Ombruk

Restauranten Bien var opphavleg eit apotek

Den opprinnelige disken sett framifrå med restauranten godt synlig i bakgrunn. I taket henger fem lamper med glasskuppel.
Apotek Bien. Apotekinteriøret er godt bevart, samtidig som nye møblar og funksjonar har kome til i restauranten. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Bien er ein viktig del av kulturmiljøet på Danmarksplass der det opphavlege apoteket hadde eit svært godt bevart funksjonalistisk interiør. No er lokalet omgjort til restaurant, med skånsame tillegg og utan store inngrep i det freda interiøret.

ADRESSE
Fjøsangerveien 30, 5054 Bergen

VERNESTATUS
Freda interiør

PROSJEKTET
Kunsthistorikar Espen Stange og møbeldesignar Svein Petter Knudesen

KONTAKT
Vestland Fylkeskommune

Et av resturantens nye bord med tilhørende stoler. De opprinnelige hyllene er fylt med historiske objekter.
Den endrede disken sett fram ifrån. med baren synlig bakgrund. to dører leder til kjøkkenet på hver side av disken. Disse har glassvidu.

Interiøret i flammebjørk er rehabilitert med tradisjonelle produkt og metodar. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Den opphavlege reseptdisken har fått ein ny bruk som bar. Med eit enkelt tillegg har den fått riktig arbeidshøgde. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

På Danmarksplass i Bergen ligg eit anlegg frå 1936 som er teikna av bergensarkitekten Ole Landmark. Murgardane på 4-5 etasjar inneheld butikkar, kontor og bustadar. Apotek Bien blei etablert i 1939. Interiøret er teikna av Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø i ein funksjonalistisk stil. I 1993 blei interiøret freda. Lokalet var i bruk som apotek fram til 2001, og etter nokre år som kiosk blei det i 2006 rehabilitert og gjort om til Bien bar og restaurant.

Apoteket Bien utgjer eit karakteristisk eksempel på eit funksjonalistisk butikkinteriør. Samanstillinga av rette og bua linjer og bruken av geometriske former er typiske for formspråket i funksjonalismen. Dette kjem tydeleg fram både på fasaden, i planløysinga til interiøret og i møblane. Det opphavlege interiøret er utført i flammebjørk der skranken og arbeidsbenkane er kledt med sort linoleum. Materialvalet, med bruken av stålrøyr og kontrasten mellom treverket og dei sorte flatene, er også karakteristisk for perioden.

Bien ligg i eit trafikkert område på Danmarksplass som blei oppført i ein funksjonalistiske stil. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Trikken går tett forbi bien. fasaden er utført i pussa mur i mørkegrå og hvit. lenger bort i gaten ligger forum scene.

Utfordringane og løysinga

Utfordringa i lokalet var å få på plass ein ny funksjon som var veldig annleis enn den opphavlege funksjonen som interiøret blei bygd for. Intensjonen var heile tida å vareta mest mogleg, samtidig som det også var eit behov for å flytte og bygge om noko av iventaret.

Den opphavlege bruken av apoteket var delt i to soner ved hjelp av ein lang disk med dei ansatte på den eine sida og dei besøkande på den andre. For å gjere heile lokalet tilgjengeleg har ein utvida den eksisterande åpninga i ekspedisjonsdisken og etablert ein bar inst i lokalet. Bardisken er den opphavlege reseptdisken, tilpassa med eit nytt overstykke i metall. Gjennom enkle grep har ein dermed klart å tilpasse dei plassbygde møblane til den nye bruken.

Eldre bilder som viser Bien i bruk som apotek. bildet viser disken. to kunder bli betjent.
Bien apotek stengde i 2001, men det funksjonalistiske interiøret er framleis tilgjengeleg for besøkande. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren

Læringspunkt

Endringar i verdifulle og sårbare interiør må vurderast nøye slik at viktige element eller opplevingsverdien i interiøret ikkje går tapt. Restaurant Bien viser at ny bruk også kan tilpassast i heilskaplege miljø. Ved å bruke det eksisterande utgangspunktet som ein ressurs, og foredle det i staden for å skifte det ut, kan vi tilføre ein verdi i staden for å svekke han. Ombygginga av den opphavlige disken til bar er eit godt eksempel på dette.