto: Thomas haupt

Historikk

Norsk Hydro-grunnleggjar, Sam Eyde, hadde i 1902 sikra seg Rjukanfossen og ville byggje opp eit moderne industrisamfunn i det tronge dalføret. Han engasjerte nokre av dei fremste arkitektane og ingeniørane i samtida, og i 1909 vart det oppretta eit eige byplankontor på Rjukan. Byutviklinga var basert på ein idealistisk visjon om ein heilskapleg og gjennomført by med gode butilhøve for arbeidarane.

Den nybarokke murgarden Mandheimen er teikna av arkitekt Harald Aars og vart ført opp i perioden 1913-1915. Bygningen husa ugifte arbeidarar og det vart tilbode full losji. Norsk Hydro selde Mandheimen til Tinn kommune i 1924. I 1958 fekk vestfasaden nye balkongar og ein heis vart installert på fasaden mot sør, noko som i stor grad verka inn på fasadeuttrykket. I 1963/64 vart det bygd eit tilbygg til hovudfasaden og den opphavelege symmetrien i bygningskroppen vart forringa. I seinare år har Mandheimen vore både aldersheim og asylmottak. Funksjonane har hatt liknande krav til plan og logistikk, så den opphavelege planløysinga, med enkle rom langs ein korridor, og fellesareal, har i all hovudsak stått uforandra gjennom åra.

Planen var å halde fram med asylmottak då det vart sett i gang planlegging av eit rehabiliteringsprosjekt av tak og fasadar. Under planlegginga, ramma ein brann takkonstruksjonen. Brannen gjorde stor skade på huset, og  rehabiliteringsprosjektet vart satt på vent. Samtidig avgjorde UDI at asylmottaket skulle leggjast ned. Ein måtte no tenkje nytt. Etter ombygging og tilpassing innvendig, og omfattande rehabilitering av både konstruksjon og fasadar, rommar bygningen i dag omsorgsbustader og kontor.

Arkivsøk. Ein gjekk til arkiva for å finne kunnskap om korleis arkitekt Harald Aars hadde tenkt i 1913: «De paa tegningen tonede flater, saasom frontpartiet, terrassen, partiet rundt 1ste etages vinduer, enkelte vindusindramninger, hovedgesims samt de 3 gavlpartier skal grovpudses, medens de øvrige flater bliver at finpudse». Denne spesifiseringa vart brukt som grunnlag for arbeidet med pussen også i 2019.

Utfordringar og løysingar

Då totalrehabiliteringa av bygningen var under prosjektering og planleggjing, vart det tidleg klart at ein ønskja å tilbakeføre den opphavelege pussen, slik at bygningen fekk tilbake det opphavlege fasadeutrykket sitt. Dei store fasadane har slette veggflater som er delt inn i framheva område med naturstein og strukturert puss. Ein slik fasadeuttrykk er karakteristisk for barokke og ny-barokke bygningar.

Etter brannen vart det gjennomført betongundersøkingar. Dei avdekka at store delar av armeringa låg i kloridhaldig betong, noko som utsett armeringsjernet for korrodering. Det vart avgjort at betongkonstruksjonen måtte rehabiliterast, og ei slik rehabilitering må skje frå utsida, altså frå fasadane. Det var ikkje mogleg å rehabilitere betongkonstruksjonen utan å fjerne pussen på alle betongelementa. All puss måtte altså fjernast og heile bygningen pussast på nytt.

Mandheimen er bygd opp med søyle-dekke-konstruksjon av armert betong, med dragarar i ytterveggen og midtaksen. Pussen vart ført direkte på mursteinen (Leanstein) og betongoverflaten. Tekniske undersøkingar gjort av konservatorar synte at den opphavelege pussen var ein rundt 15 millimeter tjukk kalk-sementpuss, utan overflatebehandling. Det vil seie at Mandheimen stod ubehandla og med eksponert pussoverflate frå 1914 til minst 1930-tallet. I 1958, då bygningen vart bygd om til aldersheim, vart fasadane slemma med ein okerfarga heildekkjande mørtel. Med konserveringstekniske undersøkingar på staden, og tynnslipundersøkingar på laboratoriet, vart den originale pussen analysert. På bakgrunn av dette, og med informasjon frå arkivsøk, vart ein ny puss nøyaktig spesifisert.

Historiske bilete av Mandheimen syner tydelege horisontale striper i pussen. Slike striper er både resultat av ulike materialar under pussen, som anten betong eller Leanstein, men kan òg skyldast plassering av stillas under arbeidet, og metode for kasting, rapping, av pussen. Det vart laga fleire prøvefelt, der ein testa ut kva pussoverflater som likna mest på dei originale overflatestrukturane. Desse ein-til-ein-prøvefelta var til stor hjelp når alle dei involverte i prosjektet skul bli samde om materialsamansetninga og framgangsmåten.

Det vart vurdert om ein ny puss kunne har blitt lagt på eit isolasjonssjikt på utsida av fasaden, men viktige karakteristiske arkitektoniske stilelement ville då ha gått tapt.

Ein gjekk til arkiva for å finne kunnskap om korleis arkitekt Harald Aars hadde tenkt i 1913: «De paa tegningen tonede flater, saasom frontpartiet, terrassen, partiet rundt 1ste etages vinduer, enkelte vindusindramninger, hovedgesims samt de 3 gavlpartier skal grovpudses, medens de øvrige flater bliver at finpudse». Denne spesifiseringa vart brukt som grunnlag for arbeidet med pussen også i 2019. Dei slette flatene vart brettskurt med fint tilslag, medan dei grove flatene vart handrappa med grovare tilslag.

Eit bilete av Mandheimen frå tidleg på 1920-talet, syner tydelege horisontale striper i pussen. Foto: Norsk industriarbeidermuseum
Pussflater og granittstein gjev liv til fasaden. Utført etter anvisning frå arkitekt Harald Aars i 1913. Foto: Frida McIntosh

Læringspunkter

Konserveringstekniske undersøkingar og studie av historiske fotografi og andre arkivkjelder, er grunnleggjande og utfyllande metodar brukt for å finne fram til opphaveleg fasadeuttrykk. Men sjølv om ein har gode kjelder for korleis ein bygning opphaveleg har sett ut, er det ikkje alltid like enkelt å finne akkurat den rette pussen, fargen eller teknikken som skal til for å attskape uttrykket. I større rehabiliteringsprosjekt er det mange involverte, og fleire ulike oppfatningar om kva som kan vere den rette løysinga. Prøvefelt av ein viss storleik, er eit veldig godt og effektivt hjelpemiddel for å samanlikne dei ulike alternativa, og vil gjere det enklare for dei involverte å einast om ei god løysing.

Lignende eksempler