Om prosjektet
For å møte tryggleikskrav til trapper måtte rekkverket i det freda universitetsbygget sikrast. Eksempelet viser korleis rekkverk med stor avstand mellom vertikale spiler kan sikrast, utan at opplevinga av det opphavlege rekkverket og trapperommet går tapt.
ADRESSE
Geofysisk Institutt, Allégaten 70, Bergen
VERNESTATUS
Forskriftsfreda
PROSJEKTET
Universitetet i Bergen i samarbeid med tidl. seniorarkitekt ved UiB, Åse Tveitnes
KONTAKT
Universitetet i Bergen
Historikk
Geofysisk institutt er teikna av arkitekt Egill Reimers i ein stram form i nyklassisk stil. Det monumentale anlegget kom til i to byggetrinn, midtbygget i 1928, og dei to planlagte sidefløyene vart ikkje bygt før 1951. Anlegget markerer enden av ein akademiske akse langs Nygårdshøyden.
Trapperom: Sikring av trapperom er eit vanlig tiltak i freda bygningar. Det er viktig å velje ei løysing som ikkje fører til store inngrep i det opphavlege rekkverket. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Utfordringar og løysingar
Det opphavlege rekkverket er luftig med elegante spiler. For å oppretthalde det lette utrykket valde ein å montere eit pleksiglas på innsida av rekkverket. Pleksiglaset er festa med forholdsvis små brakettar som gir avstand mellom dei opphavlege spilene og det nye glaset. Resultatet er eit diskret tillegg som underordnar seg det opphavlege rekkverket.
Læringspunkt
Sikring av rekkverk er eit vanleg behov i freda og verna bygningar. Krav i teknisk forskrift ikke var gjeldende på tidspunktet trappene ble oppført. Forskjellige trapper krev ulike typar løysingar, sjå eksempelsamlinga sine andre eksempel for trappesikring.