Ombruk

Historisk fyr har blitt hotellrom

Molja ligger plassert lengst ut på moloen i innseglingen til Ålesund.
Molja Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Om prosjektet

Molja fyr er eit lite ombruksprosjekt med særpreg. Det gamle fyret ligg synleg til ved innseglinga til Ålesund. Interiøret er skånsomt tilpassa bygget sin nye funksjon som eksklusivt hotellrom knytt til Brosundet Hotel.

ADRESSE
Molja, Molovegen 7, Ålesund

VERNESTATUS
Regionalt verneverdig

PROSJEKTET
Hotel Brosundet i samarbeid med Ålesund havnevesen og Snøhetta

KONTAKT
Hotel Brosundet

Bilde av oppredd seng utsikt over mot havet gjennom vindu på venstre side.
Fotografi som viser fyret i sin helhet. Fasaden er malt rød, et anker ligger plassert i forgrunnen til bilde.

Hotellrom med utsikt: Det nye hotellrommet er lite og intimt med utsikt over innseglinga til Ålesund. Foto: Garde Arkitekter/Snøhetta

Signalbygg: Fyret er eit lite signalbygg i Ålesund, plassert lengst ut på moloen som er kalla Molja. Foto: Frida McIntosh, Riksantikvaren

Historikk

Molja er det sunnmørske ordet for Molo. Fyret er oppført i 1858, og hadde tidlegare eit lite vaktrom knytt til sjølve lykta. Fyret blei gjort om til fyrlykt og blei ubemanna allereie i 1889. Hotel Brosundet har inngått ein leigeavtale på 99 år med Ålesund kommune og Kystverket.

Baderommet: Badet er plassert i 1. etasje. Til tross for lite plass har ein klart å få mykje ut av rommet. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Fotografi av baderommet, På bilde vises vask, dusj og toalett. Badrommet har et lite vindu som er foliert slik at det beskytter mot innsyn.

Utfordringar og løysingar

Den opphavelege bruken av fyret er ikkje lenger aktuell og bygget hadde lenge stått tomt. Fyret hadde ein del inventar som blei fjerna for å mogleggjere den nye bruken, men inventaret har blitt lagra slik at fyret kan tilbakeførast til opphavleg tilstand dersom det blir aktuelt i framtida. Arealet i fyret er knapt, så for å få plass til nødvendige funksjonar har ein bygd eit nytt og spesialtilpassa interiør. Løysinga blei eit lite bad i underetasjen og sengeplassar i overetasjen. Det nye interiøret er utført i tradisjonelle materialar og malt med linoljemaling.

Trapp opp til soverommet: Interiøret er mala med linoljemaling i ein historisk palett. Foto: Aase Hogfeldt-Eskevik, Riksantikvaren

Trappen opp til soverommet er malt i lyseblå, veggene har en varm gul perlestaffpanel. Trappen smalner av mot toppen.

Læringspunkt

Nye og overraskande funksjonar i historiske bygg gjev spanande opplevingar. Ved hjelp av ein god arkitekt og snikkar kan ein få til spesialtilpassa interiør, sjølv på små og utfordrande areal.

Tegning. Plan, snitt og oppriss av fyren med det nye hotellrommet
Molja Ved å spesialtilpasse interiøret har man fått rom til mye på liten plass. Foto: Snøhetta / Garde Arkitekter