Ombruk

Restaurant i kommandantbustad på freda festning

Kongsvinger festning. Kommandantboligen. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

På Kongsvinger festning er det no eit historisk hotel med restaurant i kommandantbustaden. For å mogleggjere moderne restaurantdrift i det freda bygget er det gjort smarte grep som skånar det mest sårbare interiøret for krevjande installasjonar.

ADRESSE
Kongsvinger Festning

VERNESTATUS
Freda

PROSJEKTET
Forsvarsbygg i samarbeid med Lerche Arkitekter

KONTAKT
Forsvarsbygg

Innvendig er det gjort skånsame endringar for å tilpasse kommandantbustaden til restaurantdrift. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Fleire sikringstiltak og tekniske oppgraderingar er utført, men dei har medført små endringar i interiøra. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Historikk

Kongsvinger festning er eit godt bevart festningsanlegg med høg historisk verdi. Det freda anlegget ligg strategisk til på ei høgde sentralt i Kongsvinger med godt utsyn over byen og mot Sverige. Anlegget innanfor festningsmurane består i dag av 10 bygg. Alle bygningane er oppført i mur, i hovudsak granitt- og naturstein, bortsett frå Kommandantbustaden frå 1683 som er eit bindingsverksbygg kledd i panel. Bindingsverkskonstruksjonar dukkar sjeldan opp utanfor Oslo og var svært uvanleg i Kongsvingerdistriktet på denne tida.

Tegningen viser kommendantsboligen i 1757, kjelleren er nå åpnet for publikum. Foto: Riksantikvaren

Utfordringar og løysingar

For å møte dagens tekniske krav som stillast til serveringsstader var det nødvendig å gjere omfattande tilpassingstiltak i bygningen. Krevjande funksjonar blei plassert i sekundærareal, for å skåne praktsalane så mykje som mogleg. Restaurantkjøkkenet blei plassert i eit lite tilbygg, medan kjølerom og lager blei plassert i kjellaren. I det kvelva rommet i kjellaren har det også kome inn ein vinkjellar.

Sjølv om bygningen har gått gjennom mange endringar sidan byggeåret er den opphavelege strukturen i stor grad bevart. Den eksisterande romløysninga fungerte godt til ny restaurantbruk. For å støtte restaurantdrifta er det etablert eit lite anretningsrom som ikkje har ført til store endringar i det freda interiøret. I samband med tilpassinga til ny bruk er alle overflatar satt i stand og salane har fått ei teknisk oppgradering med nytt elektrisk anlegg og brannsikring. Ved å legge dei tekniske føringane på loftet blei sprinkleranlegget lite synleg i dei freda interiøra og berre dysene er synlege.

Læringspunkt

Det er utfordrande å plassere eit restaurantkjøkken i sårbare rom og det er difor viktig at ein vurderer bygget sine areal nøye for å unngå store endringar og inngrep.

Dei tekniske føringane til sprinkleranlegget er lagt på loftet slik at kun sprinklerhovuda er synlege i interiøret. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Lignende eksempler