Istandsetting

Arkivsøk og elektrokjemisk reparasjon redda betongbygningen

Foto: Thomas Haupt

Om prosjektet

Det er mange måtar å rehabilitere betong på. Betonganalysar og historiske kjelder avdekka viktig informasjon som låg til grunn for val av metode og framgangsmåte når betongfasadane i Mandheimen skulle rehabiliterast.

ADRESSE
Ingeniør Waadens gate 8, Rjukan

VERNESTATUS
UNESCO verdsarv

PROSJEKTET
Tinn kommune, Stærk og Co Jan Lindland og Hartvig Angell Johnsen,
WSP Liv Odden, Millab Consult AS Iain Miller

FERDIGSTILT
2020

KONTAKT
Tinn Kommune

Meir om betongrehabilitering

Friskmeld. Ferdig betongfasade med puss. Foto: Frida McIntosh

Brann – og frostskadar. Den låge vintertemperaturen førte til at bygningen fekk store frostskadar då vatnet frå brannsløkkjinga fraus. Foto: Eli Samuelsen

Historikk

Norsk Hydro-grunnleggjar, Sam Eyde, hadde i 1902 sikra seg Rjukanfossen og ville byggje opp eit moderne industrisamfunn i det tronge dalføret. Han engasjerte nokre av dei fremste arkitektane og ingeniørane i samtida, og i 1909 vart det oppretta eit eige byplankontor på Rjukan. Byutviklinga var basert på ein idealistisk visjon om ein heilskapleg og gjennomført by med gode butilhøve for arbeidarane.

Den nybarokke murgarden Mandheimen er teikna av arkitekt Harald Aars og vart ført opp i perioden 1913-1915. Bygningen husa ugifte arbeidarar og det vart tilbode full losji. Norsk Hydro selde Mandheimen til Tinn kommune i 1924. I 1958 fekk vestfasaden nye balkongar og ein heis vart installert på fasaden mot sør, noko som i stor grad verka inn på fasadeuttrykket. I 1963/64 vart det bygd eit tilbygg til hovudfasaden og den opphavelege symmetrien i bygningskroppen vart forringa. I seinare år har Mandheimen vore både aldersheim og asylmottak. Ein brann råka takkonstruksjonen i 2016. Brannen gjorde stor skade på huset, og eit planlagt rehabiliteringsprosjekt vart satt på vent. Ei større og meir omfattande rehabilitering vart sett i gang i 2017.Etter ombygging og tilpassing innvendig, og omfattande rehabilitering av både konstruksjon og fasadar, rommar bygningen i dag omsorgsbustader og kontor.

Prøvetaking. Fenolftaleintestar vert brukt til å avgjere kor djupt inn i betongen karbonatiseringa går. Ved påføring av væske med PH-indikator, vert betongen som ikkje er karbonatisert raudfarga. Karbonatisert betong får ikkje fargeutslag. Foto: Thomas Haupt

Utfordringar og løysingar

Då betongen i fasadane skulle rehabiliterast over hundre år etter oppføring, fann ein kloridinnhald (saltar) i betongprøvane. Det var vanskeleg å forklare kvar kloridane kom frå. Det mest sannsynlege svaret fekk ein gjennom omfattande arkivundersøkingar:

«Dermed måtte både betongkonstruksjonen støpes og veggene mures opp gjennom vinteren fra nov. 1913 – våren 1914.»

I ein rapport frå byggeprosessen fann ein at betongkonstruksjonen og veggane vart reist i løpet av vinteren 1913 til våren 1914. Det er tydeleg at dei i si tid ville ha denne bygningen opp og stå så fort som mogleg. På ein plass som Rjukan, med svært kalde og frostige vintrar, har dei truleg tilsett saltar i betongen, for å unngå at vatnet skulle fryse under støypinga. Det er altså god grunn til å tru at saltinnhaldet frå analysane stammar frå sjølve oppføringa av bygningen. Og det var derfor sannsynleg at store delar av betongen i bygningen var salthaldig. Saltar i betongen kan føre til det vi kallar armeringskorrosjon, det vil seie ei opptæring og redusering av armeringa. Dette ser vi gjerne som rust. Redusert armering fører til redusert bereevne, og over tid vil faren for samanbrot auke.

I tillegg til saltinnhaldet, låg armeringa i karbonatisert betong. Karbonatisering er ei av dei vanlegaste årsakene til skadar på armert betong. Karbonatisering tyder overordna at karbondioksid i lufta treng inn og forureinar betongen, slik at armeringsjernet etter kvart ligg blottstilt for korrosjon. Karbonatisering skjer på sikt med all betong eksponert for luft (karbondioksid), men i kombinasjon med saltinnhald, oppstår skadane fortare og kan bli omfattande.

Prøvetakinga, analysane og arkivsøka låg saman til grunn for val av ein kombinert rehabiliteringsmetode; elektrokjemisk behandling med kloriduttrekk, etterfølgd av reakalisering. Kloriduttrekk og realkalisering er elektrokjemiske metodar som staggar og forhindrar armeringskorrosjon i betong, ved at ein etablerer likestraumsfelt mellom armeringa og ein mellombels anode. Metodane reparerer og forsterkar den eksisterande betongen for framtida. Metodane kan vere særs aktuelle på konstruksjonar der mekanisk reparasjon inneber å fjerne store mengder betong, og dermed vert for omfattande. Dette gjer dei godt eigna for rehabilitering av freda betongkonstruksjonar.

I tillegg vart det avdekka områder med lite armeringsoverdekking, altså eit for tynt lag med betong over armeringsjernet. Desse områda vart utbetra med mekanisk reperasjon, altså ved at ein fører på ekstra lag med betong der overdekkinga er for tynn.

Meir inngåande informasjon om betongeigenskapar og ulike rehabiliteringsmetodar kan ein finne i Riksantikvarens rettleiar Betongrehabilitering.

Mandheimen i 2015. Foto: Telemark Museum

Lærepunkt

Alle betongkonstruksjonar forvitrar naturleg, og vil trenge rehabilitering over tid. Gode betonganalysar kan avdekke problemområde og er grunnleggjande i betongrehabiliteringsprosjekt, men for å stille den rette diagnosen for Mandheimen, vart òg arkivsøk i historiske kjelder viktig. Her fann ein sannsynlege årsakssamanhengar, noko som gjorde det lettare å finne den rette kuren.

 

 

Forfattar: Riksantikvaren,

Kjelde: Thomas Haupt

Lignende eksempler