
Om prosjektet
Rekkverket var for lågt, og avstanden mellom balustrane for stor på marmortrappa i KODE. Dette vart løyst med ei glasplate langs trappa, dels på innsida, dels på utsida av rekkverket.
ADRESSE
Nordahl Bruns gate 9, Bergen
VERNESTATUS
Vern PBL
PROSJEKTET
KODE, Kunstmuseene i Bergen i samarbeid med Multiconsult.
KONTAKT
KODE, Kunstmuseene i Bergen.
Rekkverket er brukt i trappene og rundt atriumet. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Det opphavlege rekkverket er for lågt og med for stor avstand mellom balustrane sammenlikna med dagens tryggleikskrav. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren
Historikk
Bygget som i dag blir kalla KODE 1 stod ferdig i 1896 som lokala for Vestlandske Kunstindustrimuseum. Det er teikna i nyrenessansestil av arkitekt Henry Bucher, og fekk tilnamnet Permanenten. Fasaden er utført i raud tegl og naturstein, og med ei dobbel granitt-trapp som fører opp til dei tidlegare inngangsdørene, framstår han som ein av dei viktigaste og mest monumentale fasadane mot byrommet som utgjer Byparken i Bergen.
Utfordringar og løysingar
Marmortrappa er eit sentralt element i bygningen. Det låge rekkverket var likevel ikkje sikkert eller brukarvennleg. Det er vanskeleg å tilføre noko nytt til eit element som har eit så tydeleg formspråk og materialitet, slik som marmorbalustrane i trappa. Løysinga vart eit nytt material, plassert parallelt med rekkverket for å unngå inngrep i marmoren. Glasrekkverket er eit forsøk på å underordna seg eksisterande rekkverk, og fristiller seg frå det ved å vere innfesta i golvet eit stykke unna.
I teknisk forskrift er det krav til rekkverkets høgde, klatrepotensial og avstand mellom vertikale element. Det kan dispensere frå slike krav i verneverdige bygningar, men særleg i arealer med stor grad av offentleg bruk er dette ikkje ynskjeleg.
Læringspunkter
Når slike tiltak er nødvendig er det viktig å vurdere plasseringa nøye, slik at tillegget blir minst mogleg synleg og inntrykket av trappa blir tatt vare på.